Lokalhistoriewiki:Hovedside 2
Smakebiter fra artikleneHanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i Norges Kommunistiske Parti.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar. Les mer …Hjalmar Welhaven (født 26. desember 1850 i Christiania, død 18. april 1922 samme sted) var arkitekt og skientusiast. Han var sønn av Johan Sebastian Welhaven og Josephine Angelica Bidoluac. Hjalmar Welhaven var slottsforvalter under kongene Oscar II og Haakon VII. Ved siden av drev han arkitektpraksis i Kristiania, og blant hans mest kjente arbeider er Fridtjof og Eva Nansens hjem Polhøgda i Bærum og flere turisthytter. Welhaven var også en ivrig samler av gamle ski og annet skihistorisk materiale, og hans samling danner grunnstammen i Skimuseet i Holmenkollen. Les mer …Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne. På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350. Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):
Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare. I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten (Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag. Les mer … |
Ukas artikkelSigrid Wiborg Andersen f. Wiborg i Skoger (nå Drammen) 3. juli i 1914 og døde 27. oktober 1978 på Kongsberg) var husmor og ekspeditrise.Under andre verdenskrig var hun motstandskvinne. I begynnelsen av okkupasjonen var hun kurér for ektemannen Finn Andersen, men etter at han ble skutt og drept i 1944, ble hun sambandssjef og kuréransvarlig. Ingen annen norsk kvinne nådde høyere i Hjemmestyrkenes hierarki. Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 306 artikler og 217 761 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |