Forside:Heimar og folk i Bykle: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 25: Linje 25:
{| width="100%" class="forside" style="background-color: #e4dfca"
{| width="100%" class="forside" style="background-color: #e4dfca"
|-
|-
{{#ifexist: {{FULLPAGENAME}}/Interne ressurser | {{Forside interne ressurser}} | }}
!'''Sjå også:'''
|-
| class="padded"|{{:{{FULLPAGENAME}}/Interne ressurser}}
|-
| &nbsp;<noinclude>
|-
|-
!Eksterne ressursar
!Eksterne ressursar

Sideversjonen fra 16. okt. 2014 kl. 11:49

Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Hytta i Lii 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.

Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.

  • Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888.   Les mer …

Lii 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Lii ligg heilt på kanten av Gunhildsdjuvet ned mot Otra i Bykle. På vestsida grensar det mot Storemyr, i nord mot Innistog og Kosi, og på austsida er Haugebakk næraste grannen.

I den gamle gards- og ættesoga (133) les me at «Arne [Knutsson Byklum] kjøpte bruket frå Utestog i 1876. Dette er fyrste opphavet til Lii.» Det er rett at Arne Knutsson Byklum kaupte bruket av Utistog, men det var ikkje i 1876, og han var heller ikkje den fyrste som budde her. Opphavet til bruket var at Ånund Eivindsson Stavenes og familien hans sette seg ned som husmannsfolk her, og dette var i 1875.

Ånund Eivindsson Stavenes og Birgit Oddsdotter Byklum

Ånund var son åt Eivind Ånundsson Stavenes i Stigamidjom, gnr 17, bnr 20, og kona, Åse Tarjeisdotter. I den gamle boka (145) er Ånund og familien å finne under «Kosi, gnr 14, bnr 15». Nå er Kosi bnr 28, ikkje bnr 15, men det er heilt rett at Ånund også var den fyrste ein kan vita budde på den plassen. Men ettersom han var i Lii fyre han flutte til Kosi, har me valt å omtale han her. Etter dei namnereglane me har freista å fylgje i det meste av denne boka skulle Ånund ha vorte kalla Ånund E. Stigamidjom, men ettersom han heile livet nytta etternamnet Stavenes, skal me gjera det same:

  • Ånund Eivindsson Stavenes, f 1830, d 1903
g 1857 m Birgit Oddsdtr. Byklum, f 1833, d 1891.   Les mer …

Xylografi av August Schneider i Skilling-Magazin 1866. Teiknaren har teke seg ein del kunstnarleg fridom, skjønar me, men den næraste garden lyt vera Utistog, og det neste tunet er Innistog. Leonhard Jansen skaffa kopien av biletet.

Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda.

Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.»

Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder.   Les mer …

Løyning 1967. Dei gamle plassehusa brann, så det som står att er berre ei høyløe. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Løyning låg oppi skogen eit par km nordaust for Tveiti i Bykle kommune, og helst noko løynleg. Alfred Ryningen meiner dette er forklaringa på namnet (h.oppgv., 56). Mest truleg var staden opphavleg heimestøyl for Ryningen, slik at her var ein støylsvoll og kanskje ei bu eller to då det byrja å verta fastbuande folk her.

Akkurat kva tid dette var kan me ikkje vita, men innførslene i kyrkjeboka tyder på at det var ein gong i åra 1826 til 1828. Dei som slo seg ned her var ei dotter åt Salmund Snæresson Ryningen og mannen hennes:

  • Margit Salmundsdtr. Ryningen, f 1806, d 1862-65
g 1826 m Olav Olavsson Skolås, f 1797, d Konsmo 1862, utflytt til Bjelland med kone og born 1846.   Les mer …

Våningshus og lopt i Midbø Breive 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Midbø eller Der sø er bruksnummer 7 på matrikkelgarden Breive i Bykle kommune. I artikkelen om matrikkelgarden har me peika på at den fyrste delinga av Breive var ei todeling, og at dei to einingane som kom fram ved denne delinga vart kalla Der nor (eller Nor i stoga) og Der sø (eller Su i stoga). Sidan vart båe desse dela på nytt, og dei gamle namna svara ikkje lenger til det lægjet bruka hadde i tunet. Då vart Der nor av uti Der inne (og seinare Haugen), medan Su i stoga eller Der sø vart til Midbø. Me har kome til at bruket her er det nest eldste, eller, om ein vil, det som vart fyrst utkløyvd frå den udela garden. Den fyrste kjende oppsitjaren på denne eininga var ein mann som heitte Salmund. Johannes Skar har ei forteljing etter Svein Hovden om ein med det namnet, og Olav Bø har kome til at dette må vera den same Salmund-en som er den fyrste me kjenner frå skriftlege kjelder. I kommentaren sin til denne soga (Gamalt or Sætesdal III, 340) peikar Bø på at «forteljinga er mykje blanda med andre forteljngar om storskyttarar, m.a. Dyre Vaa frå Telemark og Per Gynt frå Gudbrandsdalen» og at «alle desse er historiske personar frå omlag same tida». Vidare er også «mykje folketru om jakt og veiding blanda inn i segnene om Salmund», seier han.   Les mer …

Utistoga (Flaten) 5. august 2005.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Utistoga eller Flaten er bruksnummer 6 på Breive i Bykle kommune.

Gyrid Torbjørnsdotter og Knut Monsson i Der sø åtte ei samla skyld på tre kalveskinn. I 1814 overdrog dei den eine halvparten av eigedomen sin, det var Der sø, til eldstesonen Knut Knutsson, og sidan sat dei med Utistoga til dei i 1828 tok foddog og overdrog bruket her til den neste sonen i rekkja.Margit B. Breive var frå Gunvaldjord i Haukeli, dotter åt Bjørgulv Jonsson Ormekvålen på den garden og kona, Åsne Haraldsdotter, fødd Kili.

Yngstesonen Torbjørn gifte seg i 1877 med Magnhild, yngste dotter åt den kjende rosemålaren Aslak Ånundsson Vasshus, som måla i Bykle kyrkje i 1826. Aslak var frå Rauland, men budde på ein plass under Haugåsmo i Grungedal, som dei kalla Lunelii. Magnhild var fødd der i 1848, to månader etter at faren døydde. Ho vaks opp med mora og syskena på ein annan plass i Grungedal som heitte Neset. «Det var so vene og snjaale nokre born. Skøyarar var dei nok, dei kalla deim Nesa-revine», skriv Rikard Berge (Vinje og Rauland IV, 326).   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest