Flundrevågsvegen 30 (Fedje gnr 168 bnr 316)

Flundrevågsvegen 30 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Flundrevågsvegen 30
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Adresse: Flundrevågsvegen 30

1. Helge Holm f. 1954 Ålesund g. 1978 m. Jorun Liv Brune f. 1958 Volda, frisør. Skøyte 1981 på tomt frådelt gnr 168 bnr 257 og gnr 168 bnr 258 same året (bnr 257 vart frådelt gnr 168 bnr 19 i 1975, og bnr 258 frådelt gnr 168 bnr 25 i 1975). Huset vart bygd i 1981. Helge var fiskeoppdrettar, og dreiv Holmfisk AS frå 1980 (jf Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-6). Familien flytta til Åsane i Bergen i 1990, seinare bustad Ålesund.

Born: a. Helge Holm f. 1979, bustad Bergen. b. Erik Holm f. 1981, bustad Bergen, seinare Alversund i Lindås, Alver kommune. c. Anders Holm f. 1984, bustad Bergen. d. Magnus Holm f. 1985, bustad Bergen. e. Trygve Holm f. 1995, bustad Langevåg i Sula.

2. Kjell Sigmund Hansen f. 1955 Loppa, Finnmark g.m. Liv Jorun Fagerlid f. 1954 Vågsøy, Nordfjord d. 2012. Skøyte her i 1990. Begge sjukepleiarar, Kjell var styrar på sjukeheimen frå 1989. Dei kom då frå Hammerfest. Ekteskapet oppløyst, Kjell flytta til Vallersneset på Radøy, Alver kommune, maskinist.

Born: a. Torgeir Fagerlid Hansen f. 1982, offiser i Forsvaret, samb.m. Lene Stensrud f. 1977, bustad Horten. b. Marte Fagerlid Hansen f. 1985, bustad Bergen. c. Katrine Fagerlid Hansen f. 1987, neste eigar (3).

3. Katrine Fagerlid Hansen f. 1987 Hammerfest (jf 2c), sjukepleiar, samb. 2008, g. 2021 m. Georg Steinsbø Wiken f. 1988 (gnr 168 bnr 28-18a), automatikkar. Skøyte i 2014.

Born: a. Aron Fagerlid Wiken f. 2013. b. Olai Fagerlid Wiken f. 2016.  c. Even Fagerlid Wiken f. 2020.


Fedje komm.svg Flundrevågsvegen 30 (Fedje gnr 168 bnr 316) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Flundrevågsvegen 24 (Fedje gnr 168 bnr 315) • Neste bolk: Flundrevågsvegen 22 (Fedje gnr 168 bnr 321)