Hamarøy prestegjeld
Hamarøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje. Det omfatta i 2004 dåværande Hamarøy kommune,[1] og var del av Ofoten prosti.
I 1589 var Hamarøy eit residerande kapellani under Steigen prestegjeld. Mest sannsynleg vart Hamarøy eit eige soknekall i 1740.[2] I 1882 vart det vedteke å byggje ny kyrkje på Presteid. Den gamle kyrkja vart i 1885 flytta til garden Karlsøy på Finnøya, og ho vart kapell for området rundt Sagfjorden. I 1952 var det oppført eit kapell på Tømmerneset.
Då prestegjelda vart avskaffa som administrativ inndeling i Den norske kyrkje i 2004 var det tre kyrkjer i prestegjeldet. Hamarøy kyrkje, Sagfjorden kapell og Tømmerneset kapell.
Referanser
- ↑ Hamarøy kommune vart seinare utvida med områda sørvest for Tysfjorden, som hadde vore del av Tysfjord kommune og Tysfjord prestegjeld.
- ↑ Erlandesen oppgjev 1809.
Kjelder
- Erlandsen, Andreas. Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Tromsø Stift. Utg. Chr. Tønsbergs Forl .. Christiania. 1857. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Prestegjeld og sokn i Nordland på Digitalarkivet.
|
Artikkelen Hamarøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |