Ein kyrkjebåt ( nynorsk) eller kirkebåt ( bokmål), òg kalla kjørkjebåt, kjerkjebåt o.a. i ulike dialektar, er ein båt som tradisjonelt blir bruka til å ro frå ei grend til den kyrkja grenda soknar til. Kyrkjebåtane varierer i størrelse og utforming. Ofte vil ein kyrkjebåt ha 4–5 årepar; han kan vera spissgatta eller tverrskotta; han er normalt klinkbygd; og han er gjerne utforma i tråd med lokale bruksbåttradisjonar. På Nordmøre er det bevart ein kjerkjebåt med sju par årar — «Fjordamerra», som det er bygd fleire kopiar av frå 1990-åra av. På Ytre Nordmøre blir det elles sagt at det skal ha eksistert båtar med ni par årer. I Sverige har det vore vanleg mange stader med kyrkbåtar med sju eller fleire årepar. I Halvtron i Bergslagen er det fortalt at det var i alle fall to kyrkbåtar med 12 par årar på 1800-talet. Les mer …
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelige lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og då særlig åttringane, fikk ord på seg for å vere utrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskelig kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlige grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsaklig saga bordgangar blei utvikla. Les mer …
Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S vart bygd for Leiv Longva, Gjerdsvika, ved L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen i 1955. Båten hadde kjennesignal LDNX. Seinare fekk båten namnet «Straumingen».
Båten er nærast kopi av « Nybør», som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955. Les mer …
Egersund Kystforening ble stiftet i 1991. Foreningen har til formål å sikre bevaring og allmen bruk av tradisjonelle fartøyer, bygninger, anlegg og kystmiljø for øvrig som er særegne for Egersund-distriktet. Håndverksmessige og andre tradisjoner innen næring, sjømannskap, livsform og liknende som har lokal tilknyting. Foreningen skal ha et nært og gjensidig samarbeid med Dalane Folkemuseum. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN. Les mer …
|