Aasmund Olavsson Vinje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870).

Aasmund Olavsson Vinje (født 6. april 1818 i Vinje, død 30. juli 1870 i Gran) var forfattar, diktar og bladmann. For mange er han mest kjent for det han skreiv om norsk natur, særleg om fjellheimen, men han var også ein samfunnsrefsar og målmann med sterke meiningar.

Slekt

Han var son av bygselsmann Olav Aasmundsson Plassen (1786–1864), også kalla Olav Aa. Vinje, og Torbjørg Gjermundsdotter (1787–1828).Han vart født på Uppistog Vinje. Faren rydda i 1824 plassen Plassevja, og Aasmund vaks opp der i lag med den eldre systera Margit. Mora døydde før Aasmund hadde fylt ti år, noko han sleit med seinare i livet - han kjente eit ansvar for at ho gjekk bort så tidleg, noko han satt ord på mellom anna i siktet «Gamle Moder». Faren var ein kjent kulturbærer, og vert også hugsa som ein kjempekar. Han skal ha vore den einaste som nokon gong klarte å leggje byklaren Hallvard Ånundsson VåHovden Der nede i bakken. Aasmund Vinje skreiv rosande om faren, og meinte han var ein betre filosof enn professorane han hadde møtt.

Tidlege år

Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til eit Kviteseid Seminar. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på Asker Seminar, der han tok eksamen sommaren 1843.

Aasmund Vinje søkte stillinga som klokkar i Vinje kyrkje og lærar ved fastskulen der, og hadde ei halv lovnad frå sokneprest Anton Elias Smitt om at han skulle få jobben. Denne kombinasjonen av klokkar og lærar var vanleg på bygda i denne tida. Han vart skuffa, for sambygdingen Olav Fetveit fekk jobben. Han hadde også gått på seminar, og Aasmund meinte at han hadde fått jobben fordi han var gardmannsson. Då Rauland sokn ga Aasmund Vinje eit tilbod om jobb som klokkar og omgangslærer tok han ikkje den posten; han var sår over det han såg som ein sosial forbigåing. Det var nær på at han reiste til Amerika, men i 1844 følgde han råd frå familien og søkte og fekk ein lærerpost ved borgarskulen i Mandal.

Ved sidan av undervisinga på skulen leste han også fag på eige hand på ettermiddagane. Han tok også privatundervising i fransk, tysk og latin, og sette seg inn i praktiske fag. I 1847 tok han handelsborgarskap, noko som gav han røysterett. Han vart ven med Søren Jaabæk, som freista å få Aasmund Vinje med i politikken. Venskapen fekk ein knekk då Jaabæk kausjonerte for eit lån til Vinje, og gardhandelen gjekk gale. Jaabæk måtte betala heile lånet.

I 1848 slutta Vinje på borgarskulen og reiste til Christiania. Han kom inn på Heltbergs Studentfabrikk, og tok examen artium i 1850. På Studentfabrikken vart han mellom anna kjent med Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnsson, som begge var unge diktarspirar på den tida. I 1851 tok han «Anden-Examen», svarande til vår tids examen philosophicum, men med eit meir omfattande pensum i ymse fag. Han studerte så jus, og i 1856 vart han cand.jur. I 1857 vart han autorisert som overrettssakførar, og fekk ei stilling hos høgsterettsadvokat J.C. Lous.

Diktaren og bladmannen

Då Aasmund Olavsson Vinje fekk jobben hos advokat Lous kunne historia ha vorte ein heilt annan. Kanskje hadde han vorte kjent for ettertida som ein god jurist, men han ville nok ikkje blitt ein som alle har høyrt om. Samstundes som han hadde tatt si formelle utdanning hadde han også vore ein aktiv skribent i mellom anna Morgenbladet, Andhrimner, Folkets Røst, Tiden, Christiania-Posten og Illustreret Nyhetsblad. I 1851 vart han korrespondent i Christiania for Drammens Tidende, ein jobb han hadde i åtte år. Det kom meir enn 700 artiklar i avisa frå hans hand i denne tida. Interessa for filosofi, litteratur, folkedikting og anna kultur førte også til at han ikkje heilt slo seg til ro med ein borgarleg karriere.

Det var rette tida for å tenke nye tankar. Februarrevolusjonen i Frankrike i 1848 hadde sendt tankestraumar til heile Europa, og her i Noreg starta Marcus Thrane si rørsle for arbeidarar og husmenn. Vinje stødde denne rørsla, og skreiv mellom anna om husmennene i Andhrimner. Der skreiv han også om andre emne, og ein artikkel som var viktig for hans utvikling var den om dansken M.A. Goldschmidt og hans blad Corsaren. Satirikaren Goldschmidt vart kritisert av mange, men Vinje vart inspirert av han.

I 1852 kom også ein språkstrid til overflata i Christiania. Frederik M. Bugge omsatte delar av Iliaden med innslag frå Ivar Aasen sitt arbeid, og i teateret sto striden om norsk eller dansk språk på scena. Han byrja i denne tida å utforske både språket og journalistfaget, mellom anna i ei serie artiklar kalla «Journalistiken» i Drammens Tidende. I 1858 byrja han å gje ut sitt eige blad, Dølen, og her vidareførte han tankane om faget og språket. Aasmund Vinje var ein tilhengar av eit fritt offentlig ordskifte. I dette skulle journalisten ikkje binde seg til ein side, men i staden vera rettleiar og opplysar. For å kunne gjere dette måtte journalisten ha kunnskap, røynsler og vurderingsevne, meinte han. Han meinte nok sjølv at han hadde dette, men motstandarane var ikkje alltid så sikre på vurderingsevna hans. I denne sida skreiv han om alle slags emne for å informere lesarane. Stilen hans var levande og frisk. Om han følte for det kunne han bryte opp ein prosatekst med vers, og han kunne ofte vere ironisk. Borgarskapet lot seg irritere over dette, og i Christiania-Posten vart hans tekstar ved eit høve omtalt som «Ordgyderi af værste Sort». Men andre hadde meir tiltro til Vinje, og roste stilen og engasjementet hans. Truleg var Vinje med i krinsen Tollekniven i denne tide. Han var også med i krinsen rundt Kristiania norske Theater. Han vart også kjent med Peder Fauchald, ein av dei mest liberale bonderepresentantane på Stortinget.

Språkleg gjekk han gjennom ein prosess i 1850-åra. Han tok ikkje sjølv særleg mykje del i språkstriden i 1852, men merka seg det som vart sagt. Då han byrja å gje ut Dølen i 1858 gjekk han over til landsmål. Språket han har vore sett som vinglande, men det går ei linje frå eit dansk skriftspråk til landsmålet. Linja tok nokre krumspring då han eksperimenterte med forma - den første landsmålsgrammatikken hadde kome berre ti år før - men den går tydeleg i retning av eit meir stabilt landsmål.

Dølen skulle kome ut som vekeavis. Det første året var det på fire sider i veka, men seinare førte reiser til at han ofte ikkje klarte å ha det ferdig i tide. I 1860 gjekk han til Trondheim for å sjå kroninga av Karl IV, og da vart det eit lengre opphold i utgjevinga. Men lesarane fekk sitt, for han skreiv Ferdaminni fraa Sumaren 1860 og sende den til dei. I 1867 kom bladet ut som som del av Vort Land, som vart utgitt av unionskritikarana i Døleringen. Dette varte til september 1867, og så kom Dølen ut som eige blad fram til 24. juli 1870, ei veke før Aasmund Vinje døydde. Økonomisk var Dølen heile tida eit tapsprosjekt. Stoffet i Dølen dekka ei rekkje politiske emne, og ein hadde også dikt og soger. Unionsstriden, og særleg statthaldarstriden, var eit viktig emne. Vinje prøvde der å dempe striden. Han skreiv også om Reformforeningen, der mellom anna Ole Gabriel Ueland og Johan Sverdrup freista å samle venstreliberale. Dette var ein førelaupar for Venstre. Vinje var imot partidanning, mest på grunn av det bundne mandatet Sverdrup ville ha for partimedlemmane på Stortinget, som Vinje mente var meiningstvang.

Utdanningssaka var også viktig for Vinje. Han samarbeida ei tid med Ole Vig, drøfta framlegg til ny skulelov og arbeida for lærarane sine kår. Litteraturmeldingar var også viktig i Dølen. Vinje kritiserte Bjørnson sine bondeforteljingar i 1859; Bjørnson prøvde seg i Arne med eit fornorska bokmål og gav ein idealisert framstilling av bønder, og dette likte ikkje Vinje. Ibsens Brand fekk heller ikkje god omtale, sjølv om Vinje der finn ein del gode ting også. Ludvig Holberg og Johan Sebastian Welhaven vart framheva som ideal; dei var nasjonale forfattarer som Vinje framheva.

Vinje sjokkerte nok ein del då han ga ein positiv omtale av pater Christopher Holfeldt-Houen sitt blad Katholsk Intelligentsblad for christelig sindede Læsere. Han meinte at ein kunne lære mykje av bladet - men kritiserte det danske språket, og sa at Holfeldt-Houen burde ha gått i Olav Engelbrektsson sine fotefar, for erkebiskopen hadde skrive norrønt medan motstandarane nytta dansk språk.

Friluftsmannen

Vinje skreiv ofte om reiser, og følgde tradisjonen med reiseskildringar som kom på 1700- og 1800-talet. Det er forteljingar i eg-form om møte med folk i alle slags lag av samfunnet og på alle slags stader. Ein kunne gjerne dramatisere om historia vart betre av det; det var ikkje faktabøker om reisemål dei skreiv i denne tida. Jamføringar, motsetnad og likskap skulle fram og kasta lys over ting frå fleire vinklar. I Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er dikt lagt inn i teksten som om dei vart skrevne der og då, og gjennom dikta formidlar Vinje kjenslene som er så mykje vanskelegare å få fram i prosa.

Friluftslivet var ein del av barndomsrøynsla for Vinje - han hadde som nemnd vore gjetar som ung gut. Seinare likte han å gå i fjell og utmark, mellom anna saman med Johan Ernst Sars. Dei to og nokre andre vener var i fjellet saman i nokre veker kva sommar frå 1863 og så lenge Vinje levde. Det var Vinje som først nytta namnet Jotunheimen på det om for dei fleste var eit ukjent turistområde. Eidsbugarden ved Bygdin vart bygd som ei lita hytte av Vinje og turkameratane. Vinje skreiv diktet «Pantebrev» om si del av finansieringa; det vart skrive til første årgangen av Den Norske Turistforening sin årbok i 1869. Vinje hadde ikkje eigne midler - Dølen tappa han jo for pengar - så han åtte låne av Thomas Heftye. Heftye hadde vore primus motor ved skipinga av Turistforeninga i 1868. Bygging av slike enkle hytter i fjellheimen er framleis ein av hovudoppgåvene til Turistforeninga, og Vinje reknast med som ein av inspiratorane for den tanken.

Det siste tiåret

Motiv frå Aamund Vinjes vei på Fjellhamar.
Foto: Stig Rune Pedersen (2014).

I 1860-åra vart det stadig meir vanskeleg for Vinje å gje ut Dølen. Som nemnt var det ein del opphald, og ein tid var det ein del av Vort Land. Dagsavisane i Christiania ignorerte han, mest på grunn av målstriden. I 1865 fekk Vinje ein post som ekstraskrivar i Justisdepartementet, og dermed fekk han ein inntekt han kunne leve av. Men i 1868 skreiv han kritisk om regjeringa sin unionspolitikk i Dølen, og mista jobben. Han klarte allikevel å gje ut Dølen meir eller mindre regelmessig, ikkje minst fordi han fekk bidrag frå andre - både artiklar og økonomiske bidrag. Elias Blix var ein av dei som kom inn i kretsen rundt Vinje og Dølen.

Medan det politiske var viktigast i dei første åra Dølen kom ut, vart dikta etter kvart den største innhaldsposten. I 1864 ga Vinje også ut Diktsamling. Her er det med ein del tidlege dikt, skrivne på dansk språkform, og ein del dikt som han i føreordet ymtar om at nok har mindre poetisk kvalitet. Dei beste dikta var dei nyaste, skrevne med omhu på landsmål. Mange av dei mest kjente dikta hans vart skrivne etter at samlinga kom ut.

Vinje ha også ut boka 'A Norseman's Views of Britain and the British, der seksten brev til filosofiprofessor Johan Sebastian Welhaven er samla. Dei tek særleg føre seg den teknologiske utviklinga og moderniseringa av samfunnet, og vart skrivne under opphald i England og Skottland. Den britiske pressa var positiv til boka, men i Norge vart ho knapt omtala.

Den episke diktforteljinga Storegut kom ut i 1866, og i 1867 kom dikt- og prosasamlinga Blandkorn. Elsk og Giftermaal kom som framhaldssoge i Dølen i tida bladet var ein del av Vort Land. Dette var eit forsøk på å skrive ein roman på landsmål, men den vart aldri avslutta. Det historiske skodespelet Olaf Digre vart heller ikkje avslutta og utgjeve. Storegut er, litterært sett, det viktigaste av desse verka.

I 1869 byrja Vinje å redigere boka Vaar Politik. Her samla han stoff frå spalta han sjølv hadde skrive i då han mista jobben i Justisdepartementet året før. Han skreiv også ein kritisk artikkelserie om Anton Martin Schweigaard, som kom ut posthumt som boka Um Schweigaard i 1870. Også Vaar Politik kom ut posthumt i 1870.

Den 20. juni 1869 gifta han seg i Vestre Aker kyrkje med lærar Rosa Constance Sophie Enevoldsen (1836–1870). Ho var født Kjeldseth, og hadde vore gift med lensmann Abraham T. Enevoldsen. Det ekteskapet vart oppløyst. Ho var dotter av kongelig fullmektig Peter Andreas Kjeldseth (1813–1870) og Jensine Glad (f. 1811). Aasmund og Rosa hadde møtt kvarandre i 1868 - han ein femtiåring som aldri hadde vore gift og ho ei fråskild 32-åring. Dei trudde at Vinje skulle få diktarløn i 1869, men det vart det ikkje noko av, så paret hadde det ikkje greit økonomisk.

Dei skulle heller ikkje få noko langt liv saman. Sonen Olaf vart født våren 1870. Rosa vart sjuk, og dødde berre nokre dagar etter fødselen. Aasmund Vinje levde sjølv berre nokre månader til før han døydde av kreft i magen den 30. juli 1870. Han døydde på garden SjoGranavollen, og vart gravlagt på kyrkjegarden ved systerkyrkjene på Gran 3. august.

Sonen Olav, som hadde fått både foreldra reve bort så kort tid etter at han kom til verda, dukkar i folketeljinga 1885 opp som pleieson hos enka Pauline Augusta Kjeldseth (f. 1852 i Flekkefjord) på adressa Huitfeldts gate 18 i Kristiania. Ho hadde også sine to eigne sonar buande der. Dette var enka etter Carl Johan Kjeldseth, broren til Rosa Constance og såleis tanta til Olav Aasmundsson.

Ettermæle

Statue av Aasmund Olavsson Vinje på Sogn studentby i Oslo, laga av Dyre Vaa.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).

Vinje står som ein av bautaene i nynorsken sin historie, og han er også ein av dei første som verkelig gjorde journalistikken til eit fag i Noreg. Nynorsk pressekontor delar ut Vinje-prisen for framifrå pressearbeid på nynorsk.

Det er statuar av Aasmund Olavsson Vinje i heimbygda Vinje, i Skien, på Sogn studentby i Oslo og ved Eidsbugarden i Bygdin.

Han har fått veger oppkalla etter seg fleire stader:

Bygdesangen til Inderøy, «Her ser eg fagre fjord og bygder», er skrive av Vinje.

Kjelder

Primærkjelder