Sigurd Aarnseth Foto: Norske skolefolk (1952) Sigurd Aarnseth (fødd 18. juli 1891 i Åsen i Nord-Trøndelag, død 20. desember 1987) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Åsen i noverande Levanger kommune. Venstre-mannen Aarnseth var ordførar i bygda 1938–42 og 1945.
Han var son av lærar Johan Arnt Aarnseth og Gurine f. Fossing. Sigurd Aarnseth tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1916.
Som nyutdanna var han i 1916–17 lærar i Namdalseid, dinest i Melhus (1917–18). I 1918 vart Aarnseth tilsett som lærar i heimbygda Åsen, og kom etter kvart til Vedul krins. Frå 1933 var han òg kyrkjesongar i Åsen. Les mer …
Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866, død same stad 1. februar 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre ( Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar. Les mer …
Faksimile fra avisa Sogn og Fjordane 15. juni 1948; utsnitt av omtale av Jon Laberg ved hans bortgang.
Jon Laberg (født 29. april 1859 i Bergen, død 11. juni 1948) var lærer, venstrepolitiker og lokalhistoriker. Laberg bodde store deler av sitt liv i Bergen, men hans røtter lå i Ornes i Sogn og han er mest kjent for de bygdebøkene han skrev om flere av bygdene på hjemtraktene.
Les mer …
|