Turidtun (Fedje gnr 168 bnr 101)
Turidtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Turidtun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 101 |
Adresse: | Sjånesvegen 19 |
1. Ragnvald Gullaksen f. 1909 Muren (gnr 168 bnr 82-1f) d. 2003, arb. Bjelland, g. 1946 m. Gudrun Eide, Bergen f. 1908 d. 1990, sjukepleiar. Ragnvald fekk skøyte 1947 på tomt frådelt gnr 168 bnr 24 same året. Huset vart bygd i 1949. Skøyte 1957 på tilleggsareal bnr 147 frådelt gnr 168 bnr 33, i 1964 på bnr 177 frådelt gnr 168 bnr 25 i 1961, og bnr 187 frådelt gnr 168 bnr 24 i 1964, samt gnr 170 bnr 26 frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 3 i 1969. Dei flytta til Åsane i Bergen i 1984.
Barn: a. Turid Eide Gullaksen f. 1947 g. 1970 m. Lars Borge f. 1947 Bergen (nevø av Klara Stokholm gnr 170 bnr 1-18, sjå der), bustad Åsane. Turid fekk skøyte her i 1979.
2. Turid Johanne Olsen f. 1935 Bergen g. 1958 m. Sigurd William Jensen f. 1932 Laksevåg i Bergen, bustad Åsane, kjøpte eigedomen i 1997. Dei flytta sidan hit, og seinare tilbake til Åsane.
3. Martin Hatlem f. 1978 Husa (gnr 168 bnr 229-1d) samb.m. Camilla Osebakken f. 1980 Bergen, sjå Moldøyna (gnr 170 bnr 31-5), fekk skøyte i 2023.
4. Monika Kolstad f. 1970 og Timothy Steven Dwyer f. 1969, bustad Bergen, fekk skøyte i 2024.
Turidtun (Fedje gnr 168 bnr 101) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lykkestrand (Fedje gnr 168 bnr 74) • Neste bolk: Tune (Fedje gnr 168 bnr 137) |