Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda. Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller « protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av ( A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874). Les mer …
Gunhild Aarflot var gardkone på Ekset – og styrte ofte garden medan mannen var vekke. Foto: Heidi Thöni Sletten (2009)
Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. Den 28. juni 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot. Dei fekk fem born. Frå 1798 budde dei på Nedre Ekset i Volda. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar.
Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):
I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme.
|
| Les mer …
|