Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark Sidan 2016 har Telemarksarkivet arbeidd med å lage ein bevaringsplan for privatarkiv i Telemark. Hausten 2016 fekk Telemarksarkivet utviklingsmidlar frå Arkivverket for å gjennomførte eit slikt arbeid, og saman midlar frå Telemark Fylkeskommune og ein vesentleg eigeninnsats, vart arbeidet med bevaringsplanen satt i gang.
Leiinga av arbeidet vart lagt til Vest-Telemark Museum, som saman med Telemark Museum og Norsk Industriarbeidermuseum (inkl. Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark) utgjer Telemarksarkivet. Då privatarkiva står utanfor «arkivlova», er det opp til einkvar arkivskapar å sørge for at deira historie vert tatt vare på. I fylket vårt har det aldri vore nokon fylkesdekkjande institusjon som har tatt ansvar for dei private arkiva, og ei heilskapleg oversikt over arkiva har heller ikkje eksistert. Før bevaringsplanarbeidet vart satt i gang fanst det berre eit lite knippe oppgåver der ein hadde forsøkt å kartlegge privatarkiva i fylket. Arkivverkets prosjekt som resulterte i publikasjonen «Til kildene!» (2007) har vore blant desse, og fram til i dag har dette vore den mest grundige av slike kartleggingar. Før dette kan det nemnast at dåverande arkivar ved AAT, Ove Lunde, og dåverande konservator ved Telemark Museum, Inger Marie Bratland, laga omfattande kartleggingar av m.a. privatarkiva i fylket. Ingen av dei nemnte kartleggingane kunne presentere ei liste over arkiva som eksisterte – berre at det fanst arkiv hjå forskjellige institusjonar.
Då Telemarksarkivet tok til arbeidet med bevaringsplanen vart det satt som mål at ein skulle kartlegge privatarkiv ikkje berre i eigne samlingar, men også i samlingar hjå aktørar som ikkje var del av Telemarksarkivet. Dette arbeidet har tatt mykje tid, og framleis er ein ikkje i mål med denne kartlegginga.
Bevaringsplanen kort fortalt
Som førebilete og inspirasjon for vårt arbeid med bevaringsplanen, kikka me til Aust-Agder der «Aust-Agder Museum og Arkiv» hadde publisert sin eigen bevaringsplan i 2016; «BIPA-prosjektet: Bevarings- og innsamlingsplan for privatarkiv fra Aust-Agder». Saman med meldingane frå Arkivverket om korleis bevaringsplanarbeid skulle gjennomførast, teikna me opp ei skisse for vårt arbeid.
Arbeidet med bevaringsplanen kan delast i tre: bestandsanalyse - samfunnsanalyse - bevaringsplan.
Bestandsanalysen skal fortelje kva privatarkiv som allereie er bevart frå Telemark. Bestanda kan i hovudsak delast i to kategoriar; privatarkiv frå profesjonelle bevaringsinstitusjonar som nyttar registreringsverktøyet Asta og som publiserer arkiva på Arkivportalen. Den andre kategorien er bevaringsinstitusjonar som nytter andre registreringsverktøy, eller som ikkje registrerer privat¬arkiva i det heile. I Telemark gjeld dette museum utanfor konsolideringane, eller der musea i Telemarksarkivet ikkje hadde forvaltningsansvar for samlingane, lokalhistoriske samlingar, historielag, bibliotek og kommunale arkiv.
Utdypende artikkel: Privatarkiv frå Telemark - bestandsanalyse
Samfunnsanalysen skal fortelje kva for private aktørar som har eksistert i Telemark. Analysen inneheld historikk om private verksemder, organisasjonar og fenomen som potensielt kan ha skapt privatarkiv i vårt fylke. Denne framstillinga skal nyttast som grunnlag for å avgjere i kva grad me har bevart privatarkiv frå dei forskjellige samfunnsfaktorane.
Utdypende artikkel: Telemark i det 20. århundret
Bevaringsplanen vert ei analyse der ein samanliknar privatarkivbestanda med dei samfunnsfaktorane som har eksistert i fylket, og gjennom dette kan peike ut område med for dårleg dekning i arkiva. Planen er tenkt å skulle nyttast av dei forskjellige bevaringsinstitusjonane i fylket for å lettare kunne prioritere kva privatarkiv dei bør ta inn i samlingane, og kva område i samfunnet ein bør oppsøke for å skaffe dokumentasjon frå gjennom aktiv innsamling.
Utdypende artikkel: Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark
Avgrensing
Institusjonane som inngår i Telemarksarkivet registrerer sine privatarkiv i Asta, og publiserer dei på nettstaden Arkivportalen. Det same gjeld andre profesjonelle bevaringsinstitusjonar (statsarkiv, Riksarkivet m.fl.). Det er slik mogleg å hente ut lister frå alle desse institusjonane og sortere dei etter dei kriteria ein sjølv ynskjer.
Per 1. februar 2017 eksisterte det 943 oppføringar på arkivportalen. Etter at institusjonane i Telemarksarkivet hadde revidert eigne oppføringar, samt registrerte privatarkiv som tidlegare ikkje hadde vore registrert , synte lista 1176 oppføringar.
Attmed dei profesjonelle bevaringsinstitusjonane, fanst det ei rekkje institusjonar og organisasjonar som oppbevarte privatarkiv utan at dei vart registrert i Asta. I 2017 gjennomførte me ei større kartlegging som resulterte i ei liste som vart publisert saman med eiga bestand i bestandsoversikta. Per 1. april 2018 bestod lista av 710 oppføringar, og framleis mangla det opplysningar om bestanda hjå ei rekkje institusjonar.
Det har vore eit mål for bevaringsplanprosjektet at ein også skal kunne fortelje noko om fotosamlingane frå fylket. Alle institusjonar har difor blitt spurt om fotobestand. Hjå bevaringsinstitusjonane utanfor Telemarksarkivet var det bevart ca. 36 300 fotografi og 40 000 digitale fotokopiar. Musea i Telemarksarkivet har ikkje behandla fotografi som arkiv; fotografia har blitt registrert i Primus og publisert på Digitalt Museum. Samstundes som ein kartla arkiva ved musea, gjekk ein samstundes gjennom fotosamlingane. I Telemarksarkivet fanst det 175 fotosamlingar på til saman 2 902 121 fotografi.
Det opphavlege talet over oppføringar over privatarkiv og fotosamlingar som då prosjektet starta synte 934 oppføringar, har ved utgangen av prosjektperioden vakse til 2388 oppføringar. Der ein ikkje har fenge opplyst omfanget over privatarkiva frå ein bevaringsinstitusjon, er heile samlinga registrert som ei samling med estimert hyllemeter. Det reelle talet over bevarte privatarkiv vil difor vere noko lågare enn det nemnte.
Grunnlagsmaterielat for analysen
Analysen over korleis den totale bestanden fordeler seg etter forskjellige kriteriar er skissert i bestandsanalysen. For bevaringsplanen sin del er det naudsynt å gjere ytterlegare avgrensingar for å få eit heilgodt bilete over korleis privatarkivbestanda dekker dei forskjellige områda i samfunnet i Telemark frå 1900.
Samfunnsanalysen vår har konsentrert seg om perioden 1900-dd., og privatarkiva som er tatt med som grunnlag for denne analysen er arkiv som er etablert i den same perioden. I tillegg har me lagt til arkiv som har startår før 1900, men med sluttår etter 1910.
Dei fleste personarkiv og arkivsamlingar er utelatt frå grunnlagsmaterialet dersom dei ikkje representerer ei verksemd. Desse er likevel tatt med i bestandsanalysen vår.
Fotosamlingane er også utelatt frå grunnlagsmaterialet. Sjølv om ei samling med foto kan dokumentere ei bedrift (ein fotograf) si verksemd, gir slike samlingar eit falskt bilete av røynda, ettersom det oftast ikkje eksisterer anna arkivmateriale som fortel om sjølve drifta av bedriftene. Alle fotosamlingar vert difor behandla mot slutten av denne planen, men i dei nærings- og organisasjonsgruppene der fotosamlingane er særskild plassert, vert dette nemnt i teksten. (95 av dei 175 fotosamlingane hjå musea i Telemarksarkivet manglar plassering i kategori, alle 36 fotosamlingar frå andre bevaringsinstitusjonar manglar plassering.) Arkiv som inneheld forretningsmessige dokument frå fotografbedrifter er tatt med under «M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting».
Omfanget til dei forskjellige privatarkiva er ikkje alltid opplyst. Hjå dei profesjonelle bevaringsinstitusjonane manglar det opplysningar om omfang ved 179 privatarkiv, medan opplysninga manglar ved så godt som alle privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar. Ein har likevel lagt saman omfang i dei forskjellige kategoriane, med forbehold om at desse tala kan variere mykje frå sanninga.
Etter at grunnlagsmateriale er avgrensa sit dei profesjonelle privatarkivinstitusjonane att med ei bestand på 1286 oppføringar. Av desse er 233 bedriftsarkiv, medan dei resterande 1053 er organisasjonsarkiv. Attmed desse kjem 333 privatarkiv som høyrer til samlingar hjå andre bevaringsinstitusjonar. Av desse er 102 bedriftsarkiv og 231 organisasjonsarkiv. Opplysningane om desse privatarkiva stammar frå spørjeundersøking, og ein har ikkje undersøkt innhaldet i materialet nærare. Privatarkivar er difor presentert under «Andre». Det er tala under «Arkivfaglege institusjonar» som er nytta som grunnlag når me skal vurdere dekningsgrad.
Vurdering
I den fylgjande analysen vil me forsøke å gje ei framstilling av korleis grunnlagsmaterialet reflekterer forteljinga i samfunnsanalysen. I kva grad har me dekning gjennom privatarkiva for dei fenomena som har vore gjeldande på 1900-talet i Telemark? Analysen er delt inn i tre periodar. Dette er dei same periodane me har nytta i samfunnsanalysen; periode 1 (1900-1945), 2 (1946-1972) og 3 (1973-dd.). For å avgjere i kva grad dei bevarte privatarkiva gir dekning for eit samfunnsfenomen i ein periode, har me nytta fargekodar. Hovudregelen for fargelegginga er denne:
| Dokumentert | |
| Svakt dokumentert | |
| Udokumentert | |
| Utan dokumentasjonsgrunnlag |
Det som avgjer kva farge ein kategori får er ikkje nødvendigvis mengda arkiv eller omfanget av desse, men ei fagleg vurdering med bakgrunn i samfunnsanalysen. Til dømes: sjølv om det frå bergverksindustrien er bevart seks arkiv som samla tel 7,7 hyllemeter, tilfredsstiller ikkje dette til ei god vurdering av kategorien. Bergverksindustri og gruvedrift var ei viktig næring i Telemark (jf. samfunnsanalysen), og det bevarte materialet er vurdert til å ikkje reflektere denne tendensen. Studerer ein innhaldet i bestanden, syner denne at det i praksis berre er bevart arkiv frå tre arkivskaparar (Åmdals Verk, Ødegårdens Verk og Dalen Gruber), men at arkivmateriale er fordelt mellom forskjellige bevaringsinstitusjonar. Sjølv om privatarkivmaterialet dekker alle periodar, vert den samla vurderinga «raud».
Alle slike vurderingar er forsøkt forklart under kvar enkelt tabell.
Geografisk fordeling
Den totale privatarkivbestanda er synt i bestandsoversikta. Grunnlagsmaterialet for analysen er 1289 privatarkiv fordelt over 2450 hyllemeter (i tillegg kjem 325 privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar, samt 3 246 105 fotografi). Dette arkivmaterialet fordeler seg på denne måten geografisk:
| Kommune | Antall hjå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter hjå arkivfagleg institusjonar |
Antall hjå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter hjå andre bevaringsinstitusjonar |
Fotografi |
|---|---|---|---|---|---|
| Bamble | 85 | 34,27 | 2 | 5 | 11 652 |
| Bø | 11 | 1,16 | 99 | 10 000 | |
| Drangedal | 23 | 1,54 | 55 | 16 500 | |
| Fyresdal | 15 | 12,66 | 5 | 1,2 | 1 432 |
| Hjartdal | 2 | 0,55 | 1 350 | ||
| Kragerø | 96 | 19,37 | 16 | 300 000 | |
| Kviteseid | 12 | 33,62 | 0 | 0 | 2 100 |
| Nissedal | 7 | 1,25 | 17 | 7,1 | 13 000 |
| Nome | 40 | 70,18 | 2 | 4 500 | |
| Notodden | 70 | 27,02 | 5 | 3 | 81 325 |
| Porsgrunn | 218 | 723 | 0 | 0 | 723 260 |
| Sauherad | 19 | 1,12 | 39 | 5 200 | |
| Seljord | 33 | 95,86 | 3 | 0,1 | 107 164 |
| Siljan | 5 | 1,27 | 7 | 1 | 1 163 |
| Skien | 301 | 647,3 | 2 | 0,5 | 756 437 |
| Tinn | 141 | 567,8 | 3 | 105 454 | |
| Tokke | 61 | 30,34 | 2 549 | ||
| Vinje | 19 | 9,5 | 69 | 1 976 | |
| Grenland | 27 | 24,28 | 1 | 923 000 | |
| Midt-Telemark | 4 | 0,2 | 0 | 0 | |
| Nedre Telemark | 6 | 31,01 | 0 | 0 | 2 295 |
| Telemark | 78 | 101,5 | 0 | 0 | 175 400 |
| Vest-Telemark | 7 | 1,1 | 0 | 0 | 348 |
| Øst-Telemark | 8 | 13,84 | |||
| Øvre Telemark | 1 |
Det er stor skilnad mellom dei forskjellige kommunane når det gjeld både talet på arkiv og omfanget av desse. Talet på privatarkiv hjå arkivfagleg institusjonar vert i stor grad påverka av om det har vore andre bevaringsinstitusjonar som har tatt seg av innsamlingsarbeidet, som t.d. i Bø (Bø Museum), Sauherad (Sauherad lokalhistoriske arkiv) og i Vinje (Lokalhistorisk arkiv i Vinje).
Kommunane der private verksemder og organisasjonar er dårlegast dokumentert, er i Hjartdal, Siljan og Nissedal.
Fordeling over tid
Dei fleste arkiv hjå dei arkivfagleg institusjonane er merka med ytterår. Legg ein saman arkiva som dekker kvart år, kan ein lage ei framstilling som syner korleis dei forskjellige åra er dokumentert i bestanda. Her har ein tatt med alle oppføringane av private aktørar hjå arkivfaglege institusjonane. Dersom ytterår ikkje er oppgitt, vert ikkje arkiva med i framstillinga. Fotosamlingane er heller ikkje med i framstillinga.
Talet på privatarkiv aukar kraftig utover 1900-talet. Ein viktig årsak til dette er at talet på organisasjonar som vart danna i denne perioden vaks kraftig, og at mange av arkiva etter desse er bevart.
Det året som er best dokumentert i privatarkivbestanden er 1961. 550 privatarkiv dekker dette året. Det er elles interessant å sjå at det eksisterer færre arkiv nærare notid.
Økonomi og næringsliv
Bedriftsarkiva kan fordelast etter næringsgrupper. Me har nytte SN2007-inndelinga som Statistisk Sentralbyrå nyttar, då dette er den same standarden som vert nytta når me registrerer privatarkiva i Asta. (Sjå https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6)
Primærnæringane
Frå primærnæringane er det registrert 20 arkiv. Desse utgjer 10,96 hm. I tillegg høyrer 30 arkiv frå andre aktørar til i denne kategorien. Omfanget til desse er stort sett ikkje opplyst.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Gardsarkiv | 10 | 6,33 | 23 | 0,25 | ||||
| Jordbruk og tenestar knytt til jordbruk, jakt og viltstell | 4 | 0,53 | 4 | 0,3 | ||||
| Skogbruk og tenester knytt til skogbruk | 6 | 4,1 | 3 | |||||
| Fiske, fangst og akvakultur | 0 | 0 | 0 | 0 |
Gardsarkiva er størst i omfang, men berre eitt arkiv dekker perioden etter 1972.
Frå jordbruk eksisterer det arkiv etter to pelsdyrgardar og eit halmlutingslag.
Under Skogbruk har me rekna arkiva etter fellesfløytingsforeiningane og lag som omsett tømmer. Slekten Aall sitt arkiv kan det truleg ligge mykje materiale om skogbruka, men dette arkivet er plassert under «treindustri».
- Det eksisterer 3000 foto frå «Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening» og 400 frå «Telemark Tømmersalgslag».
Fiskerinæringa er ikkje dokumentert i det heile.
Sekundæringane
Frå sekundærnæringane er det registrert 61 arkiv. Desse tel 1719,25 hm i omfang. Ein stor del av dette talet (1100 hm) dreier seg om Norsk Hydro. I tillegg høyrer 16 arkiv frå andre bevaringsinstitusjonar til i denne kategorien. Omfanget til desse arkiva er stort sett ikkje opplyst.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| B. Bergverksdrift og utvinning | 6 | 7,7 | 5 | 3 | ||||
| C. Industri: Produksjon av nærings- og nytelsesmidlar | 8 | 38,7 | 4 | 0,2 | ||||
| C. Industri: Produksjon av tekstil, klær og lærvarer | 6 | 4,45 | 2 | |||||
| C. Industri: Produksjon av trelast, varer av tre, kork, strå og flettematerialar, unntatt møblar | 6 | 81,4 | 1 | |||||
| C. Industri: Produksjon av papir og papirvarer | 6 | 266,4 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av kol- og raffinerte petroleumsprodukt | 1 | 1 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av kjemikaliar og kjemiske produkt | 8 | 1100,8 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av farmasøytiske råvarer og preparat | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av gummi- og plastprodukt | 0 | 0 | 1 | |||||
| C. Industri: Produksjon av andre ikkje-metallhaldige mineralprodukt | 3 | 125 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av metaller og metallvarer | 1 | 0,5 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av elektrisk utstyr | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av motorvogner og tilhengere | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Produksjon av andre transportmidlar | 8 | 52 | 1 | |||||
| C. Industri: Produksjon av møblar | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Anna industriproduksjon | 2 | 1,1 | 0 | 0 | ||||
| C. Industri: Reparasjon og installasjon av maskiner og utstyr | 1 | 0 | 0 | |||||
| D. Elektrisitet-, gass-, damp- og varmtvanns-forsyning | 2 | 2,1 | 1 | |||||
| E. Vannforsyning, avløps- og renovasjons-verksemd | 1 | 1 | ||||||
| F. Bygge- og anleggsverksemd | 3 | 48,1 | 0 | 0 |
B. Bergverksdrift og utvinning: Gruvedrift har vore ei viktig næring fleire stader i Telemark. Av dei seks bevarte arkiva stammar to frå Åmdals Verk og tre frå Ødegårdens Verk. Det siste kjem frå Dalen Gruber. Samanlikna med bergverksdrifta si betydning i fylket – særleg i dei to fyrste periodane, reknar me næringa som svakt dokumentert.
C. Industri: 50 av dei 62 arkiva høyrer til under kategorien «Industri». Desse utgjer 1671,35 hm. Industriarkiva har eit stort mangfald, og her fylgjer ei kort forklaring på vurderingane:
- Produksjon av nærings- og nytelsesmidlar var utbreidd i fylket, og det eksisterte produsentar i kvar ei bygd. Samanlikna med betydninga er næringa vurdert å vere svakt dokumentert.
- Produksjon av tekstil og klær har vore ei viktig næring for fleire kommunar i fylket, men med unnatak av "Kragerø Trikotasjefabrikk" (3,8 hm), eksisterer det berre fragment frå denne næringa. Det eksisterer svært lite privatarkiv om folkedrakt- og bunadstradisjon. Næringa er vurdert å vere svakt dokumentert.
- - Det eksisterer 200 foto frå «Tele Silkeveveri».
- Produksjonen av trelast er hovudsakleg dokumentert gjennom «Aall-arkivet» (65 hm) og arkivet etter «Lakshøl Bruk» (9 hm). Omfang manglar ved tre arkiv, og det er difor vanskeleg å vurdere dekningsgrada. Basert på næringas betydning i fylket er næringa vurdert å vere svakt dokumentert.
- Samla tel arkiva frå papir- og cellulosefabrikkane i fylket 266 hm. Arkiva etter «Union» og «Skotfoss Bruk» tel samla 263 hm. Det manglar opplysningar om omfang ved eitt arkiv. Grunna dei store verksemdene si betydning for næringa, er næringa vurdert å vere dokumentert.
- - Det eksisterer 7 000 fotografi etter familien «Holta».
- Næringa som framstiller kol- og raffinerte petroleumsprodukt er nærast udokumentert, med berre «Tokke Trekull- og Tjærefabrikk» sitt arkiv bevart. Produksjon av m.a. tjøre har vore knytt til småsysleri i fylket, medan større industriverksemder har drive storproduksjon som på Rafnes i Bamble. Næringa er rekna som udokumentert.
- Produksjon av kjemikaliar og kjemiske stoff er dokumentert gjennom Norsk Hydro sine arkiv. Andre produsentar av kjemiske produkt er ikkje dokumentert. Til gjengjeld var bedrifta einerådande i si næring i Telemark. Næringa er difor rekna som dokumentert.
- - Det eksisterer 322 338 fotografi etter «Norsk Hydro».
- Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå næringa som omfattar framstilling av farmasøytiske produkt og preparat. Med enkelte unntak (m.a. Weifa) blei farmasøytiske produkt kjøpt frå andre delar av landet. Medisin blei lenge laga ved apoteka, og frå desse eksisterer det arkiv under tertiærnæringane. Næringa er rekna som udokumentert.
- Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå plast- og gummiindustrien, enno «Norsk Extruding» var ei pionerbedrift på Notodden og det har eksistert fleire verksemder i Grenland, m.a. «Norner» i Bamble. Næringa er ikkje dokumentert.
- Produksjon av ikkje-metallhaldige mineralprodukt er dokumentert gjennom arkiva frå «Porsgrunds Porselænsfabrik», «Norrøna Fabrikker» og «A/S Borgestad». Enno kategorien inneheld produksjon av andre produkt (sement og glass) som ikkje er del av den bevarte bestanden, er næringa vurdert å vere dokumentert.
- - Det eksisterer 15 000 fotografi etter «Porsgrunds Porselænsfabrik».
- Det eksisterer knapt arkivmateriale frå metallindustrien, enno smelteverka var uvurderleg fleire stader i fylket. Det var storproduksjon av jernvarer og gategods på Ulefoss. «Brevik Staalpresningsverk» er representert med 0,5 hm. Grunna næringa si betydning er den likevel vurdert til å ikkje vere dokumentert.
- - Det eksisterer 300 fotografi etter gullsmed «Henrik Lund».
- Det eksisterer ikkje arkivmateriale frå verksemder som dreiv produksjon av elektrisk utstyr, enno det fanst fleire verksemder som dreiv med denne sysselen. Næringa er difor merka raud.
- Ingen arkiv bevart frå produksjonen av køyretøy. Denne næringa har vore snever i fylket, men kvar er arkivet etter «Troll»?
- Produksjon av andre transportmidlar er i hovudsak representert gjennom båtbyggingsarkiva. Materialet dekker alle periodar, men siste periode er rekna som svakt dokumentert. Omfanget er berre opplyst ved fire av tolv arkiv.
- Det eksisterer ikkje arkiv frå møbelindustrien, enno det eksisterte/-er ei lang rekke verksemder i fylket.
Som ein ser manglar det dokumentasjon frå fleire industrinæringar, enno dei utgjer mykje i omfang.
D. Elektrisitets-, gass-, damp- og varmtvannsforsyning: Kraftutbygginga var enorm i Telemark. Mange verksemder var offentlege, og fell difor utanfor denne undersøkinga. Det er likevel dårleg at det er teke vare på så lite materiale frå dei mindre kraftverka som hadde private eigarar. Dei to arkiva som er bevart er «Finndøla Kraftverk» (2 hm) og «Rudsgrend elektrisitetsverk» (0,1 hm). Samla har ein rekna næringa som udokumentert.
- - Det eksisterer 7 000 fotografi etter «Tinfos AS».
E. Vannforsyning, avløps- og renovasjonsvirksomhet: Mange av desse verksemdene var også offentlege, og fell difor ut av vår undersøking. Arkivet etter «A/L Åfoss vannverk» er det einaste bevarte. Næringa er merka «raudt».
F. Bygge- anleggsvirksomhet: Svært lite materiale er bevart frå anleggsbransjen. 48 hm er bevart frå «Skiensfjordens bygnings- og entreprenørforretning». Næringa er merka «raudt».
PS: Isdriftnæringa var enorm på byrjinga av 1900-talet. I 1900 sysselsatte den meir enn 1700 personar i fylket vårt. Likevel er "Falkumelvens Iskompani" det einaste som er bevart frå næringa.
Tertiærnæringane
Frå tertiærnæringane eksisterer det 158 privatarkiv som samla utgjer 468,23 hyllemeter. Ved ein stor del av arkiva er det ikkje opplyst omfang. Frå andre bevaringsinstitusjonar er det bevart 46 privatarkiv som samla tel 15,97 hyllemeter. Her manglar det stort sett opplysningar om omfang.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| F Varehandel, reperasjon av motorvogner | 48 | 74,74 | 27 | 13,97 | ||||
| H. Transport og lagring | 27 | 129,7 | 2 | |||||
| I. Overnatting- og serveringsstader | 6 | 6,53 | 0 | 0 | ||||
| J. Informasjon og kommunikasjon | 13 | 6,13 | 4 | |||||
| K. Finansiering- og forsikringsverksemd | 17 | 60,33 | 2 | |||||
| L. Omsetting og drift av fast eigendom | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 8 | 30,4 | 0 | 0 | ||||
| N. Forretningsmessig tenesteyting | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| O. Offentleg administrasjon og forsvar, trygde¬ordningar underlagt offentleg forvaltning | 2 | 4,6 | 0 | 0 | ||||
| P. Undervisning | 10 | 34,6 | 3 | |||||
| Q. Helse- og sosialtenester | 7 | 45,9 | 4 | 1 | ||||
| R. Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar | 18 | 71,15 | 4 | 1 | ||||
| S. Anna tenesteyting | 1 | 0,05 | 0 | 0 |
F. Varehandel: Heile perioden er dokumentert. Hovudvekta ligg i den fyrste perioden. Heile spekteret av forretningstypar er ikkje representert i bestanden, noko som bør vere eit mål. Opplysningar om omfang manglar ved 12 av dei 48 arkiva.
H. Transport og lagring: Både rutebildrift og båttransport er dokumentert. Rutebilselskapet «Telemark Bilruter» omfattar dei fleste selskapa i Vest-Telemark, i tillegg til ein del selskap i Nedre Telemark gjennom arkivet frå «Grenland Nord». Arkivet inneheld også materiale frå avdelinga som driv linjegods. Færre rutebilselskap representert frå Aust-Telemark. Sjøtransport representert både i Telemarkskanalen og i Vestmar. Det manglar materiale frå flyplassane og jarnbanane.
- - Det eksisterer 500 fotografi frå «Norsjø-Skienskanalen».
I. Overnattings- og serveringsstadar: Svært lite materiale er bevart. Arkivet etter «Central Hotel» i Kragerø måler 6 hm åleine. Overnattingstadane har vore viktige for turistnæringa heilt sidan 1900, noko som ikkje representerast i arkiva. I tillegg er det omtrent ikkje bevart arkiv frå serveringsstadane. Næringa er difor vurdert å vere svakt dokumentert.
J. Informasjon og kommunikasjon: Næringa er hovudsakleg dokumentert gjennom avis- og trykkeriarkiva. Arkiva dekker alle periodar, med hovudvekt på dei to fyrste. Det eksisterer ikkje arkiv frå lokale radio- og fjernsynsstasjonar. Grunna betydninga næringa hadde, har ein vurdert denne til å vere svakt dokumentert.
- - Det eksisterer fem fotosamlingar frå denne kategorien på til saman 114 100 foto.
K. Finansierings- og forsikringsverksemd: Det eksisterer privatarkiv frå heile perioden. Elleve av arkiva er bankarkiv, dei seks andre er forsikringsselskap eller anna finansiell verksemd. Næringa er vurdert å vere dokumentert.
L. Omsetting og drift av fast eigedom: Næringa er svakt dokumentert gjennom arkivet etter «Herøya Industripark» (2004-2012). Samla er næringa vurdert til «raud».
M. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting: Kategorien inneheld forskjellige spesialiserte yrkesgrupper. Arkivbestanda består av tre advokatarkiv, tre arkitektarkiv og to fotografarkiv. Hovuddelen av omfanget er frå advokat «Hallvard Roholdt» sitt arkiv (25 hm) og arkitekt «Wilhelm Swensen» (4 hm). Veterinærane er ikkje representert i det heile, og berre to av arkiva er frå fotografar. Næringa er likevel vurdert til å vere dokumentert.
- - Det eksisterer elles 40 bevarte personarkiv som er merka med denne næringskategorien. Dette er fotosamlingar frå forskjellige fotografar som samla tel 602,35 hm (2 099 582 foto). Arkiva inneheld berre foto og ikkje anna arkivmateriale som kan fortelje noko om drifta av verksemdene.
N. Forretningsmessig tjenesteyting: Næringa er ikkje dokumentert.
P. Undervisning: Det eksisterer hovudsakleg materiale frå dei to fyrste periodane. I siste periode vart det oppretta ei rekkje private skular då dei offentlege lokalskulane blei nedlagt. Desse er ikkje dokumentert. (Mykje undervisningsverksemd er også registrert under «opplysningsarbeid» under organisasjonane). Samla er næringa rekna å vere svakt dokumentert.
- - Det eksisterer 500 fotografi etter «Skien Videregående Skole».
Q. Helse- og sosialtenester: Av dei 46 hyllemetrane frå denne næringa, tel bedriftshelsetenesta på Herøya (Norsk Hydro) 42,6 hm. Dei seks andre arkiva er små i omfang, og næringa er vurdert å vere svakt dokumentert. Arkivmateriale om dette temaet ligg også hjå organisasjonane som dreiv med liknande verksemd.
- - Det eksisterer 250 fotografi frå «Ingolf barnehage».
R. Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar: Musea i fylket er godt dokumentert. Av andre fritidsverksemder er det berre arkivet etter «Langesund Bad» som er bevart, i tillegg til enkelte arkiv etter kunstnarar og forfattarar. Samfunnsanalysen fortel at fylket har vore store på festivalar, konsertscener, spel og studentskipnadar, underhaldningsparkar, utstillingar m.m.
Organisasjonar
Av den totale privatarkivbestanden er det heilt klart organisasjonsarkiva som er størst i antall. I omfang er likevel denne gruppa langt mindre enn arkiva frå næringslivet. Medan dei 239 bedriftsarkiva samla målte 2198,44 hm, tel dei 1053 organisasjonsarkiva 441 hm.
Alle organisasjonsarkiv vert sortert etter standardkategoriane i Asta (sjå bestandsanalysen). Kategoriane er ikkje tilfredsstillande for å gje eit godt bilete av organisasjonsarkiva i Telemark. Ein har difor sortert lista annleis og konstruert meir nøyaktige kategoriar som dei forskjellige arkiva deretter er plassert i.
Økonomiske og politiske interesseorganisasjonar
Økonomiske og politiske interesseorganisasjonar har ei samla bestand på 701 privatarkiv. Desse utgjer 197 hm. Hovuddelen av arkiva kan knytast arbeidstakarorganisasjonane, medan den nest største delen av arkiva stammar frå dei politiske partia, i hovudsak arbeidarrørsla.
Landbruk, skogbruk og fiske
Det eksisterer 21 privatarkiv frå organisasjonar innanfor landbruk, skogbruk og fiske. Samla tel desse arkiva 7,77 hm, men ved to arkiv manglar opplysningane om omfanget. Hjå andre aktørar er det oppbevart 31 arkiv. Omfanget til desse er stort sett ukjend.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Skog- og grunneigarlag | 7 | 0,78 | 9 | 0,2 | ||||
| Bonde- og småbrukarlag | 5 | 0,96 | 6 | |||||
| Avlslag | 1 | 0,05 | 5 | |||||
| Trygdelag for dyr | 2 | 0,63 | 1 | |||||
| Jakt og fiske | 2 | 4,5 | 2 | |||||
| Innkjøpslag | 0 | 0 | 1 | |||||
| Meierilag | 1 | 0,15 | 2 | 0,2 | ||||
| Egg- og fjørfelag | 1 | 0,1 | 3 | |||||
| Birøktarlag | 2 | 0,6 | 0 | 0 | ||||
| Frukt og grønnsaker | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Fiskeri | 0 | 0 | 0 | 0 |
Av organisasjonskategoriane innan landbruk, skogbruk og fiske er samtlege kategoriar vurdert som svakt dokumentert eller ikkje dokumentert i det heile. Skog- og grunneigarlaga og bonde- og småbrukarlaga inneheld til saman tolv arkiv, men omfanget av desse er sopass avgrensa at dei er vurdert som svakt dokumentert. Kategorien med jakt og fiske inneheld arkivet etter «Telemark Jeger- og fiskeforening» (1,5 hm) og «Norsk Jægerforening» (3 hm) som begge er relativt store arkiv. Organisasjonar innan fiskerinæringa er ikkje representert. Det er heller ikkje organisasjonsarkiv frå frukt- og grønnsakproduserande bønder.
- Det eksisterer 400 fotografi frå «Telemark Tømmersalgslag» og 500 frå «Telemark Landbrukslag».
Fagrørsler og bransjeorganisasjonar
Det eksisterer 396 privatarkiv frå fagrørsler og bransjeorganisasjonar. Samla tel desse 125,69 hm. Hjå andre aktørar er det bevart 13 privatarkiv.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Arbeider- og småbrukarforeiningar | 7 | 0,13 | 0 | 0 | ||||
| Skog- og landarbeidarforeiningar | 28 | 1,72 | 2 | 0,2 | ||||
| Industri | 144 | 63,14 | 0 | 0 | ||||
| Transport | 26 | 9,5 | 1 | |||||
| Yrkesorganisasjonar for arbeidarar i offentleg sektor | 39 | 11,6 | 5 | |||||
| Bygg og anlegg | 62 | 13,42 | 0 | 0 | ||||
| Handel, kontor og finans | 37 | 11,67 | 2 | |||||
| Hotell og restaurant | 4 | 0,93 | 0 | 0 | ||||
| Media og grafikk | 11 | 6,07 | 0 | 0 | ||||
| Samorganisasjonar: LO-foreiningar o.l. | 18 | 5,65 | 2 | 0,25 | ||||
| Arbeidsløses foreiningar | 6 | 0,16 | 0 | 0 | ||||
| Arbeidsgjevarorganisasjonar | 1 | 0,5 | 0 | 0 | ||||
| Andre | 13 | 1,2 | 1 | 0,2 |
Det eksisterer sju arkiv frå arbeider- og småbrukarforeiningar. Svakast dekning i fyrste periode.
Det eksisterer 28 arkiv etter skog- og landarbeiderforeiningar. Dei fleste arkiva er lokallag der omfanget er svært lite. Berre eitt arkiv manglar opplysning om omfang, og kategorien er rekna som dokumentert.
Frå industrien er det bevart 144 arkiv frå foreiningane. «Herøya arbeiderforening» tel 12 hm, medan «Rjukan arbeiderforening» tel 8 hm. Ein stor del av dei andre arkiva er svært små i omfang (0,01 hm). Samla er kategorien vurdert å vere dokumentert.
Innan transport eksisterer det arkiv etter losse-, stuer- og lastearbeidarar. Her er også arkiv etter jernbanearbeidarar og transportarbeidarforeiningar. Kategorien inneheld også arkiv etter eit par lense- og fløytearbeidarforeiningar.
Blant yrkesorganisasjonane for arbeidarar innanfor offentleg sektor, finn ein arkiv etter helsearbeidar-, lærar- og kommunale foreiningar. Sjølv om materialet dekker alle periodar, er enkelt yrkesretningar dårlegare dokumentert enn andre (m.a. frå helsevesen).
Under bygg og anlegg ligg arkiva etter vegarbeidarklubbar, anleggs- og gruvearbeidarar, målar- murar- og snikkararbeidarar samt elektrikarar.
Handel, kontor og finans inneheld arkiv etter spareforeiningar, handel- og kontor-forbund og foreiningar knytt til forretningar. Arkiva etter samvirkelag er stort sett plassert under handel i tertiærnæringane.
Foreiningane innan hotell- og restaurantnæringa er svakt dokumentert med berre fire bevarte arkiv. Media og grafikk inneheld arkiv frå fire grafiske foreiningar, to trykkeriklubbar, og frå organisasjonar knytt til journalisme. Arkivet frå «Telemark journalistlag» er størst, og tel tre hm. Det er bevart 18 arkiv frå samorganisasjonar i Telemark. Dei arbeidsløses foreiningar var eit fenomen på 1920- og 30-talet, og av desse er det bevart 6 små arkiv.
Arbeidsgjevarorganisasjonane er berre representert gjennom arkivet frå «Norges Rutebileierforbund avd. Telemark», og utgjer 0,5 hm.
Politikk
Det eksisterer 297 privatarkiv frå politiske parti og rørsler. Samla tel desse 39,92 hm, men også her manglar det opplysningar om omfang ved fleire. Hjå andre aktørar er det bevart 11 arkiv.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| NKP | 14 | 1,46 | 0 | 0 | ||||
| NKU | 12 | 0,44 | 0 | 0 | ||||
| AKP, RV, Rødt | 4 | 0 | 0 | |||||
| Rød Ungdom | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| SV/SF | 21 | 3,26 | 1 | |||||
| Sosialistisk Ungdom | 9 | 0,33 | 0 | 0 | ||||
| Arbeidarpartiet | 38 | 11,91 | 0 | 0 | ||||
| Arbeiderlag | 60 | 5,38 | 0 | 0 | ||||
| AUF | 40 | 3,68 | 0 | 0 | ||||
| Kvinneforeiningar under AP | 30 | 4 | 1 | |||||
| Anna verksemd knytt til arbeidarrørsla | 47 | 4,96 | 0 | 0 | ||||
| Senterpartiet | 2 | 0,6 | 2 | |||||
| Senterungdommen | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Miljøpartiet de grønne | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| KrF | 2 | 1,2 | 1 | 0,5 | ||||
| Kristelig Folkepartis Ungdom | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Venstre | 6 | 0,35 | 2 | 0,25 | ||||
| Unge Venstre | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Høgre | 1 | 0,3 | 0 | 0 | ||||
| Unge Høyre | 1 | 0 | 0 | |||||
| Framstegspartiet | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Fremskrittspartiets Ungdom | 0 | 0 | 0 | 0 | ||||
| Andre parti | 1 | 0,04 | 1 | |||||
| Politiske rørsler | 9 | 2,01 | 3 |
Arbeiderpartiet er det politiske partiet som er best representert i arkiva. Dette kan forklarast med AAT sitt innsamlingsarbeid i fylket.
- Det eksisterer 300 fotografi frå «Rjukan Arbeiderforening» og 300 frå «Herøya arbeiderforenings pensjonistgruppe».
Når det gjeld dei andre partia i fylket bør ein trekke fram den dårlege representasjonen til partia på høgresida. FrP er ikkje representert i det heile, medan det berre er bevart eitt arkiv frå Høgre. Dei fleste andre partia er også dårleg representert, inkludert Venstre og Senterpartiet som historisk har vore store parti i fylket vårt.
Arkiva frå politiske rørsler er i hovudsak knytt til EF-avstemming, medan kategorien «anna politisk verksemd» i hovudsakleg inneheld arkiv frå forskjellige komitear (dyrtids-, spania-, revolusjonære- og fredskomitear).
Religiøse, humanitære og ideelle organisasjonar
Religiøse, humanitære og ideelle organisasjonar har ei samla bestand på 329 arkiv. Desse utgjer 267,3 hm. Hovuddelen av omfanget stammar frå idretten.
Religion og livssyn
Det eksisterer 25 arkiv frå religiøse organisasjonar. Desse tel 33 hm, men omfanget manglar ved seks arkiv. Hjå andre bevaringsinstitusjonar er det bevart 22 arkiv.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Misjon | 11 | 29,1 | 12 | |||||
| Bedehus, søndagsskular | 5 | 1,1 | 9 | 0,2 | ||||
| Kristne utanfor statskyrkja | 9 | 2,8 | 0 | 0 | ||||
| Ikkje-kristne trussamfunn | 0 | 0,0 | 0 | 0 | ||||
| Livssynsorganisasjonar | 0 | 0,0 | 1 | |||||
| Andre organisasjonar innan statskyrkja | 5 | 0,5 | 3 |
Dei religiøse organisasjonane er best dekt i kategorien for misjon. Her er arkivet etter «Normisjon/Skien Indremisjon» (19 hm) det største.
Omfanget ved dei fleste andre arkiva er svært små. Med tanke på kor stor rolle dei religiøse rørslene hadde i fylket, kan ingen av dei kristne kategoriane merkast grønt. Arkiva etter ikkje-kristne trussamfunn er ikkje representert i det heile, og heller ikkje andre livssynsorganisasjonar.
Idrett og fritid
Det eksisterer 156 arkiv frå idrett og fritid i fylket. Samla tel desse 154,3 hm. Hovuddelen av omfanget er knytt til idrettslaga. Hjå andre aktørar eksisterer det 78 arkiv. Omfanget til desse er stort sett ukjend.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Idrettslag | 28 | 88,06 | 13 | 1,6 | ||||
| Arbeider- og bedriftsidrettslag | 16 | 1,47 | 0 | 0 | ||||
| Skyttarørsle | 4 | 4,1 | 3 | 0,3 | ||||
| Speidarrørsla | 5 | 19,6 | 1 | |||||
| Teater/revy | 1 | 2 | ||||||
| Musikkorps | 4 | 0,17 | 1 | |||||
| Kor/songlag | 29 | 5,99 | 7 | 0,9 | ||||
| Folkemusikk | 0 | 0 | 5 | |||||
| Historielag | 15 | 22,35 | 10 | 1,2 | ||||
| Kunst | 3 | 3 | 1 | |||||
| Handtverk | 5 | 0,8 | 1 | 0 | ||||
| Mållag | 1 | 0,1 | 7 | |||||
| Diskusjonsforeiningar/samtalelag | 4 | 0,2 | 0 | 0 | ||||
| Turisme | 5 | 2,3 | 1 | 0 | ||||
| Bornelag | 19 | 1,42 | 10 | |||||
| Ungdomslag | 15 | 3,82 | 15 | 0,6 | ||||
| Anna fritid | 6 | 1,07 | 1 |
Idrettslaga frå Telemark er godt representert i privatarkivbestanda. Slår ein saman omfanget ved dei tre største idrettslaga; Seljord IL, Rjukan IL og Telemark Idrettskrets, tel desse til saman 60 hm. Omfanget ved dei andre laga er langt mindre. Arkiva frå arbeider- og bedriftsidrettslaga er svært små i omfang. Det manglar berre opplysningar om hm ved eitt av desse.
- Det eksisterer 2 000 fotografi frå «Telemark Idrettskrets».
Skyttarrørsla er svakt dokumentert. «Rjukan skytterlag» tel 4 hm åleine.
Speidarrørsla er representert med fem arkiv som samla har eit ganske stort omfang. Alle desse arkiva høyrer heime i Nedre-Telemark.
- Det eksisterer 1000 fotografi frå «3 Skien (Speidergruppe)» og 1520 frå «Rjukan Speidergruppe».
Privatarkiv frå organisasjonar som driv med musikk, dans og drama er godt representert når det gjeld arkiva frå kor og songlag. Frå dei andre kategoriane eksisterer det få privatarkiv med lite omfang. Folkemusikkarkivet i Telemark tek seg av innsamlinga av folkemusikk gjennom opptak og artiklar.
Det er bevart seks arkiv etter historielag. Elles inneheld gruppa arkiv etter foreiningar knytt til musea. Det eksisterer få arkiv frå kunst og handverk, enno det har eksistert mange husflidlag i fylket. Mållaga er dårleg representert i arkivbestanda. Berre eitt arkiv er bevart. Til gjengjeld har andre aktørar bevart arkiv frå sju mållag. Under turisme finn ein tre turistforeiningar, og to andre organisasjonar knytt til turisme.
- Det eksisterer ei fotosamling på 300 foto frå «Visit Rjukan».
Borne og ungdomslaga er representert med 34 arkiv. Arkiva frå bornelaga er stort sett etter lokallag av «Framfylkingen», LO sin borneorganisasjon. Arkiva er svært små i omfang. Blant arkiva frå ungdomslaga høyrer lag som fokuserer på målføre, religion o.a. Omfanget hjå desse er også lite.
- Det eksisterer 105 fotografi frå «BUL Måna».
Ideell og humanitær verksemd
Det eksisterer 146 arkiv frå ideell og humanitær verksemd i Telemark. Samla tel arkiva 81,63 hm. I tillegg kjem 72 arkiv frå andre aktørar. Omfanget til desse arkiva er stort sett ukjend.
| Kategori | Privatarkiv frå arkivfaglege institusjonar |
Hyllemeter frå arkivfaglege institusjonar |
Privatarkiv frå andre bevaringsinstitusjonar |
Hyllemeter frå andre bevaringsinstitusjonar |
1900-1945 | 1946-1972 | 1973-d.d. | Samla vurdering |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Fråhaldslag | 23 | 16,44 | 16 | 0,5 | ||||
| Sosial velferd | 24 | 13,99 | 1 | |||||
| Sanitetsforeiningar | 9 | 15,25 | 2 | |||||
| Helselag | 3 | 3,1 | 17 | 2,25 | ||||
| Nærmiljø- og velforeiningar | 9 | 1,13 | 3 | |||||
| Heim og familie | 11 | 5,4 | 6 | 0,3 | ||||
| Humanitære organisasjonar | 20 | 15,37 | 7 | |||||
| Kvinneforeiningar | 10 | 3,75 | 10 | |||||
| Pensjonistlag | 5 | 0,72 | 1 | |||||
| Opplysningsarbeid | 32 | 6,48 | 9 |
Det er bevart 23 arkiv frå fråhaldslag i fylket. Desse tel samla 16,44 hm. Arkivet etter «Motorførernes Avholdsforbund» tel 8 hm åleine. Fem arkiv manglar opplysning om omfang.
Gruppa sosial velferd består i hovudsak av arkiv etter hjelpekasser og trygdeordningar. Mykje av materialet høyrer til yrkesgruppa sjømenn. Opplysning om omfang manglar ved seks arkiv.
Det eksisterer ni arkiv etter sanitetsforeiningane. «Solum sanitetsforening» tel 8 hm åleine. Opplysning om omfang manglar ved to arkiv.
Blant arkiva frå helselag finn me «LHL Rjukan», «Rjukan Radiumforening» og «Telemark krigsinvalideforening». Desse utgjer lite i omfang. Hjå andre aktørar er det bevart ei lang rekke (15 stk) helselag av den typa som var innmeldt i «Nasjonalforeningen for folkehelsen».
- Det eksisterer 600 fotografi frå «Rjukan Radiumforening».
Under humanitære organisasjonar finn ein i hovudsak lokale avdelingar av Norsk Folkehjelp (8 stk). Dei resterande organisasjonane varierer i type og omfang. «Nasjonalhjelpens fond for krigens ofre» tel 10 hm.
- Det eksisterer 106 fotografi frå «Rjukan Røde Kors».
Arkiva frå kvinneforeiningane dekker alle periodar. Dei fleste arkiva er små i omfang, og kva dei forskjellige laga arbeidde med varierer mykje.
I kategorien opplysningsarbeid reknast folkeakademia og AOF-foreiningane. I tillegg kjem forskjellige diskusjonsforeiningar. Det eksisterer arkiv etter seks folkeakademi, samt 15 AOF-foreiningar. Andre aktørar har bevart arkiva etter seks folkeakademi.
Fotosamlingar
I bestandsoversikta er det kartlagt 3 246 141 fotografi. Av desse høyrer 2 871 818 til musea i Telemarksarkivet. 374 323 høyrer til andre bevaringsinstitusjonar, men av desse er 300 000 bevart hjå Berg-Kragerø Museum.
Fotografia kan plasserast i 208 forskjellige samlingar. Omfanget av desse varierer frå 1 foto til 900 000. Samla utgjer fotosamlingane hjå musea 941,9 hm. Omfanget hjå dei andre aktørar er uviss.
I rammene av denne bevaringsplanen har me ikkje hatt ressursar til ei grundigare kartlegging av innhaldet i dei forskjellige fotosamlingane frå Telemark. Der plasseringa av ei fotosamling har vore tydeleg, er samlinga presentert i teksten over. Likevel kan me presentere ei geografisk framstilling av fotomaterialet som er kartlagt. Problemet med ei slik framstilling er at den geografiske plasseringa til fotografen ikkje nødvendigvis reflekterast i motiva på fotografia. Menneske frå heile Austlandet kunne t.d. reise til Ragnvald Nyblin for å bli fotografert, men fotoverksemda er likevel rekna til Grenland der kontoret og studioet låg plassert. Framstillinga over fotobestanden frå Telemark kan presenterast på denne måten etter regionar:
| Region | Inkluderer kommunane | Antall | Andel | Foto per innbyggjar |
|---|---|---|---|---|
| Aust-Telemark | Hjartdal, Notodden, Tinn | 188 129 | 5,8 % | 9,3 |
| Vest-Telemark | Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje | 128 569 | 4,0 % | 9,1 |
| Midt-Telemark | Bø, Nome, Sauherad | 19 700 | 0,6 % | 1,1 |
| Grenland | Bamble, Porsgrunn, Siljan, Skien | 2 415 512 | 74,4 % | 22,6 |
| Vestmar | Drangedal, Kragerø | 316 500 | 9,8 % | 21,5 |
| Region | Inkluderer regionane | Antall | Andel | Foto per innbyggjar |
|---|---|---|---|---|
| Nedre-Telemark | Midt-Telemark, Grenland, Vestmar | 2 754 007 | 84,8 % | 19,8 |
| Øvre-Telemark | Aust-Telemark, Vest-Telemark | 316 698 | 9,8 % | 9,2 |
Den klart største delen av fotografia kjem frå Nedre-Telemark med nesten 85 prosent av bestanden. 9,8 prosent høyrer til Øvre Telemark, medan dei resterande er knytt til fylket i sin heilheit.
Undersøker ein regionane meir i detalj, syner oversikta at Midt-Telemark er den regionen som kjem dårlegast ut med berre 0,6 prosent av bestanden. Bø Museum og Evju bygdetun har til saman 15 000 av desse fotografia. Dei resterande er hovudsakleg knytt til samlingar i Nome.
4 prosent av fotobestanda kan knytast til Vest-Telemark. Hovuddelen av fotografia, 103 255 stk, høyrer til Arne Aas (Seljord) si fotosamling. Den resterande bestanda utgjer ein andel på 0,8 prosent av totalen.
Frå Aust-Telemark høyrer 5,8 prosent av fotografia. Færrast finn ein i Hjartdal (1 350 stk), medan det eksisterer flest frå Tinn – av desse stammer 1/3 frå Norsk Hydro.
Frå Vestmar finn ein 9,8 prosent av bestanda. 300 000 foto blir oppbevart hjå Berg-Kragerø Museum. Dei resterande er samla inn av Drangedal Historielag.
Grenland er regionen med den største andelen av fotografia. Heile 74,4 prosent stammer herifrå. Mykje av materialet kjem frå fotografbedrifter som har vore verksame i Skien og Porsgrunn. Mykje av innhaldet er portrett som syner personar som kan vere født andre stadar enn i Grenland.
Frå heile Telemark er det bevart 3 246 105 fotografi. Dette svarar til 18,7 fotografi per innbyggjar rekna etter innbyggjartal frå 2017 (173 307 innbyggjarar per 1. januar 2017).
Anbefalingar for innsamling av privatarkiv frå Telemark
Resultata frå bevaringsplanen for privatarkiv i Telemark syner at det eksisterer ei rekkje skeivheiter mellom bestanden hjå dei arkivfaglege institusjonane og den historiske røynda som har eksistert i Telemark. Det må vere et mål at desse skeivheitene vert retta opp slik at har kjelder til å fortelje historia om Telemark meir heilskapleg i framtida. Skeivheitene eksisterer både geografisk, i tid og tematisk. Her er eit kort samandrag over område ein bør rette meir målretta innsats mot i vårt fylke.
Fleire kommunar er dårleg representert
Dei geografiske variasjonane er store i fylket vårt. Det er samla mest privatarkiv i Nedre Telemark. Det er i denne regionen det har vore mest aktivitet i både dei sekundære og primære næringane, og dette er difor ikkje spesielt overraskande. I Aust-Telemark er det også bevart mykje arkiv, og desse er gjerne knytt til industrien. Vest-Telemark kjem dårleg ut, og her er variasjonane mellom kommunane store. I Midt-Telemark er det bevart lite arkivmateriale blant profesjonelle bevaringsinstitusjonar, men til gjengjeld er det bevart mange viktige privatarkiv hjå andre bevaringsinstitusjonar. Elles er det nokon kommunar som er særleg dårleg representert;
- Hjartdal er kommunen som kjem dårlegast ut med berre to bevarte privatarkiv. At det eksisterer privatarkiv frå kommunen plassert i kategorien «Aust-Telemark» gir ikkje noko stort utslag for talet på arkiv eller omfanget av desse. Med dei fem hyllemetrane historielaget har samla som ikkje er rekna med i denne oppgåva, tilfredsstiller heller ikkje det låge talet arkiv.
- Siljan kjem også dårleg ut i statistikken med berre fem arkiv. Årsaka kan truleg forklarast med den korte avstanden til Skien. Ein bør likevel undersøke nærare kvifor talet på privatarkiv er lågt her.
- Nissedal er representert med sju arkiv. Kommunen tek vare på ein del privatarkiv som burde vore tilgjengelege for fleire. Historielaget har lite privatarkiv, men mykje anna kjeldemateriale frå kommunen.
Få arkiv frå notid – kvar vert det av dei digitale arkiva?
I tid vert det tydeleg at tida nærast notid er dårleg dokumentert i arkiva. Tida etter 2010 er berre dokumentert i 50 privatarkiv. I heile Telemarksarkivet er det berre ei handfull arkiv som er avlevert digitalt, med unnatak av fotoarkiva. Innsamling av digitale arkiv bør ha eit stort fokus framover, men før det blir utvikla ei nasjonal løysing for desse typar arkiv, vil ikkje Telemarksarkivet setje i gang eit eige system for slik bevaring.
Store manglar blant næringslivsarkiva
Privatarkiv frå næringslivet er svakt dokumentert i fleire kategoriar. Blant næringane som er dårlegast dokumentert er
- fiskerinæringa
- isdriftsnæringa
- jernverka
- overnattingsstadene.
Alle desse områda er tillagt stor betydning i samfunnsanalysen utan at dette reflekterast i privatarkivbestanda.
Skeivheiter blant organisasjonsarkiva
På tross av mengda arkiv frå organisasjonslivet, er organisasjonane svakt dokumentert i fleire kategoriar.
- Jordbruk, skogbruk og fiske kjem særskild dårleg ut med berre 25 arkiv. Saman med arkiva frå næringslivet er denne gruppa, inkludert gardsarkiva, berre representert med 43 arkiv, 32,14 hm.
- Fleire politiske parti manglar god dokumentasjon i arkiva, og det er særleg partia på høgresida som kjem dårleg ut.
- Religiøse organisasjonar er berre representert gjennom arkiva frå 25 kristne organisasjonar. Dette talet er svært lågt når ein granskar betydninga kristendomen hadde i fylket på 1900-talet. Ein bør også rette fokus mot dei andre trusretningar og livssynsorganisasjonar som har eksistert i fylket. Desse er ikkje representert i vår bestand.
- Blant fritidsorganisasjonane bør dei som gjeld musikk, dans og drama trekkast fram. Sjølv om kora i fylket verker å vere godt representert, manglar det arkiv frå dei fleste andre retningar innan denne kategorien. Same dårlege representasjon gjeld kunst og handverksorganisasjonar, medan målrørsla er representert med eitt enkelt arkiv.