Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Bombet hus i Harstad, 1940.
Foto: Ukjent
NEG 129 Krigstradisjon er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1979 med tittel Krigstradisjon. Utsendar var Bjarne Hodne.   Les mer …

Stabbur og jordkjellar på Teigen i Klæbu.
Foto: Astrid Grendstad
(2014)
NEG 91 Vern mot frost er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1962 med tittel Vern mot frost. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Elgjegerar i Østerdalen vender heim.
Foto: "Nordiska taflor" s. 175, utgitt 1875
NEG 85 Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1961 med tittel Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Norsk skogbruksmuseum. Denne spørjelista har samanheng med NEG 84 Fangst og NEG 83 Jakt frå 1961.   Les mer …

Regnskapsbok for Holm treskelag 1950, Skedsmo.
Foto: Hans G. Molvig
NEG 53 Tresking 2 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Tresking. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut som del 2 av 3 av spørjelistene som har tresking som emne. Sjå også NEG 52 Tresking 1 og NEG 54 Treskje- og reinskemaskinar.   Les mer …

Festtoget for Fridtjof Nansen og Grønlandsfarerne på veien gjennom Akersgaten (nr18-22), Kristiania. På den første vognen er en vikingbåt, på den andre en utstoppet isbjørn, på den tredje er skiutstyret. Folkemengden er samlet tett langs veien og mange sees på balkongene.
Foto: Hans Holterman Abel/Nasjonalbiblioteket
(1889)
NEG 165 Leveregler og forbilder er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1993 med tittel Leveregler og forbilder. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander.   Les mer …

Dyrskuplassen ved 50-års jubileet for Dyrsku'n i Seljord i 1916.
Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum
Dyrsku'n i Seljord eller Seljordutstillinga Dyrsku'n er ei årleg landbruksmesse som blir arrangert over tre dagar den andre helga i september på Dyrskuplassen i Seljord i Telemark. Dyrsku'n vert arrangert og drifta av Dyrsku'n Arrangement AS som eigast av stiftinga Seljordutstillinga Dyrskun, der Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap er stiftarane.Dyrsku'n hadde sine røtar i fesjåa som vart avvikla på ein rekkje stader i heile Vest-Telemark på 1850-tallet. Fesjåa hang saman med fedriftene som gjekk frå Setesdalen og austover. I Telemark var statsagronom Johan Lindeqvist som tok initiativ til fesjåa. Han hadde reist rundt i fylket for å undersøke korleis det stod til i husdyrbruket, og fann at det stod dårleg til. Han ville setje fokus på fôring, reinhald og avl. På fesjåa møtte bøndane fram for å handle og selje dyr, og dette var eit ypperleg høve til kunnskapsformidling. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under fesjåa.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar