Lokalhistoriewiki:Hovedside
Ukas artikkelSigrid Wiborg Andersen f. Wiborg i Skoger (nå Drammen) 3. juli i 1914 og døde 27. oktober 1978 på Kongsberg) var husmor og ekspeditrise.Under andre verdenskrig var hun motstandskvinne. I begynnelsen av okkupasjonen var hun kurér for ektemannen Finn Andersen, men etter at han ble skutt og drept i 1944, ble hun sambandssjef og kuréransvarlig. Ingen annen norsk kvinne nådde høyere i Hjemmestyrkenes hierarki. Les mer... Smakebiter fra artikleneSkjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut. Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja. Les mer …Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i Norges Kommunistiske Parti.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar. Les mer …
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915. Les mer … Frogner Småbruksskule låg på den gamle Frogner herregård i Gjerpen kommune og vart starta i 1923. Frogner herregård er blant gardane som vert omtalt i erkebiskop Øystein si jordebok frå 1100-talet. Garden har skifta eigarar fleire gonger. Bygningane vart oppført av Christopher Hansen Blom som kjøpte garden i 1820. Bygningane vart restaurert til skulebruk i 1922. Opptakten til skulen vart gjort i 1913 av statsminister Gunnar Knudsen. Saman med ordførar Lars Eriksen, stortingsmann Nils Skilbred, bonde Hans Edv. Ballestad og herredssekretær Jakob Myhra vart Frogner kjøpt og overdrege til Gjerpen kommune utan forteneste. Einaste føresetnad var at eigendomen skulle nyttast til småbruksskule. Skulen på Frogner vart den fyrste kommunale småbruksskulen i landet. Les mer … |
Ukas bilde
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 274 artikler og 217 701 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |