Buksnes prestegjeld

Buksnes prestegjeld, og kalla Lofoten prestegjeld, var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

Buksnes kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Gerd Eichmann (2019).

Buksnes var i 1589 hovedsoknet i det store Lofoten prestegjeld, som hadde fire kyrkjer og eit korshus. Der var tre prester, soknepresten hadde ansvar for Buksnes kyrkje og Hol kyrkje, ved Borge kyrkje var det ein residerande kapellan og Flakstad kyrkje og Moskenes korshus vart ivaretatt av ein «domestico sacellano», altså ein huskapellan.

I 1740 var Buksnes (Lofoten) prestegjeld delt i tre, i tillegg til Buksnes vart no Borge prestegjeld og Flakstad prestegjeld oppretta.

Hol sokn vart i 1969 utskild frå Buksnes, og i lag med Valberg sokn utskild frå Borge vart det Stamsund prestegjeld.

Kjelder


Artikkelen Buksnes prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.