Volda kommune
Volda kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1519 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Volda |
Areal | 22.28 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 22.28 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Liste over ordførarar |
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Ørsta, Vanylven og Ulstein i Møre og Romsdal. I sør mot Hornindal og Eid kommune i Sogn og Fjordane. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden.
Geografi
Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.
Voldsfjorden har to sidearmar: Dalsfjorden og Austefjorden. Sånn halvegs i Austefjorden går Kilsfjorden, ei lita sidearm mot sør-vest.
Dei større bygdene i Dalsfjorden er Velsvika, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfoten, Steinsvika og Dalsbygda. I Austefjorden er Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn, Follabygda og Høydalen. I Kilsfjorden er Bjørnaset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. På sørsida, rett over fjorden frå Volda sentrum ligg Folkestad. Nord for Volda sentrum ligg Morkabygda og Berkneshalvøya med Lid og Berkneset og i sørenden av Vartdalsfjorden, heilt nord i kommunen, ligg Yksnøya.
Europaveg 39 går gjennom kommunen, i sør frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, nordover på vestsida av fjorden til Folkestad, vidare med ferje til kommunesenteret Volda. så mot nordaust over til Ørsta kommune. Volda og Ørsta deler Ørsta/Volda lufthamn som ligg på Hovden.
Det skrevne ord
Kommunevåpnet til Volda har ein pennspiss som symbol og saman med nabokommunen Ørsta har området lange tradisjonar med språk og det skrevne ord. Ivar Aasen kom frå Ørsta. Lokalavisa Møre reknar seg som Noregs eldste lokalavis (1810). På Ekset, låg noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk, som vart oppstarta i 1808. Eit museum i Aarflotgarden inneheld gamle maskiner frå prenteverket. Haugen bok er ein av dei største bokhandlarane i Noreg.
Kommunehistorikk
Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart vart kommunen delt og den austlegaste delen, Ørsta blei etablert som eigen kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 3 485 innbyggjarar, mens Ørsta hadde 2 070 innbyggjarar. 1. januar, året etter, vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar ført tilbake til Volda.
1. juli 1924 vart Dalsfjord kommune skilt ut som eigen kommune, den hadde då 960 innbyggarar. Volda kommune hadde etter oppdelinga 4 715 innbyggjarar. Men 1. januar 1964 vart Dalsfjord kommune igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6 056 innbyggjarar og Dalsfjord 1 151, slik at den nye Volda kommune total hadde eit innbyggjartal på 7 207.
Ordførarar i Volda 1837-
- Sjur Halkjelsvik 1837-39 og 1842-45
- Peder E. Schjelderup 1840-41
- Anders Welle 1846-49
- Mauritz Aarflot 1850-57 og 1860-85
- Rasmus Aarflot 1858-59 og 1886-87
- Rasmus Barstad 1888-89
- Rasmus Mork 1890-93
- Laurits Barstad 1894-1904
- Oskar Norman Eng 1905-10
- Anders Vassbotn 1911-13
- Ola Rotevatn 1914-16 og 1920-31
- Henrik Kaarstad 1917-19
- Ole Drabløs 1932-34
- Ola Heltne 1935-37
- Johan Alvestad 1938-41 og 1945
- Georg Rønnestad 1946-47
- Henrik Driveklepp 1947
- Martin Dahl 1948-51
- Johs. Nes 1952-55
- Per Longva 1956-59
- Karl Alme 1960-67
- Sigurd H. Halkjelsvik 1968-75
- Eilert Bø 1976-79
- Rasmus R. Aarflot 1980-1987
- Knut Bere 1987-2003
- Ragnhild Aarflot Kalland 2003-2011
- Arild Iversen 2011-
Organisasjonsliv
Volda husflidslag held til i kommunen.
Nokre personar frå Volda
- Johannes Barstad, (1857–1931), prest, forfattar og bladstyrar i Stille stunder
- Saxe Bjørkedal, (1926– ), Kystkulturberar
- Sigurd Bjørkedal, båtbyggjar
- Lovise Heggen, (1893–1975), Lektor, politikar og vararepresentant på Stortinget
- Harald Haugen, bokhandlar
- Simone Larsen, vokalist i bandet D'Sound
- Beate S. Lech (1974-), jazzvokalist og orkesterleder
- Petter Løvik, (1949–2007), stortingsrepresentant
- Henrik Kaarstad, (1865–1927), skulemann. Starta Volda lærarskule
- Rasmus P. Mork, (1866–1950), meieripioner
- Beate Slettevoll Lech, vokalist
- Anne Steinsvik Nordal, (1949– )
- Rasmus Steinsvik, (1863–1913), målmann og bladmann. Bladstyrar i Den 17de Mai
- Anders Vassbotn, (1868–1944), gardbrukar, diktar og politikar
- Oline Vassbotn Drabløs (1894–1989), bunadsforkjempar og bondekvinne
- Rasmus Jakobsson Vassbotn,(1749–1821), gardbrukar og dagbokforfattar
- Håvard B. Øvregård, (1975– ), leiar i Noregs Mållag
- Magnar Åm, (1952– ), komponist, organist
- Sivert Aarflot, (1759–1817), bladstyrar i Norsk Landboeblad
- Martin Ulvestad, (1865–1924), emigrasjonshistorikar
- Jostein Nerbøvik, (1938–2004), professor i historie
Ekserne lenkjer
Litteratur
- Voldaminne 1987: Volda kommune 150 år s. 24