Forside:Jødisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Jøder»)
Hopp til navigering Hopp til søk

RELIGION OG LIVSSYN
buddhisme • folketru • hinduisme • islam • jødedom • kristendom • samisk religion •
URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk

Om Jødisk historie og kultur
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent

Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer ...

 
Smakebiter
Jødekaker.
Foto: Olve Utne
(desember 2017)
Jødekaker (nynorsk/bokmål; dansk jødekager; svensk judekakor) eller jødebrød (svensk judebröd) er det vanlige namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honning og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkaker baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakene er òg at det er minimalt med væske i dei.   Les mer …

Kathe Lasnik. Bildet henger på Fagerborg skole ved siden av bronserelieffet over elever som ble drept under andre verdenskrig.

Kathe Rita Lasnik (født 13. oktober 1927 i Oslo, død 1. desember 1942 i Auschwitz–Birkenau) var en 15 år gammel skoleelev som ble deportert og drept i konsentrasjonsleiren Auschwitz som følge av deportasjonen av jødene under andre verdenskrig.

Kathe Lasnik var ett av fire barn i familien Lasnik, og var «attpåklatten», født 14 år etter den nest yngste søsteren Elise (f. 1913). I tillegg hadde hun også storesøstrene Jenny (f. 1909) og Anna (f. 1911). Foreldrene, Dora (født Meszansky i 1888) og Elias Lasnik (f. 1887), hadde innvandret til Kristiania fra Vilnius i det daværende russiske keiserrike sommeren 1908 da det var vanskelig å leve som jøder der, med begrensede rettigheter og begrensninger på hvor de kunne bo. Det var også en svært stor fattigdom i den jødiske ghettoen i Vilnius, og de reiste da Elias Lasnik ble innkalt til militærtjeneste. Særlig Dora hadde mange slektninger i Kristiania, herunder brødre og søstre.   Les mer …

Snublestein til minne om Rebekka Goldenheim ved hennes siste hjem i Oslo, Observatoriegata 9.
Foto: Chris Nyborg
(2017)
Rebekka Goldenheim (født 24. august 1883 i Kristiania, død 1. desember 1942 i Auschwitz) var musikklærer i Kristiania/Oslo. Under andre verdenskrig ble hun som jøde deportert og drept i gasskammeret i Auschwitz.

Hun var datter av skraphandler Moritz Selig Goldenheim (1851–1910) og Sophie Goldenheim (1854–1908).

I folketellinga 1900 er hun oppført sammen med foreldrene og tre søsken i Norbygata 7. Den eldste av søskene, Helga Goldenheim (1878–1936) var født i Liverpool, mens Amalie (1880–1920) og Josef (f. 1887) var født i Kristiania. Begge foreldre har oppgitt Mariompol (Marianopol) i Russland som fødested, og vi kan ut fra barnas fødested og -år anta at de kom til Norge mellom 1878 og 1880.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …

I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent
Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím. Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige.   Les mer …

Hermann Fischer.
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915.   Les mer …
 
Kategorier for Jødisk historie og kultur
 
Andre artikler
 
Siste endringer for Jødisk historie og kultur


Flere endringer ...