Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Sven Ulsaker.
Foto: Ukjent, faksimile fra Norges geistlighet og andre norske teologiske kandidater i fast stilling i 1925.

Sven Ulsaker (født 12. januar 1865 i Sør-Aurdal, død 26. oktober 1936) var lærer og prest med hele sitt virke i hovedstaden.

Familie

Ulsaker var sønn av lærer og kirkesanger Nils Ulsaker (1837-1881) og Anne Sophie, fød Solberg (f. 1843), og ble gift i 1918 med Borghild (Boya) Jakwitz (1884-1964).

Liv og virke

Sven Ulsaker tok teologisk embetseksamen i 1893 og var deretter lærer ved forskjellige skoler i hovedstaden til 1902, da han ble stiftskapellan i Kristiania. Han var hjelpeprest i Gamle Aker menighet 1906-1917, og var deretter sogneprest i den utskilte Markus menighet til 1934.

Ulsaker ga ut to erindringsbøker om sin tid som prest; Småstykker. Av en prests dagboksoptegnelser (1934) og Den fremtid vi bygger. Av en prests erindringer (1936).

Ulsaker bosatte seg som pensjonist på Bygdøy i Aker, på adressen Huk aveny 20.

Ettermæle

Sven Ulsaker er gravlagt på Gamle Aker kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen
(2013)

Sven Ulsaker er gravlagt på Gamle Aker kirkegård i Oslo. Tittelen Sogneprest er benyttet på gravminnet, som også er prydet med et bronserelieff av ham.

Kilder



Kolsgard
Alt. navn: Kollsgard; Framgard; Framgarde; Framgarden
Sted: Reinli
Sokn: Reinli
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 13

Kolsgard eller Framgard / Framgarden er ein matrikkelgard i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Garden ligg på rundt 500 meter over havet i Reinli, rett ved Reinli stavkyrkje. Garden er delt i ei rekkje bruk.

Namnet

Opphavleg var nok Kolsgard namnet, og det vert i dag nytta i forma Kolsgard. Men namnet Framgarden vart tidleg nytta side om side med Kolsgard. Truleg var det eit namn på ein del av garden, den som lå fremst, men kva han låg fremst i høve til veit ein ikkje. Bruket som i dag nyttar namnet Framgarden har forma Framgard. Allereie i 1712 skal Framgard og Austegard ha delt tun, så desse to namna kan også gå om kvarandre.

Kolsgard kjem ifølgje Oluf Rygh frå Kolsgarðr, av mannsnamnet Kolr[1]. Dette er eit av dei eldste gardsnamna i bygda. Tidleg på 1600-talet nemnast Kolgiorde og Koldtzgiorde, som truleg er forvanskingar av Kolsgard.

Bruk

Garden vart oppdelt frå midten av 1600-talet. Jon Ola Gjermundsen har i Gard og bygd i Sør-Aurdal sett opp fire bruk som er nemnt i 1664, og seks bruk på 1700-talet. Bruk- og brukarhistoria på Kolsgard er komplisert, men det er her prøvd å sette ho opp systematisk.

Bruk I

Utdjupande artikkel: Framgarden bruk I (Sør-Aurdal)

Bruk I vart etter kvart ein del redusert gjennom frådeling. I 1856 vart bruket slått saman med Svartlie og Sveltrud frå bruk VIa til Svartlie og Sveltrud, gnr. 13/12.

Utskilde bruk:

  • Brøtin, bnr. 13, fråseld i 1827. Også kalla Liungbruket.
  • Framgardslie, bnr. 24, utskild i 1890. Også kalla Barbrobruket.

Bruk II og III

Bruk II vart i 1736 slått saman med bruk III, men i 1757 vart dei delt att. I 1769 vart så både bruk II og bruk III delt i to like delar. Bruk II og IIIa og partar frå VIa og VIb, vart i 1804 og 1808 kjøpt opp og slått saman til [[Framgard (Sør-Aurdal 13/16) bnr. 16, også kalla Umundsgarden.

Utskilde bruk:

Frå den andre delen av bruka, II og IIIb, vart det også utskild nye bruk:

  • Ellevsbakkatn, bnr. 14, utskild frå bruk II og IIIb.
  • Framgard, bnr. 26, utskild frå bruk II og IIIb, med tillegg av part frå Framgard bnr. 1.
  • Nedre Slettet, bnr. 15, utskild frå Ellevsbakkatn bnr. 14 i 1837
  • Pålelie, bnr. 28, utskild frå Framgard bnr. 26 i 1855.
  • Lykkja, bnr. 29, utskild frå Framgard bnr. 26 i 1855.
  • Hagin, bnr. 27, utskild frå Framgard bnr. 26 i 1857.
  • Framgard, bnr. 30, utskild frå Framgard bnr. 26 i 1857. Også kalla Øvre Kollsgardbrøtin.

Bruk IV

Utdjupande artikkel: Framgarden bruk IV (Sør-Aurdal)

Bruk IV vart del i 1759. IVa vart så i 1782 slått saman med ein part frå bruk V til Framgard bnr. 3, kjend som Ellingsgarden. Bruk IVb vart til Haslatn bnr. 9.

Utskilde bruk:

  • Brettatn, bnr. 24, utskild i 1812 frå Framgard bnr. 3.
  • Haslebrøtin, bnr. 11, utskild frå Haslatn bnr. 9 i 1823.
  • Vilhelmshaugen, bnr. 7, utskild frå Framgard bnr. 3 i 1870.
  • Kjørum, bnr. 5, utskild frå Framgard bnr. 3 i 1875.
  • Kvednajordet, bnr. 4, utskild frå Framgard bnr. 3 i 1876.
  • Hermundslie, bnr. 25, utskild frå Brettatn i 1888.

Bruk V

Utdjupande artikkel: Framgarden bruk V (Sør-Aurdal)

Bruk V vart til Framgard bnr. 1, også kalla Nilsegarden. Utskilde bruk:

  • Kyrkjebøen, bnr. 2, utskild frå Framgard bnr. 1 i 1837.
  • Lyhushaugen, husmannsplass, fråseld frå Framgard bnr. 1 i 1841 og kjøpt attende i 1861.
  • Dalabakkin, bnr. 39, utskild frå Framgard bnr. 1 i 1904.
  • Møldbakkin, bnr. 62, utskild frå Framgard bnr. 1 i 1947.
  • Bruhagin, bnr. 68, utskild frå Framgard bnr. 1 i 1949.

Bruk VI

Utdjupande artikkel: Framgarden bruk VI (Sør-Aurdal)

Bruk VI vart delt i to like delar i 1795. Frå både VIa og VIb vart det fråseld fleire bruk, og resten vart del av Framgard bnr. 16 saman med delar av bruk II og III.

Utskilde bruk:

  • Sveltrud, fråseld frå bruk VIa i 1796.
  • Svartlie, fråseld frå bruk VIa i 1796. Sveltrud og Svartlie vart seinare slått saman, sjå bruk I.
  • Klavabrøtin, fråseld frå bruk VIb til Leineikro, gnr. 12/17, seinare utskild frå Lineikro.

Eigarar

Den fyrste eigaren som er kjend er Arne Tomle frå Land som eigde ein hud i Kolsgard. Året etter er det nemnt ein Tøstein Belgum som eigde 10 laupsbol i Vestgard, og det ser ut til å vore eit eigarfellesskap mellom Vestgard og Kolsgard.

I matrikkelen 1667 eigde Aurdal prestebol halvanna pund smør medan Reinli sokn eigde fire skinn. Resten av garden var bondegods. Bøndene eigde også eitt skinn i Vøll engeland og fem skinn i Stavadale. I 1803 eigde kyrkja framleis ein del av garden: Prestebolet hadde 1 pund 15 ½ merker smør og Reinli sokn hadde eitt skinn. I 1824 vart så prestebolets del seld til sjølveige.

Brukarar / eigarar

Denne lista dekkjer tida fram til deling av garden midt på 1600-talet. Seinare brukarer og eigarar kan ein finne i artiklar om dei einskilde bruka. Delinga mellom fire brukarar på midten av 1600-talet er det vanskeleg å finne ut av. Ein veit ikkje kva del den einskilde brukar satt på. Det ein veit er at det ikkje berre var gode høve mellom dei, for det var fleire rettssaker om eigedomsretten.

  • Ola, truleg Ola Bjørnsson Vestgard, nemnt frå 1612 til 1631.
  • Ola, nemnt fram til 1643.
  • Knut, kan vere Knut Bjørnsson Brattrud, son til Bjørn Brattrud, nemnt frå 1644. Skal ifølgje eit skøyte frå 1641 ha budd på Kollgard også tidlegare.
  • Gudbrand Tøsteinsson (f. omkr. 1616), brukar saman med Knut i 1647 og åleine i 1647. Også nemnt i 1664 til 1681.
  • Knut Knutsson (f. omkr. 1599), kan vere son til Knut som er nemnt frå 1644. Nemnt som brukar i 1664. Barn ein kjenner:
  • Timann Knutsson (f. omkr. 1645), nemnt 1664 til 1681.
  • Pål Knutsson (f. omkr. 1643), nemnt 1664 til 1682.

Referansar

Kjelder

Koordinater: 60.83097° N 9.49829° Ø

Gudbrand Strandmo (født 7. februar 1894 i Lobygda i Nord-Aurdal, død 28. august 1984) var skolemann og lokalpolitiker, bosatt i Fluberg i Land.

Begynte på lærerskole, men måtte overta ansvaret for gården da faren døde. Praktiserte som lærer en stund i Nord-Aurdal, men fikk lærerstilling ved Nes skole på Vestsida i Fluberg der han ble i mange år. Deltok aktivt i bygdas styre og stell og var medlem av kommunestyre, skolestyre og menighetsråd. Så på lærergjerningen som et kall og ikke et levebrød. Han var en streng lærer og hadde et kraftig temperament. Engasjerte seg i samfunnsdebatten og var ikke redd for å si sin mening. Under andre verdenskrig var han en ivrig mortstandsmann. Gift med lærerinne Johanne Kleveland (1904-1982), og de bosatte seg på skolehuset på Nes da det ble nedlagt. Var rektor ved Odnes skole til han gikk av i 1961.

Gudbrand Strandmo var i mange år en ivrig bidragsyter til Boka om Land. Skrev også mange dikt og artikler som ble trykket i lokalavisene. Han debuterte selv i 1973, i en alder av 79 år, med romanen Songen frå elva. I boka skildrer han levende livshistoria til besteforeldrene sine som bygde sagbruk ved elva Geispa på 1800-tallet. Da han døde, var han nesten ferdig med manuskript til to nye bøker. Etter testamentet hans ble legatet Gudbrand Strandmos fond opprettet. Johanne og Gudbrand Strandmo er gravlagt på Fluberg kirkegård.

Kilder og litteratur

Videre lesing

  • Opperud, Reidun: «Lærer Gudbrand Strandmo (1894-1984)», i årboka Landingen 2002, s. 36-37.

Advarsel: Standardsorteringen «STRANDMO; GUDBRAND» tar over for den tidligere sorteringen «Ulsaker,Sven».

05 Oppland vapen.png Valdres er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.