Dverberg prestegjeld
Dverberg prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Før reformasjonen var «Andens» prestegjeld eit kannikgjeld under Domkyrkja i Trondhjem. I 1589 var Dverberg hovudsokn i Andens prestegjeld, soknepresten budde på Dverberg og betjente Dverberg kyrkje og Bjørnskinn krosshus. Ein kapellan residerte på Andenes og betjente Andenes kyrkje.
I 1770 var prestegjeldet delt i Dverberg og Andenes prestegjeld. I 1808 var dei slått saman att under namnet Dverberg prestegjeld. Andenes vart ikkje eige prestegjeld att før i 1967.
Då prestegjelda vart avskaffa som administrativ inndeling i Den norske kyrkja i 2004, var det to kyrkjer i Dverberg prestegjeld: Dverberg kyrkje og Bjørnskinn kyrkje.
Kjelder
|
Artikkelen Dverberg prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |