Forside:Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Om Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer ...

 
Smakebitar
Bauta reist til minne over Knut Gjengedal.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Knut Andreas Gjengedal (født 17. oktober 1900, død 14. februar 1973) var ein lærar og forfattar frå Hyen i Gloppen kommune. Han budde i heimbygda si, Gjengedal, storparten av livet sitt. Han gifta seg i 1935 med nabojenta Eli M. Gjengedal.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Skulehistorie i Solund skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Solund kommune si skulehistorie. Kommunen vart skipa i 1858 under navnet Utvær. Før dette var Solund ein del av Gulen kommune. Kommunenamnet vart i 1893 endra til Sulen, og i 1920 til Solund. I 1964 vart øya Losna overført frå Gulen kommune til Solund kommune.

Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund.

Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule.   Les mer …

Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Gamle Rand skule
Foto: Chell Hill/Wikimedia

Gamle Rand skule var det første skulehuset i Rand krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune). Huset står framleis i Randabygda i Skrede, på nordsida av Innvikfjorden. På 1880-talet vart det bestemt at det skulle byggast skule i Randabygda, og Rand skule vart plassert slik at det skulle vere kortast mogeleg for ytterkantane i bygda. Det vart målt frå Hoplandstunet, Aalandstunet og Tvinnereimstunet, og Skrede låg omlag midt mellom desse ytterkantane.

Skulehuset vart bygd av tømmer frå Randaskogane. I 1879 bles mykje av skogen ned i ein spesielt kraftig hauststorm, og dette tømmeret vart frakta den lange vegen over Holmøyskaret med hest og slede på dugnad.

Gamle Rand skule hadde eit skulerom, eit kammers, ein gang, grovkjellar og loft. Kammerset var i tid brukt som lærarbustad, og seinare til utstyrsrom. Kjellaren var liten og med jordgolv og vart brukt til lagerrom for ved. Skulerommet var stort og lyst med heile seks store vindauge. Det var ikkje innlagt vatn i huset, og dei brukte oljelamper fram til 1928 då det vart lagt inn elektrisk lys. Skulen var utstyrt med ein stor omn, dobbeltpultar, eit høgt skap for bøker og utstyr, nokre kart og ei veggtavle.   Les mer …
 
Kategoriar for Skulehistorie i Sogn og Fjordane
ingen underkategorier
 
Andre artiklar