Forside:Volda kommune

(Omdirigert fra «Forside:Volda»)

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Del av Knut si handskriva bok
Foto: Stein Høydalsvik

Brislingåret 1928 er historia om korleis ti-åringen Knut Høydalsvik opplevde fisket i Høydalen i Volda. Han fortel sjølv:

Her i bygda var det eit stort notlag. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.

Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Notabåten Trollet.
Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot.   Les mer …

Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar

Spanterøter og bjelkekne vart brukt i samband med bygging av kravellbygde båtar, mellom anna i Volda.

Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma.   Les mer …

Logoen til kystlaget

Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen i Volda. Båtane er no samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen. Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.

Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag.   Les mer …

Volda lærarskule ca 1950
Foto: Johan J. Nerbøvik

«Skulestaden Volda» er ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei større byane i Noreg.

Ein trekkjer gjerne røtene attende til presten Hans Strøm, via Sivert Aarflot og Ivar Aasen fram til den første høgare skulen vart etablert i 1861.

Alt frå 1840-åra vart det på Søre Sunnmøre arbeidd med å forbetre nivået til omgangsskulelærarane. I spissen stod prestane, og først var det forsøkt å få til ein slik skule i Herøy. Men frå midt i 1850-åra var det presten og kommunestyret her i Volda som arbeidde fram plan og søknad om å få etablere ein høgare allmueskule – nærast ein framhaldsskule – i kombinasjon med ein «Dannelsesanstalt» for omgangsskulelærarar.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar