Nordtveiti (Bykle gnr 11/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordtveiti
Tveiten 24.jpg
Nordtveiti 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe
Rydda: omkr. 1640
Utskilt: 1645
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 11
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Nordtveiti ligg oppi lia på vestsida av Heimtveiti i Nordbygdi i Bykle kommune.

Som Alfred Ryningen peikar på i hovudoppgåva si (55), er det «naturleg å sjå [...] namni [Nordtveiti og Heimtveiti] i samband med kvarandre. For å skilje dei frå einannan har utmerkingslekken nord- fest seg til det bruket som ligg lengst vest, og heim- til det austare.»

Den fyrste garddelinga vil me plassere til høgmellomalderen (dvs. mellom 1130 og 1350), men i øydetida i seinmellomalderen var her truleg berre eitt bruk. Så vart garden dela opp på nytt lag på 1600-talet, og dermed kom dei bruka me kjenner idag til synes. I denne delingsrunden, som me vil tru gjekk fyre seg kring 1640, vart nok også Nordtveiti utskilt fyrst, men denne venda kan det ikkje ha vore svært mange års aldersskilnad mellom Nordtveiti og Ryningen.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden var Tarjei Auversson den fyrste oppsitjaren me kan vita om i Nordtveiti. Han var son åt Auver Gunsteinsson Kyrvestad og kona, Gunhild, og hadde overteke dette bruket i Tveiti i arv etter faren, som ilag med broren, Orm, hadde løyst garden frå farfaren, Gunstein Hallvardsson Kyrvestad, like etter 1600.

  • Tarjei Auversson Kyrvestad, n m.a. 1626, 1662, d fyre 1664
g m Tarand Borgarsdtr. Harstad, n m.a. 1662. Born, iallfall:
  • Johanne, g m Olav Jonsson Homme, sjå nedanfor

Tarand Borgarsdotter kom frå Uppistog Harstad, bnr 3, foreldra heitte Borgar Hallvardsson og Svålaug Gunnarsdotter. Namnet hennes er m.a. kjent frå eit brev frå 1662, som fortel at Tarjei då hadde selt ein mindre part i Harstad, som Tarand hadde ervt (jfr. Valle IV, 54, 323).

I eit brev utan dato, men truleg skrive kring 1630, ser ein at Tarjei vart innblanda i ei rettssak mellom syskena hennes, som var usams om fordelinga av arven etter foreldra. Detaljane i denne saka har i og for seg ingenting med Byklesoga å gjera, men av eit anna udatert brev, som lyt vera litt yngre enn det fyrste, går det fram at Tarjei etterpå kaupte delar av den omstridde arven, nærare bestemt til saman 8 nottungar skyld i Gjerden. Seljarane var Asbjørn og Bjørgulv Røysland og Gjermund Harstad i Valle, Torgrim Skåli i Fyresdal og Mikkel Hovet i Hylestad. Etter det Alfred Ryningen har funne ut var Asbjørn og Bjørgulv halvbrørne åt Tarand, medan ho var samsyster med Gjermund og Torgrim, og Mikkel var gift med ei anna samsyster (jfr. Valle IV, 54).

Medrekna Tarand sin ervepart må Tarjei ha fått hand om 10 nottungar med skyldeige i Gjerden, noko som skulle tilsvara 5 kalveskinn. I den gamle gards- og ættesoga (122) vert denne gardparten plassert til Attistog, bnr 1. Denne tanken er logisk nok utifrå det ein elles kan vita om eigartilhøva i Gjerden, men me tvilar likevel på om den garden var dela i fleire bruk så tidleg som dette, og helst trur me at parten var ein ideell brøk av heile garden.

Den gamle boka reknar også med at Tarjei flutte frå Tveiti etter at han fekk tak i parten i Gjerden, men samtidskjeldene etterlet ingen tvil om at han heldt til i Tveiti frå ein gong på 1620-talet og iallfall til 1662, kanskje 1663.

Av manntala frå 1664 og 1665 går det fram at Tarjei då hadde fått avløysing av ein «Ole Jonsen», som vert oppgjeven til å ha vore 40 år i 1664 og 32 år i 1665(!). Denne Olav Jonsson får me identifisert i Vallesoga (IV, 323), som fortel at han var son åt Jon Augundsson og kona, Gunbjørg Folkesdotter, som budde i bnr 1 i Homme. Olav var gift med Johanne, dotter åt Tarjei Auversson, det var såleis han hadde kome til Tveiti. Olav og Johanne flutte sidan til Mannspann Kyrvestad. Ettersom ingen av borna deira tykkjest å ha hatt noko med Bykle å gjera, skal me for det som elles er kjent om desse folka nøye oss med å vise til Vallesoga.

Det er mykje mogeleg at Olav Jonsson kan ha flutt ifrå alt i 1665, for året etter finn me ein ny mann her, Knut heitte han. Me torer vel gjeta på at han kan ha kaupt bruket av Olav Jonsson, men så spørst det kven han var. I den gamle gards- og ættesoga (67) vert det gjort framlegg om Knut Ormsson, men denne gjetinga passar ikkje med alderen, ettersom Knut Ormsson, om han livde i 1666, må ha vore minst 60 år, medan Knut som var i Nordtveiti då skal ha vore 34. Vel er aldersoppgåvene i manntala frå 1660-åra ofte unøyaktige, men så rivgalne som dette trur me ikkje dei er. Eit anna framlegg kunne vera Knut Gunnarsson Nesland, som me veit åtte ein part i Tveiti i 1693, men heller ikkje der stemmer alderen, for Knut Nesland skal ha vore fødd ca 1654.

Men i alle høve kan ikkje den ukjende Knut-en ha sete med bruket meir enn nokre få år, for alt i 1670 finn me ein ny eigar og oppsitjar, som heitte Folke Knutsson. Det er sjølvsagt godt mogeleg at denne Folke kan ha vore son åt sistnemnde Knut, slik det utan vidare vert rekna med i den gamle gards- og ættesoga (67). Men såvidt me har sett finst det ingen fleire haldepunkt for dette enn at namna unekteleg høver godt ihop.

Den neste oppsitjaren me veit om heitte Olav Auversson. Han budde her frå ein gong på 1680-talet og til han døydde i 1720. Det hadde passa godt om me kunne sagt at han var son åt Auver Sveinsson Holen, men i så fall burde han ha vore med under erveskiftet etter Svein Auversson i 1705, og det var han ikkje. At han har vore skyld folket i Heimtveiti, Holen og Kyrvestad fortonar seg likevel som svært sannsynleg, men me har diverre ikkje kjelder til å finne ut nett korleis det heng i hop.

Me set han opp utan gardsetternamn, avdi me ikkje har noko godt framlegg å koma med. At Olav skal ha vore fødd ca 1644 har me frå eit manntal frå 1718, som fortel at han det året var 74 år, men helst var han nok i røynda noko yngre enn som så. Kor mykje yngre er mest på vona, men at han skulle vera fødd i 1691, slik den gamle gards- og ættesoga (67) seier, må likevel vera gale, det ser me av fødselsåra til borna hans.

  • Olav Auversson, f ca 1644 (?), d 1720
g 2. (?) m Birgit Hallvardsdtr, f ca 1667 (?), d 1747. Born, iallfall:
  • Tore, f ca 1708, g 1732 m Hallvard Lidvardsson Myrom, sjå nedanfor
  • Auver, f ca 1712, d 1725
  • Jon, f 1716, g 1743 m Åshild Folkesdtr. Holen, sjå nedanfor

Opphavet til Birgit Hallvardsdotter er minst like uvisst som kvar mannen hennes kom frå, og liksåvel hennes alder er usikker. Då ho vart gravlagd som gardmannsenke frå Tveiti i 1747, heitest ho ha vore 80 år, noko som vil setje fødselsåret til ca 1667. I så fall skal ho då ha vore 49 år då sonen Jon kom til verda. Dette er mogeleg, men vel ikkje særleg truleg. At Birgit var andre gifta av Olav, er ei gjeting, men den oppgjevne aldersskilnaden mellom ektemakane tykkjest peike i den lei.

Olav Auversson hadde berre halve bruket, skjønar me, for av skattelistene går det fram at han i heile si tid i Tveiti hadde ein Knut til medbrukar. Fram til og med 1721 står det berre Knut, og ikkje noko farsnamn. Men i matrikkelen frå 1723 og skattelistene etter dette året finn me Knut Åsmundsson. Denne Knut Åsmundsson er den same mannen som kaupte Ryningen i 1735. Då kunne ein vel fort koma på den tanken at me kanskje har feilplassert både Olav Auversson og Knut Åsmundsson til Nordtveiti, medan dei i røynda heldt til i Ryningen? Men det kan me ikkje få til å stemme, m.a. gjer ymse opplysningar i skiftet etter Hallvard Ånundsson i Heimtveiti frå 1754 at me meiner at Knut Åsmundsson faktisk fyrst lyt ha vore i Nordtveiti til 1735, sidan sete eit tak i Ryningen, og endeleg flutt or bygda.

Så langt tykkjest dette greitt nok. Men kan då Knut Åsmundsson vera den same Knut-en som figurerer i skattelistene som oppsitjar ilag med Olav Auversson i Nordtveiti heilt attende til 1680-åra? Heilt umogeleg er det vel ikkje, men det er vanskeleg å oppfatte det som særleg truleg at ein mann som seinast kan ha vore fødd på slutten av 1660-talet, brått flyt til ei anna bygd i 1737, slik Knut Åsmundsson gjorde. Men om me avviser dette, slik me er mest huga på, må me altså rekne med at det har vore to Knut-ar etter kvarandre på bruket. Kan dei då identifiserast?

Den fyrste Knut-en, som bruka Nordtveiti ilag med Olav Auversson frå ein gong på 1680-talet og til kring 1720, er det nok vanskeleg å avgjera kven var. Men me veit om at Auver Sveinsson Holen hadde ein son som heitte Knut, fødd ca 1658, og at denne Knut-en ikkje tykkjest ha budd i Holen etter at han gifte seg. Me vil då rekne det for mogeleg at det kan ha vore han som var her. Om det faktisk var han, kan me ikkje vita, men iallfall står det noko meir å lesa om den mannen i bolken om Holen.

Denne stompeforma frå Nordtveiti skriv seg truleg frå 1700-åra. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Knut i Nordtveiti frå 1723 og frametter heitte som nemnt Knut Åsmundsson, og har nok vore ein god del yngre. Då passar det godt at me finn ein mann med dette namnet ilag med Olav Auversson i Tveiti i eit militærmanntal frå 1718. Han skal ha vore 20 år då denne manntalslista vart skrive, og var då helst fødd ca 1698. Det var utan tvil denne Knut Åsmundsson Tveiten som var ein av ervingane etter Vetle Gunnarsson Nesland, og var med og selde Sygard Nesland til Knut Åvoldsson i 1726. Då må han ha vore ætta frå Nesland, og då er det ikkje andre han kan vera son åt enn Åsmund Gunnarsson. Sistnemnde budde i Mosdøl, og var død fyre 1700. Me veit ikkje stort om han, men han er litt omtala i bolken om Mosdøl.

Når det gjeld sonen har me litt meir å fortelje.

  • Knut Åsmundsson (Nesland) Mosdøl, f ca 1698, n m a 1747
g 1 m Signe Åvoldsdtr., d fyre 1721, ikkje kjende born, eitt ukjent?, sjå nedanfor
g 2. 1721 m Jorunn Tarjeisdotter. Born, iallfall:
  • Signe, f 1723, g m Andres Tallaksson Bratteland, sjå Ryningen

Då Knut Åsmundsson kaupte Ryningen hausten 1735, vart det skrive inn i skøytet at han hadde vore gift med ei Signe Ånundsdotter, som var «af Odels og Søstre Gren». Dette må tyde at mor hennes var frå Ryningen. At Signe i 1735 var død, og at Knut då forlengst var omattgift, spela tydelegvis inga rolle ved overtakinga, og det kan tyde på at han og fyrste kona har hatt minst eitt barn, som me ikkje har funne nemnt. I ei odelssak frå 1763, som me kjem attende til i avsnittet om Ryningen, står det vitnefast at mor åt Signe, som heitte Gunhild Gunsteinsdotter, også var mor åt Vetle Åvoldsson, som då budde i Ryningen. Dette får oss til å meine at det må vera tale om ein skrivefeil i skøytet frå 1735, og at Signe i røynda ikkje var Signe Ånundsdotter, men Signe Åvoldsdotter. Kvar Åvold, far hennes, kom frå, veit me ikkje, men me trur helst han var frå Mo eller Lårdal, ettersom me veit at foreldra åt Gunhild budde i Mo nokre år, og ettersom Vetle Åvoldsson hadde ein forlovar frå Lårdal då han gifte seg i 1755.

Når det gjeld Knuts kone nr 2, Jorunn Tarjeisdotter, har me ingen gode framlegg til opphav.

Eit par år etter at Knut Åsmundsson hadde fått tak i Ryningen, selde han det bruket til versonen Tallak Andresson Bratteland, og flutte sjølv or bygda. Det siste sikre gjetordet om han er frå 1747. Han budde då i Lårdal.

Det ser ikkje ut til at Knut hadde nokon medbrukar i Nordtveiti dei fyrste åra etter at Olav Auversson døydde i 1720, iallfall veit me ikkje kven det eventuelt kan ha vore. Men litt utpå 1730-talet ser me at her hadde kome ein ny familie på bruket. Det var dotter åt Olav Auversson og mannen hennes.

  • Tore Olavsdtr. Tveiten, f ca 1708, d 1763
g 1732 m Hallvard Lidvardsson Homme, n 1728-1765. Born:
  • Gunvor, f 1733, d 1782, ug, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1735, d 1767
  • Anne, f 1737, d 1737
  • Olav, f 1742, g 1762 m Gunvor Drengsdtr. Sagneskar, sjå nedanfor
  • Anne, f 1745, d 1807 (?), ug, sjå nedanfor
  • Olav, f 1747, g 1767 m Torbjørg Ånundsdtr. Flateland, jfr Valle VI, 214
  • Birgit, f 1752, lagnad ukj.

I Vallesoga les me at Hallvard Lidvardsson truleg var son etter Lidvard Olsson og kona, Gunvor Lavrantsdotter, fødd Myrom. Desse budde i Hommelunden, bnr 6 (Valle V, 111). Etter at Tore og Hallvard vel og vakkert var gifte 24.3.1732, vart ho i februar 1733 dømd til å betale ei bot på 1 dalar og 12 skilling for «for tidlig Sammenliggelse og Beblandelse med sin Ægtemand». Nå var ingen av dei borna deira me kjenner namnet på for tidleg fødde i høve til giftemålsdatoen, men 30.8. 1732 vart det gravlagt ein gut som berre vart notert som «Halvor Tvedtens søn, 2 aar gl.», så det er mogeleg at me her har grunnlaget for bota. Dette er likevel ikkje sikkert. For Hallvard Lidvardsson hadde også tidlegare måtta punge ut med ei sedugskapsbot, etter at han i 1728 fekk sonen Torbjørn med Eli Såvesdotter, ei dotter åt Såve Torleivsson på Teigen Stavenes og kona, Gyro Niklosdotter.

Korleis det gjekk med denne sonen etter at dei døypte han 12.1.1729, er uvisst nok, men det er ikkje uvanleg at aldersoppgåvene ved dødsfall er slumpesame, så det kan kanskje også ha vore denne guten som vart gravlagd utan namn i 1732. Iallfall gifte Eli Såvesdotter seg i 1730 med Eivind Såvesson Stavenes i Storstein, Trydal.

Anne Hallvardsdotter knyter det seg noko uvisse til, men det var ei jente med det namnet som i 1773 hadde sonen Torleiv til dåpen i Valle. Faren var Olav Pålsson Dale, ein son åt Pål Hallvardsson Dale og kona, Turid Ånundsdotter. Vallesoga melder ein viss tvil om mora var den same som vår Anne Hallvardsdotter ovanfor, men reknar denne identifikasjonen for mogeleg (Valle VI, 51). Torleiv Olsson døydde som liten. Når det gjeld mora, har Alfred Ryningen funne ei med hennes namn som døydde ugift i 1807, men er usikker på om det er same kvinna.

Gunvor Hallvardsdotter sin lagnad er også noko usikker. Men det var ei jente med dette namnet, som i 1773 fekk sonen Svein med Kjetil Augundsson Haugom. Vallesoga melder at ho «etter namnet på fadrane å døme» kan vera identisk med Gunvor her ovanfor. Svein Kjetilsson miste livet i ei ulukke i Åmli i 1782, medan mor hans døydde ugift i Myrom same året (Valle V, 29).

Tore og Hallvard budde i Tveiti i to omgangar. Dei 4 eldste borna vart døypte herifrå, men i 1742 hadde dei sonen Olav til dåpen frå Myrom. I 1745 var dei likevel attende i Tveiti og døypte dottera Anne. Men i 1747 tykkjest dei ha vore busetar på Bratteland, og i 1752 var dei attende i Myrom, på ein plass under bnr 5, som ein ikkje kjenner noko namn på. Der vart dei sidan verande, og på den staden er dei omtala i Vallesoga (V, 111).

Når Tore og Hallvard hadde flutt frå Nordtveiti i 1742, heng det kanskje i hop med at bror hennes då gifte seg, og hadde bruk for rom.

  • Jon Olavsson Tveiten, f 1716, d 1789
g 1742 m Åshild Folkesdtr. Holen, f 1719, d 1804. Born:
  • Olav, f 1742, g 1770 m Gro Torleivsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1744, d 1774, ug, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1746, d 1793, ug
  • Gunnar, f 1749, d 1774, ug, soldat
  • Auver, f 1752, g 1792 m Turid Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, sjå Myri Holen, bnr 1
  • Asgjerd, f 1754, g 1782 m Knut Olavsson Nesland, sjå Sygard Nesland, bnr 3
  • Margit, f 1757, d 1778, ug
  • Folke, f 1763, d 1851, ug, sjå nedanfor

Åshild Folkesdotter var frå Myri Holen, og dotter åt Folke Tarjeisson på det bruket og fyrste kona, Asgjerd Auversdotter, fødd Holen.

Sonen Hallvard døydde ved drukning i 1774. Han var ungkar og 31 år. Den 10 år eldre grannen, Tarjei Andresson frå Holen Der uppe, miste livet saman med han.

Yngstesonen Folke fekk i 1810 dottera Ingebjørg. Mora var Gunhild Knutsdotter Breive, f 1786. Ho var dotter åt Knut Bjørgulvsson Breive og kona, Ingjerd Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen. Gunhild døydde ugift i Breive i 1851, Ingebjørg Folkesdotter vaks opp hjå mora og besteforeldra, og gifte seg i 1847 med Kjetil Helleikson Glidbjørg. Folke døydde som ugift fatiglem i Brotteli i 1851.

I bolken om Heimtveiti er det fortalt at Jon Olavsson i 1754 meldte ifrå på skiftet etter Hallvard Ånundsson om at Hallvard hadde fyrekaupsrett til bruket hans, noko me har forklara med at Hallvard ein gong må ha ått det, og stilt fyrekaupsrett som vilkår då Jon fekk kaupe det att av han. Ettersom det her er tale om fyrekaupsrett til bruket, ikkje til halve bruket eller 3 skinn, vil me tru at Jon Olavsson åtte det heile. I denne lei peikar då også skattelistene, som ikkje fører opp nokon medbrukar i hans oppsitjarperiode her.

Jon og Åshild flutte kring 1770 til Myri Holen. At dei «fekk garden av bror hennes», slik det står i den gamle gards- og ættesoga (53), er i og for seg korrekt. Men broren, Auver Folkesson, var barnlaus og døydde i 1768, og Åshild og Jon overtok bruket i samband med skiftet etter han.

Eldsteson åt Jon og Åshild gifte seg i 1770, og overtok då som brukar her. Om han samstundes også overtok eigedomsretten til den halvparten av bruket som han sidan åtte, har me ikkje funne nokon stad skrive, men ettersom det ser ut kan det ha drygt nokre år.

  • Olav Jonsson Tveiten, f 1742, d 1829
g 1770 m Gro Torleivsdtr. Byklum, f 1749, d 1822. Born:
  • Tone, f 1772, g 1796 m Olav Hallvardsson Teigen Stavenes, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1775, d 1776
  • Hallvard, f 1778, d 1778
  • Margit, f 1781, g 1816 m em Åsmund Kristensson Hisdal, sjå Haugen Hisdal, gnr 20, bnr 3

Gro Torleivsdotter kom frå Innistog Byklum. Foreldra hennes var Torleiv Drengsson Nomeland og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Byklum.

Av borna åt Olav og Gro var det berre Margit, den yngste dottera, som fekk etterkomarar. Eldstedottera Tone gifte seg med Olav Hallvardsson, ein son åt Hallvard Såvesson Teigen Stavenes, i 1796, men to år etter døydde ho. Den 2 år gamle dottera, Åse, vart gravlagd same dagen som mora, 24.6.1798. Olav Hallvardsson døydde noko seinare same året. Desse folka budde einkvarstad i Gjerden, og me trur vel helst dei var busetar i Attistog.

I Attistog budde iallfall Olav og Gro, foreldra hennes, i 1801. Me veit ikkje nett kva tid dei flutte dit, eller om det var dit dei reiste, då dei tok ut frå Nordtveiti, men iallfall tykkjest dei etter skattelistene å ha halde til i Tveiti til 1789 eller 1790.

Men mykje av tida si her hadde dei ein medbrukar, som åtte halve eigedomen. Han heitte Gunnar Knutsson Nesland, var fødd i 1742, og er nærare omtala under Vodden og Sygard Nesland. Nett kva tid han flutte hit til Nordtveiti er noko på det uvisse, men han byrja å svara skatt av bruket frå 1779, og kan vel ha kome flytjande frå Sygard Nesland ved det leitet, eller kanskje eit par år tidlegare. Men inntil 1779 var det iallfall Jon Olavsson som vart notert som eigar av Nordtveiti i skattelistene, jamvel om han då hadde budd i Holen i bortimot 10 år. Ettersom Olav Jonsson og Gunnar Knutsson sidan åtte bruket saman, er det vel mest nærliggjande å gjeta på at dei har løyst ut kvar sin halvpart frå Jon Olavsson i 1778 eller 1779.

På 1780-talet finn me endå ein familie her. Det var Ditleiv Olavsson Bratteland og kona hans, som heitte Torbjørg Torleivsdotter og var frå Bjørnarå Der aust, og dei to borna deira. Desse flutte truleg hit i 1783 eller 1784. Ditleiv døydde sumaren 1789, og Torbjørg flutte same hausten til Bjørnarå med borna sine. Det me elles har å fortelje om dei, står i bolken om Bjørnarå.

Gunnar K. Nesland kaupte Holen Der uppe på auksjon i 1783, og flutte då dit. Der var han framleis i 1791, då han skreiv skøyte på parten sin i Nordtveiti til Mikkel Olavsson Bratteland, bror åt Ditleiv. Skøytet til Mikkel vart skrive i 1791 og tinglyst 1793, men ettersom landskattelista fører han opp som gardeigar i Tveiti alt i 1790, må handelen ha gått fyre seg noko tidlegare.

Det er uråd å avgjera nett kva tid Olav Jonsson selde parten sin i Nordtveiti til Ånund Hallvardsson i Heimtveiti. I den gamle gards- og ættesoga (67) les me at Ånund «kjøpte Nordtveiti av Ole Jonsen Tveiten og Mikkel Olsson Bratteland i 1795 for 180 rd», men i panteregisteret står at han det året kaupte parten av Mikkel for 140 rd. At han også hadde skaffa seg hand om parten av Olav Jonsson kjem rett nok indirekte fram, ettersom han i juni 1793 fekk tinglyst eit eidsvore vitnemål frå lagrettemennene, eit såkalla tingsvitne, for at han då åtte 9 skinn i Tveiti, dvs. Heimtveiti og halve Nordtveiti. Men tidspunktet for kaupet av parten til Olav Jonsson, kan me på det grunnlaget ikkje vita anna om enn at denne handelen sto fyre juni 1793. På grunnlag av skattelistene ville me likevel gjeta på 1789 eller 1790. Men frå 1795 åtte altså Ånund Hallvardsson både Heimtveiti og heile Nordtveiti.

Også i Ånunds eigartid budde det to familiar i Nordtveiti, ser me i folketeljinga frå 1801. Det var for det fyrste Bjørgulv Alvsson Holen og kona hans, som truleg hadde flutt hit frå Holen då Gunnar Nesland overtok bruket deira der i 1783. Desse folka er nærare omtala under Holen Der uppe. For det andre var det bror åt Ånund og familien hans. Denne broren heitte Torleiv, og kona hans heitte Ingebjørg Torleivsdotter, og var fødd Kvósåk.

Torleiv og Ingebjørg hadde vore bruksfolk ymse stader i Valle, m.a. i Nedundhaug Steinsland, iallfall til sumaren 1795, kanskje endå litt lenger (jfr. Valle III, 563 f), men flutte deretter hit, og budde her inntil dei i 1807 kaupte Holen Der uppe hjå Knut Olavsson Nesland. Ettersom dei sidan vart verande på det sistnemnde bruket, har me plassert den nærare omtalen av dei der.

Hallvard Ånundsson Tveiten, fødd 1775, overtok Nordtveiti i samband med skiftet etter mora i 1806, og flutte hit då farbroren og folket hans tok ut til Holen. Han budde her til faren døydde i 1811, då han også overtok Heimtveiti og flutte dit. Han og familien hans er nærare omtala under det bruket. Men lat det vera nemnt på denne staden at Hallvard skøytte eigedomen her over til eldstesonen, Ånund, i 1853.

Såvidt me kan skjøne vart Heimtveiti og Nordtveiti i perioden mellom 1795 og 1882 oppfatta som ein eigedom, og langt på veg også som eitt bruk. Oppsitjarane i Heimtveiti åtte Nordtveiti. Dei hadde som regel store huslydar, og tykte nok mykje av tida at dei hadde bruk for å nytte jorda i Nordtveiti attåt heimejorda. Såleis viser folketeljinga frå 1865 at her ikkje var nokon det året.

Dermed skal ikkje vera sagt at Nordtveiti sto tomt heile tida, men dei me veit om budde her var busetar (leigebuarar). I beitevis var her nokre slike. Me har diverre ikkje kunna skaffe oss skikkeleg oversikt over desse folka, etterdi dei som kan ha vore her har sett lite av synlege spor etter seg i dei kjeldene me har undersøkt.

Likevel er det på det reine at Bendik Vrålsson Berdalen, fødd 1781, budde her med huslyden sin nokre år frå 1826 og frametter. Han var elles fleire stader, men det me vidare har å fortelje om han og folket hans er plassert i bolken om Hagen Berdalen. Kring 1833 var også Åsmund Sørensson Dysje, fødd 1782, busett her eit tak, ser me. Me har ikkje kjelder til å slå fast kva tid han drog herifrå, men det er godt mogeleg at han budde her i nokså mange år. For det me elles kan vita om han, syner me til bolken om Dysje.

Mikkel O. Holen (f 1847) og Gunnar Å. Tveiten (f 1847) var i det militære på 1860-talet. Dette må då vera eitt av dei eldste bileta me har i denne boka. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

I 1871 gifte Gunnar Ånundsson i Heimtveiti seg. Me veit ikkje nett kva tid han flutte åt Nordtveiti for å bruke, men iallfall var han her i 1875, og sannsynlegvis kom han hit straks etter at han fekk seg familie.

  • Gunnar Ånundsson Tveiten, f 1844, d 1917
g 1871 m Gunhild Olavsdtr. Nesland, f 1849, d 1938. Born:
  • Ånund, f 1871, g 1895 m Tone Drengsdtr. Mosdøl, sjå Heimtveiti, jfr. nedanfor

Gunhild Olavsdotter kom frå Nesland Der heime, foreldra hennes var Olav Mikkelsson Bratteland og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Nesland.

I 1875 hadde Gunnar 1 hest og 1 fole, 4 kyr, 3 ungnaut og kalvar, 12 sauer og lam og 7 geiter og kje. Sånaden var 2 tunner bygg og 5 1/2 tunner jordeple.

Då Gunnar flutte hit, vart Nordtveiti framleis rekna som ein del av Heimtveiti, men i 1882 vart bruket formelt utskilt og matrikulert som ei eining for seg. Framleis heittest likevel Gunnar vera bruksmann for faren i Heimtveiti. Fyrst hausten 1887, omlag ein månad fyre Ånund Hallvardsson døydde, fekk Gunnar skøyte på bruket sitt. Prisen var kr 980, som vart oppgjort med foddog. Foddogsytingane var dei fylgjande: Årleg 352 liter godt bygg, 51 liter god rug, «alt i tilberedt stand», 4 l ertar, 4 l gryn, 51 l poteter, 15 l salt, 14.5 kg kaffi, 2, 4 kg tobakk, 2 l brennevin, 0, 7 kg sukker. Vidare skulle foddogsytaren fø og røkte ei kyr og to småkretur. Når det gjeld storleiken på desse ytingane, virkar dei etter måten smålåtne. Men så må me taka med i rekninga at Olav Ånundsson samstundes overtok Heimtveiti, og når ein reknar med det han batt seg til å yte (sjå bolken om Heimtveiti), vert det samla kåret til Ånund Hallvardsson nokså rikeleg. Når det gjeld forma på foddogsbrevet, viser me til det nedanståande frå 1913, som langt på veg er rein avskrift av brevet frå 1887.

Gunnar sette opp ny stoge på garden i 1890 og løe i 1896. Stoga vart oppsett i flukt med det gamle loptet på garden, som vert tidfest til 1600-talet. Han sat med bruket til 1913, då han overdrog det til sonen mot foddog og overtaking av gjeld. Me tek inn skøyte- og foddogsdokumentet slik det vart skrive:

Underskrevne Gunnar Aanundsen Tveiten tilstaaer og herved vitterliggjør, at have solgt ligesom jeg herved sælger, skjøder og overdrager til min søn Aanund Gundersen Tveiten min i Bykle, Valle Thinglag, beliggende gaard, gno 11, bno 2, af skyldmark 1,39, Tveiten, for den omforenede kjøbesum kr 2000, som han afgjør ved at han yder mig og kone nedenanførte føderaad, thi skal eiendommen tilhøre ham og arvinger, og forbliver jeg hans hjemmelsmand efter loven:

Føderaad: Han anskaffer mig og kone hver høst saalenge vi lever aarlig 2 - to - tønder rugmel, 4 - fire - tønder grynmel, 1 kvartel gryn, 1kvartel salt, 20 pund (10 kg) sukker, 50 pund (25 kg) kaffe, 25 halvpunds tobakksruller og 1 gross fyrstikker. Føderaadsyderen sørger for at rugmelet bages til fladbrød.

Han føder og røgter sommer og vinter 2 - to- kjør og 12- tolv - smaalog. Ulden af sauerne skal de virke til klæder for os, samt skaffe os aarlig 1 skopar hver. Hvis noget af kreaturerne omkommer eller paa anden maade bliver utjenlige, skaffes andre tjenlige dyr istedet.

Han skaffer os husly og varme og lys baade i syge og sunde dage, og god pleie enten vi vil bo nede i stuen sammen med familjen eller alene paa sjeltilet. Han skaffer os den nødvendige lægehjælp og geistlig betjening og efter døden en anstændig begravelse.

Naar en af os dør bortfalder det halve føderaad.

Til sikkerhed for føderaadet haves 1ste prioritet i gaarden. Hvis føderaadet ikke ydes efter kontragten skal vi have ret til at tage gaarden igjen til brug og besittelse, eller om vi vil, i misligholdelsestilfælde, uden forgaaende lovmaal, dom eller execution ved offentlig auction at bortsælge gaarden til dækkelse af foran anførte føderaad, værdsat til kr 2000. Nærværende kontrakt vedtaget og underskrevet i vidners nærværelse.

Me vil tru at det gjekk an å liva tolleg godt av dette foddoget. Når det gjeld forma på brevet, legg ein merke til at det tykkjest vera skrive ord til anna etter mønster av tilsvarande eldre brev. Kansellistilen var seigliva i juridiske dokument.

Ettersom farbroren, Hallvard Ånundsson, hadde fare til Amerika med borna sine, og både Ånund og Olav Ånundssøner var barnlause, vart Ånund Gunnarsson beste odelsmannen både til Nordtveiti og Heimtveiti. Då Olav Ånundsson i 1916 selde Heimtveiti til Knut T. Hovden, drygde ikkje Ånund med å gjera bruk av retten sin. I 1918 fekk han skøyte, og i 1919 flutte han åt hovudbølet. Me har plassert hovudomtalen av han og huslyden hans i avsnittet om Heimtveiti. Bruket her overdrog Ånund i 1920 til dottera og mannen hennes. Prisen då var 8000 kr, men denne venda var det ikkje tale om foddogsytingar.

Gunhild Ånundsdotter Tveiten (1896-1972) og Tarjei Knutsson Stavenes (1891-1970). Dei gifte seg i 1914. Dette biletet er truleg teke på 1950-talet. Frå Setesdalsmuseet.
Torbjørg T. Tveiten og Ingebjørg Å. Holen (Nygård) er her fotograferte på motorsykkelen til Olav G. Holen jr. i 1943. Han lånte gjerne bort sykkelen sin jentene, fortel dei. Sykkelen var forrresten ein Olympus.
Foto: Olav G. Holen jr.
  • Gunhild Ånundsdotter Tveiten, f 1896, d 1972
g 1914 m Tarjei Knutsson Stavenes, f 1891, d 1970. Born:
  • Margit, f 1914, d 1998, husmor, g 1935 m Bjørgulv Gunnarsson Holen, d 1996, sjå Listog under Byklum, gnr 14, bnr 54, born:
  • Gunnar, f 1936, g m Åse Svennevik, Lyngdal, busett Rysstad, sjå Valle II, 241
  • Knut, f 1916, d 1918 (spanskesjuka).
  • Ånund, f 1918, g 1948 m Margit Knutsdotter Nesland, sjå nedanfor
  • Knut f 1920, bakar, busett Moseidmoen, Vennesla, g 1955 m Ingebjørg Knutsdotter Nesland, f 1925, born:
  • Gunhild, f 1956, d 1964
  • Anne Kristine, f 1960, g m Dag Brekkan, Kristiansand, busett Kristiansand
  • Gunhild f 1966, g m Per Øyvind Hinna, Stavanger, busett Stavanger
  • Tone, f 1922, husmor, d 2002, busett Byglandsfjord, g m Reidar Lindland, Lauvdal, born:
  • Gunhild, f 1945, g m Ole Andreas, busett Trondheim
  • Torunn, f 1948, g m Steinar Ole Gaarden, busett Bergen
  • Åsmund, f 1966, g m Klara Mjåland, sjå Kyrkjelii 33, gnr 13, bnr 32

Tarjei Knutsson kom frå Nordstog Stavenes. Foreldra hans var Knut Knutsson Breive på det bruket og kona, Margit Knutsdotter, f Hovden. I 1944 bygde Gunhild og Tarjei nytt fjøs innåt løa frå 1890, og eit par år seinare bygde dei også på stoga frå 1896, slik at ho framsto som ei tradisjonell setesdalsstoge i to fulle høgder med ei grunnflate på 88 kvadrat.

Knut T. Tveiten, f. 1920, og Ingebjørg K. Nesland, f. 1926. Brudlaupsbilete frå 1955.
Margit og Ånund Tveiten i 1954 med borna Torgeir og Gunhild. Bilete frå Tore K. Mosdøl.

Gunhild og Tarjei dreiv bruket til 1951, då eldstesonen i praksis overtok. Skøyte fekk han likevel ikkje fyrr i 1960. Prisen då vart sett til kr 3.000, som vart oppgjort med det fylgjande foddoget: Fór og stell av 1,5 kyr og 8 småkretur, årleg 500 kg mjøl etter val, 6 tunner poteter, 29 kg kaffi, 25 kg sukker, 10 kg erter, 5 kg gryn og 50 tobakksdåser. «Dersom noko av desse varene er rasjonera, lyt det vera med det ein får på kvote», står det. Til all lukke vart det inga rasjonering på vanlege forbruksvarer etter 1960, så me vil tru at Tarjei fekk den påkravde tobakksdåsa si kvar veke så lenge han livde. Dermed slepper me han av syne, og vender merksemda mot han som laut skaffe dei opplista varene i hus:

  • Ånund Tarjeisson Tveiten, f 1918, d 2001
g 1947 m Margit Knutsdtr. Nesland, f 1925. Born:
  • Torgeir, f 1948, ingeniør, g m Bjørg Isaksen, Bodø, busett Vennesla
  • Gunhild, f 1952, jordmor, g m Vidar Haugen, Kristiansand, busett Kristiansand
  • Anna, f 1956, tannpleiar, g m Per Lüdemann, Ørlandet, busett Vennesla
  • Kristine, f 1961, lærar, g m Eirik Vigsnes, Vennesla, busett Vennesla
  • Knut f 1966, ind.arb. busett Vennesla, ug

Margit Knutsdotter kom frå Vodden Nesland. Foreldra hennes var Knut Jonsson Nesland og kona, Anne Gunnarsdotter, f Holen.

I 1953 vert det oppgjeve at buskapen på bruket var hest, 4 kyr, 2 kalvar, 12 sauer og 25 geiter. Av reiskap vert nemnt hesteslåmaskin og ein elektrisk motor. Attåt gardsbruket arbeidde Ånund som snikkar og bygningsmann.

Det sistnemnde yrket heldt han fram i etter at den tilstundande oppdemminga gjorde det turvande å flytje ifrå, det var i 1969. Den nye heimstaden vart Askedalen i Vennesla. Ånund ville at borna skulle ha eigedomen saman, men det ville ikkje Torgeir, eldstesonen. Han prøva å gjera odelsrett gjeldande, og låg difor i sak med syskena i årevis, men fekk ikkje medhald i nokon rettsinstans. Etter dette trekte Torgeir seg heilt ut, slik at Nordtveiti i dag er eit sameige mellom dei 4 yngre syskena.

Etter jordskiftet i 1991-92 omfattar bruket her i alt 4 teigar med eit samla areal på 3478 mål. I tillegg kjem den parten bruket har i det store fjellområdet som ligg i sameige mellom Tveiti- og Neslandgardane.


0941 Bykle komm.png Nordtveiti (Bykle gnr 11/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Heimtveiti • Neste bolk: Ryningen