Om Landbruk
|
Hauger i Lørenskog. Foto: André Clemetsen Landbruk, jordbruk eller agrikultur er en primærnæring som omfatter en rekke næringsgrener basert på kultivering av jord eller beite for husdyr. Landbruk brukes også som en fellesbetegnelse for jordbruk, skogbruk, seterbruk, hagebruk og husdyrbruk.
Innføringen av landbruket markerte en overgang fra nomadisk tilværelse til bofaste befolkningsgrupper. Omkring 8800 f.Kr. ble landbruk etablert i Midtøsten, i et område kjent som Den fruktbare halvmåne. Til Nordvest-Europa kom landbruket omkring 5000 f.Kr., og til Norden først omkring 4000 f.Kr.
Det første jordbruket erstattet på ingen måte jeger- og samlersamfunnene. Den nordiske traktbegerkulturen var lik i hele Norden fra Danmark og opp til Trøndelag. Den marker seg ved funn av spesielle økser av stein og flint spesielt på Jæren. Beinrester vitner om husdyrhold som sau, geit og kyr., var forholdet mellom landbrukseiendommer og bosetning i tettbygd strøk det motsatte frem til folketellingen 1835. Les mer ...
|
|
Smakebiter
|
Nedre Ekset. Foto: Francis Bull
Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.
Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.
I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845. Les mer …
Moen 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Moen er eit bruk på Trydal i Bykle kommune. Det var Hallvard Knutsson frå Der inne som fyrst overtok Moenplassane saman med det gamle Nordstog. Sidan bytte han med broren Tor, slik at Hallvard fekk Der inne, medan Tor tok Moen i bruk. Den formelle frådelinga av bnr 8 fann stad i 1906.
Om det var då Tor flutte hit, eller om han venta til han hadde gift seg i 1908 er uvisst, men iallfall var det omtrent ved dette leitet.
Tor K. Trydal ca 1907. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
|
Torbjørg Jonsdotter Bjones ca 1900. Bilete frå Angerd Mosdøl via Setesdalsmuseet.
|
Moen, Trydal, riving av høystakk ca 1930. Mannen på biletet er ikkje lett å kjenne att, men er truleg Tor Knutsson. Bilete frå Setesdalsmuseet.
|
Moen i Trydal ein gong på 1940-talet. Ho som står til høgre er Torbjørg J. Trydal, fødd Bjones (1883-1945). Torbjørg og Tor dreiv på denne tid og tok imot turistar, og dama til venstre er truleg ein av desse. Bilete frå Setesdalsmuseet.
|
- Tor Knutsson Trydal, f 1885, d 1978
- g 1908 m Torbjørg Jonsdtr. Bjones, f 1883, d 1945. Les mer …
Fådapen i 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Fådapen i Bykle ligg like ovanfor bnr 4 Juvet, og er eit hyrne som vart utkløyvd frå Juvet i 1914, og matrikulert same året. Landskylda vart sett til 6 øre. Ettersom det vart dela ifrå Juvet og ligg tun i tun med det eldre bruket, vert det ofte omtala med namnet Evre Juvet.
Men det andre bruksnamnet er meir kulturhistorisk interessant, og fortener difor ein merknad. Ein fådape er ein dam med bortimot stilleståande vatn, der dei fådde lin, dvs. la linplantene til bløyting, inntil rotningsbakteriane hadde løyst opp pektinet som bind basttægene og veden saman. Etter at linet var fådd vart det turka og brote, slik at ein kunne skilje dei lause vedbitane frå basttægene. Namnet her er då eit minne om den gamle lindyrkinga. Kor lenge dei dreiv med slikt i Bykle, veit me ikkje plent, men dei fleste stader vart linet utkonkurrert av bomull i laupet av dei fyrste par tiåra etter 1850.
Bakgrunnen for delinga av Juvet var truleg at det vart for trongt i den lisle stoga der etter at Åsmund Åvoldsson gifte seg i 1912. Det budde då 10 menneske der, og fleire var i kjømda.
Foreldra åt Åsmund var Åvold Knutsson Byklum og kona, Borghild Åsmundsdotter, fødd Stavenes. Åvold skreiv skøyte på bruket her til sonen i 1915, prisen var 450 kr. Les mer …
Vodden Nesland i 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og
den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.
- Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
- g 1. m ukj. Born, iallfall:
- ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
- Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
- g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
- Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.
Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.
Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar. Les mer …
Hå gamle prestegard i 2007. Foto: Jarle Vines
Hå gamle prestegard ligg i Hå kommune på Jæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant. Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld. Les mer …
|
|
|
Kategorier for Landbruk
|
|
|
Andre artikler
|
|
|
|
|