Mikkeliva (Liva) Djupevåg (fødd 5. august 1907 på Fondenes i Austrheim, død 14. februar 2014 i Austevoll) voks opp i ein søskenflokk på 11 på husmannsplassen Torvneset i Austrheim. 17 år gammal kom ho som tenestjente, taus, til Selbjørn i Austevoll. Der gifte ho seg i 1937 med fiskar Knut Olav Djupevåg, og dei fekk to barn.
104 år gammal var Mikkeliva omvisar på husmannsplassen Torvneset. Les mer …
Faksimile fra avisa "Strilen" 26. februar 2000; omtale av Marie Mangersnes i anledning hennes 100-årsdag.
Marie Mangersnes (født 26. februar 1900, død 12. august 2003) budde i Radøy kommune. 26. februar 2000 fylte ho 100 år, og i ein annonse i Bergens Tidende vart det bedt inn til feiring: «Dei som vil helsa på jubilanten på dagen er hjarteleg velkomne til Hordaheimen i Bøvågen mellom kl. 14 og 18». Ho døydde tre år seinare, 103 år gammal, og vart gravlagt på Manger kyrkjegard. Les mer …
Tomas Tandstad i 2008. Foto: Asgeir Tandstad
Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.
Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar. Les mer …
|