Kvitsøykrossen. Foto: Svein-Magne Tunli (2012)
Kvitsøykrossen, eller Steinkrossen på Kvitsøy, er ein skiferkross frå slutten av jarnalderen på Krossøy i Kvitsøy kommune. Han er lett synleg frå skipsleia, og har i mange hundre år vore eit kjend landemerke.
Ein veit ikkje sikkert kvifor det vart satt opp ein kross her, men berre kring 200 meter frå krossen finn ein ruinane av St. Klemens' kyrkje, først nemnd i 1146 og truleg noko eldre enn det. Krossen kan ha vore knytt til denne kyrkja, men han kan óg ha markert ein eldre heilag stad. Det er ikkje noko som tyder på at han er eit gravminne. Ein teori er at det var engelske misjonærar som sett han opp på 900-talet, men krossen kan óg vere eldre enn dette. Kvitsøykrossen kan altså godt ha stått der då Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson inngjekk eit forlik på staden i 1016, men det er óg mogleg at han vart reist noko seinare. Les mer …
Olav og Else med born ca. 1904.
Olav Aslakson Momrak (1868-1944) var født i Fyresdal. Foreldra var Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), gift 1851 med Anne Gunnarsdotter Klauvreid (1833-1911) frå Skafså. Dei var gardfolk på S. Momrak gnr. 28/1 og så på S. Snarteland gnr. 1/2 der Aslak var frå. Aslak og Anne fekk 9 born, Olav var nr. 8 av desse. I 1891 vart han gift med Else Talleivsdotter N. Væting (1869-1945) frå N. Væting gnr. 35/1. Les mer …
Marie Finnskog deltok under Samemøtet i 1917, hvor hun blant annet sa at «retten til å eie landet og beitestrækningerne tilhørte lapperne som var landets første folk.»Hun har på seg en sørsamisk gåptoe, med tjurrie-tjohpe – den karakteristiske kamformede lua som bare brukes i det rørossamiske området. Marie Finnskog (født 3. mai 1851 i Røros; død på Glemmen pleiehjem i Fredrikstad 7. juni 1927) var en sørsamisk emissær, sangevangelist og folketaler som fra ca 1890 til 1920-årene holdt møter over store deler av Norge. Hun deltok på samemøtet i 1917 og samemøtet i 1921. Hun brukte også navneformene Marie Finskog og Maria Finnskog, og som ugift Maria Kjelsberg og Marie Stengel. Hennes foredrag var dels kristelige, dels om avholdssaken, dels om samisk kultur, og dels mer politisk om «lappernes fortrykte stilling». Hun kan ha vært en av de første samer som talte offentlig om dette. I en redegjørelse for sin virksomhet i 1916 sa hun at hun hadde vært forkynner i 25 år, og talt samenes sak i 15 år. Les mer …
Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær. Les mer …
|