Kviteseid kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kviteseid kommune (Telemark)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kviteseid
0829 Kviteseid komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3821
Fylke Telemark
Kommunesenter Kviteseidbyen
Areal 623.59  km²
Areal land 623.59  km²
Areal vatn 0  km²
Folketal 2 427 (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførere

Kviteseid («Hvitesjø», eldre navn Hvidesø og Hvidesøe, også skrevet Hviteseid) er ein kommune i Telemark fylke. Han grensar i nordvest til Seljord, i aust mot Nome, i sør mot Drangedal, Nissedal og Fyresdal, og i vest mot Tokke. Høgaste punktet er Sveinsheia (1141 moh.).

Viktige næringsvegar er handel og service, skogsdrift, jordbruk, turisme og vasskraft.

Kviteseid omkransar Kviteseidvatnet. Kviteseidvatnet er tilknytta Telemarkskanalen (Bandak-Norsjøkanalen) med slusesamband heilt ned til Skien.

Kviteseidbyen

Utflytterbautaen Bylgje - stein - søyle ved Kviteseid bryggje er laga av Gunnar Torvund og vart avduka 18. juli 1992
Foto: Elin Olsen (2015)

Kviteseidbyen er kommunesenteret i Kviteseid kommune. Den idylliske tettstaden ligg attmed fjordarmen Sundkilen, som er del av Skiensvassdraget.

Kviteseid sentrum har vorte kalla Kviteseidbyen sidan 1890-talet. Det var opninga av Telemarkskanalen, med sterkt aukande trafikk av folk og gods langs vassdraget, som førte til at den vesle tettstaden med bypreg ved Kviteseid brygge vaks fram. Byen fungerte som trafikk-knutepunkt for ein større del av Vest-Telemarkregionen. Her kom fleire hotell, skyss-stasjonar, krambuar og handverkarar. Etter kvart kom også fleire regionale funksjonar som apotek, dyrlege, sorenskrivar med meir, i tillegg til kommunale kontor- og tenestefunksjonar.

Dei strukturelle endringane innan samferdselen i andre halvdel av 1900-talet, der turisttrafikken sommarstid vart Telemarkskanalens einaste funksjon, var ikkje til Kviteseidbyens fordel. Utfordringene for kommunen og næringslivet i byen vart snudd frå å tene ein vaksande trafikkstraum vassvegen, til å kompensere trafikksvikta på kanalen med trafikk via den framvaksande landevegstrafikken i Telemark.

Andre halvdel av 1900-talet gav Kviteseidbyen nye etableringar innan regional administrasjon og offentlig, regional tenesteyting. Etableringane bidrog til å forsterke Kviteseidbyen som regionalt administrasjonssenter i Vest-Telemark. Ringverkningane av desse etableringane dempa følgjane av den reduserte kanaltrafikken.

Kviteseidbyen har i dag desse funksjonane:

  • Kommunale kontor og kommunale funksjonar som helsesenter, omsorgssenter, omsorgsboligar, aldersboligar, tilrettelagte boligar for funksjonshemma, psykiatrisk dagsenter, vaksenopplæring, tilrettelagte arbeidsplassar (VTA), folkebibliotek.
  • Regionale kontor og offentlege tenester: Vest-Telemark tingrett, Øvre Telemark jordskifterett, sekretariatet for Vest-Telemarktinget og Vest-Telemarkrådet, Vest-Telemark Næringsutvikling, Vest-Telemark Næringsbygg, Vest-Telemark Etablerarsenter, Familiekontoret i Øvre Telemark, Vest-Telemark Barnevernskontor, Vest-Telemark PP-teneste, Telemark Kommunerevisjon IKS, NAV Kviteseid, Regionlensmannen for Vest-Telemark og Vest-Telemark Blad.
  • Regionale private tenester: Hovudapotek for Vest-Telemark, regionale kontor innan bank og forsikring, tannklinikk, regionkontor for avisa Varden,
  • Ei rekke handels- og serviceføretak: Dagligvarar, bokhandel, byggjevarar, klær, blomer- og gåver, frisørar, fysioterapi, elektrisk/kvit/brunvare, brukthandel, kafé med bakeriutsal, restaurant, smie og blikkenslagarverkstad, sylvsmie, gullsmed, reknskapskontor, diverse konsulentfirma, advokatkontor, IKT-føretak.
  • Bibliotek, Forsamlingslokale, kulturhus, kyrkje.
  • Anløpsstad for Telemarkkanalens turistbåtar i sommarsesongen. Gjestebrygge for småbåtane, servicebygg med dusj, vaskerom med meir, turistinformasjon med sommarkafé.

Bygder

Morgedal – skisportens vugge – ligg i Kviteseid. Morgedal hev eit museum etter skipioneren Sondre Norheim og sydpolfarar Olav Bjaaland. Kviteseid har fleire vintersportstader, blant anna Vrådal. Den olympiske elden til vinterleikane i Oslo 1952, Squaw Valley 1960 og Lillehammer 1994 vart tende i Morgedal.

Andre bygder er Brunkeberg, Fjågesund , Åsgrend, Dalane og Vråliosen.

Skular

Kommunen hev kombinert barne- og ungdomsskule i sentrum. Brunkeberg oppvekstsenter og Straumsnes oppvekstsenter er kombinerte barnehagar og barneskular. I Kviteseid ligg Kvitsund Gymnas, ein kristen, privatdreven vidaregåande skule eid av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Kviteseid Folkebibliotek

Kviteseid folkebibliotek er grunnlagt i 1895, og held til i den gamle bankbygninga frå 1911 som ligg attmed kommunehuset i Kviteseid sentrum.

Kjente kviteseidingar

Statue av Sondre Norheim med utsyn over Morgedal i Kviteseid kommune, laga av Knut Skinnarland og avduka i 1988. Ein identisk statue står i Minot i North Dakota.
Foto: Elin Olsen (2015)

Sjå også

Vegar i Kviteseid kommune

Kjelder og litteratur



Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Kviteseid kommune» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.

Koordinater: 59.40195° N 8.49456° Ø