Smakebiter fra artiklene
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn
Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (
nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] (
dativ)), er ein
matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av
Stabblandet i
Tustna sokn av
Aure kommune på
Nordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå
1879–
1880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av
Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden
Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av
Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla
Nordheimsundet (før:
Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen
Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom
Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på
1900-talet var det både butikk og postkontor der.
Les mer …
Frederik Schmidt (fødd
27. mai 1771 i Asminderød på Sjælland, død
16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland) var teolog, forfattar,
eidsvollsmann og
stortingsmann. Han var oppvaksen i Noreg, og verka mellom anna som sokneprest på
Eiker i drygt tjue år før han flytta til Danmark for godt, der han var fødd og periodevis hadde opphalde seg også seinare. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert, rasjonalistisk orientert og litterært aktiv. Alt dette let seg tidstypisk godt sameine med ein romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Han var sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven.
Les mer …
Gillis Bielke.
Foto: Studentene fra 1901 (1951)
Gilles Siegfried de Ponton Bielke (født 4. juli 1881 i
Kristiania, død 15. juli 1966) var bankmann og lokalpolitiker for
Høyre i
Bærum. Han var plantasjebestyrer på
Cuba mellom 1907 og 1917 og norsk konsul i landet fra 1912. Tida beskreiv han slik i
Studentene fra 1901. «Det var ti interessante lærerike år med banan-, kokos- og kakaoplantning, kvegdrift, hugst av ceder, mahogni. (...) To revolusjoner oplevet jeg og ikke helt ublodige».
Les mer …