Forside:Militærhistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Militærhistorie
Grenaderrulle fra Lesja datert 1773.

Militærhistorie er en gren i historieforskninga som dekker alle sider ved militær virksomhet i krig og fred. Tidsmessig strekker militærhistorien seg fra den første kjente krigføringa i Norge i forhistorisk tid og fram til nåtida. Emnene som faller inn under begrepet militærhistorie er mange, for eksempel utstyr og gjenstår brukt til militære formål, personer med militær tilknytning, kriger og slag, festningsverk og militæravdelinger.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Originalteikning av ruta Armfeldt fulgte frå Sverige til Steine skanse, teikna av Johan Wilhelm Klüver.
Armfeldtfelttoget er ei vanleg nemning på krigshandlingane som gjekk føre seg i Trøndelag under Den store nordiske krigen frå september 1718 til dødsmarsjen til karolinarane over Tydalsfjella i januar 1719. Ein styrke på om lag 10 000 soldatar, i samtida og ettertida ofte kalla Jemtlandsarméen, vart våren og sommaren 1718 samla kring Duved skanse i Jemtland for å foreta eit innfall i og erobre Trøndelag som ein del av det andre forsøket av Karl XII av Sverige på å ta Noreg under denne krigen. Arméen stod under kommando av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, og felttoget har også fått namn etter han. Også under det første forsøket Karl XII gjorde på å ta Noreg, var det planlagt ein operasjon i Trøndelag, men den kom aldri i gang. Men no skulle det også opprettast ein front her, også for å forhindre at dei norske avdelingane i regionen vart sendt sørover for å forsterke forsvaret i Sør-Noreg. I utgangspunktet var Karl XIIs plan at Jemtlandsarméen skulle avmarsjere frå Duved 15. august og erobre Trøndelag innan 28. september, altså på seks veker. Det skulle altså vise seg å vere umuleg.   Les mer …

Minnestein over dei som fall i kampane i Dovre-området i aprildagane 1940
Foto: Arnfinn Kjelland
Operasjonskart IR 11 22. april
Møre infanteriregiment nr 11 (forkorta IR 11) kunne som det einaste i Sør-Noreg mobilisere tilnærma normalt i dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Regimentet skulle ved mobilisering sette opp desse avdelingane på Setnesmoen ved Åndalsnes:I tillegg fekk regimentet snart tilført ei avdeling som 9. april var oppsett i Trondheim, den såkalla magasinvakta. 23. april meldte regimentet til Hærens overkommando at det var sett opp ein ny bataljon av tilleggsmannskap frå IR 11 og Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12 (IR 12). Bataljonen hadde 3 geværkompani og 2 mitraljøsetropper, og major Alf Kjøs fra Oppland infanteriregiment nr 5 (IR 5) var sjef. Denne er seinare omskrive både som feltbataljon III (forkorta bn III) og som 4. (eller IV) bataljon av IR 11. Alle avdelingar er elles òg omskrive med namnet til sjefen (t.d. «bataljon Kjøs», «kompani Sandnes») i samsvar med eldre militær tradisjon.Regimentsstaben under regimentssjefen, oberst David Thue, etablerte 14. april kommandoplass på Horjem og vart verande der heile felttoget.   Les mer …

Dombås stasjon, bygd av tyskerne 1941 etter at den forrige brant i april 1940.
Foto: Mahlum

Bevaringsverdige krigsminner i Dovre kommune er resultat av en kartlegging utført av Dovre kommune i samarbeid med Dovre og Lesja krigsminnesamling og Oppland fylkeskommune i 2015. Hensikten er at minnene blir innarbeidd i arealplanene i kommunen. Planen er å skrive ut mer detaljerte artikler om de enkelte objektene.

1. Dombås kino
2. Hinden leir

3. Dombåshaugen. Duehuset, bunker og tårnfundament
  Les mer …

O.E.Holck. Maleri frå 1896 av H.Balling «efter et Profilklip og Beskrivelse»
Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær i krigane 1808 og 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk, i pakt med samtidas embetsmannsideal om å verke som foregangsmenn i jordbruket.   Les mer …

Nicolai Hersleb Ramm. Samtidig relieff (?). Ukjent kunstnar.
Nicolai Hersleb Ramm (fødd 4. februar 1756 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 11. september 1830Tynset) var utdanna som offiser, men var mesteparten av sitt yrkesaktive liv tilsett som skoginspektør ved Røros og Folldal verk. Han kjøpte garden Moen (Ramsmoen) på Tynset ca. 1787, og budde der til han døydde. Ramm var med og la til rette for bureisinga i Bardu på slutten av 1700-talet, der mange frå Tynset og andre stader i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen kom til å slå seg ned. Nicolai Hersleb Ramm var morfar til Nikolai Ramm Østgaard, som delvis var oppfostra hjå bestefaren på Ramsmoen. Nicolai Hersleb Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Faren var fødd i Lom, men tenestegjorde mesteparten av karrieren på Hedmarken. Mora var frå storgarden Hornnes (Kåre-Hornnes) i Skjeberg. Foreldra hennar var gardbrukarparet Ole Wetlesen (1686-1762, opphavleg frå StorerødHvaler) og Anne Halvorsdotter frå Jellestad i Berg i nåverande Halden kommune.   Les mer …

Tyske soldater på Karl Johans gate i april 1940.
Foto: Ukjent / Arbark

Andre verdenskrig, fra et norsk ståsted også kjent som okkupasjonen 1940–1945 var historiens mest omfattende konflikt. Den startet i likhet med første verdenskrig som en europeisk konflikt, men spredde seg raskt til andre deler av verden. De to hovedgrupperingene i krigen var aksemaktene Tyskland, Italia og Japan og de allierte, som omfattet Storbritannia, Frankrike, Canada, USA, Sovjetunionen, Kina og en rekke andre land.

Da det brøt ut krig på kontinentet i september 1939 forholdt Norge seg nøytralt, men som i første verdenskrig var det klart at landet hadde klare sympatier til de allierte. Nøytraliteten ble brutt ved angrepet på Norge 1940, da Tyskland uten forutgående krigserklæring gikk til angrep på en rekke norske byer den 9. april 1940. I løpet av to måneder måtte de norske styrkene kapitulere, men konge og regjering hadde innen det kommet seg i sikkerhet i England.

En fem år lang okkupasjon fulgte. I denne perioden hadde Nasjonal Samling ledet av Vidkun Quisling formelt makten i landet, mens den tyske okkupasjonsmakten representerte den reelle makthaver, Tysklands diktator Adolf Hitler.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Militærhistorie
 
Andre artikler