Forside:Hornindal

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Forside:Hornindal kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund

Om Hornindal
1444 Hornindal komm.png
Hornindal kommune låg i Sogn og Fjordane, og grensa til Volda og Ørsta i nord, Stranda i aust, Stryn i sør og Eid i vest. Namnet kjem frå dalføret Hornindal. Administrasjonssenteret var tettstaden Grodås.

Kommunen vart oppretta i 1838, og vart i 1965 delt mellom kommunane Eid og Stryn. I 1977 vart Hornindal ein eigen kommune att, da delen som hadde gått til Stryn vart fråskilt. Under kommunereformen 2014–2018 vurderte Hornindal samanslåing med Stryn og Volda. Det endelege kommunestyrevedtaket av 30. juni 2016 var at kommunen skulle slå seg saman med Volda, og ønskte at den nye kommunen skal høyre til Møre og Romsdal fylke.[1] Samanslåinga vart gjennomført 1. januar 2020.

Hornindal var ein industrikommune, og særleg sto trevare- og møbelindustrien sterkt.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762 syner vegen over Kviven på den tida.

Kvivsvegen vert det kalla veganlegget som frå 2009 vart bygd i Austefjorden i Volda kommune, Møre og Romsdal og i Hornindal kommune i Nordfjord, Sogn og Fjordane. Anleggsområde var frå Geitvika i Austefjorden, Volda kommune, og til Grodås, Hornindal kommune. Før veganlegget er heilt ferdig skal det utførast forbetringar mellom Grodås og kryss ved Riksveg 15 (Kjøsbru). Sameleis på riksveg 651 frå Volda til Geitvika. Da hovuddelen av veganlegget var ferdig i 2012, vart det fergefritt og kortare samband mellom Søre Sunnmøre og riksveg 15 austover eller Europaveg 39 sørover.

Kvivsvegen har namn etter fjellet Kviven. Det er 1027 moh. og ligg på grensa mellom Volda og Hornindal. Truleg kjem namnet av verbet kvive, som tyder suse eller kvine. Då er det nok vinden på toppen som det vert utleida frå.   Les mer …

Haakon Aasvejen
Haakon Aasvejen (fødd 21. august 1862 i Hegra, død 6. oktober 1919 på Eid) var skulestyrar, redaktør, venstrepolitikar og målmann. Han var son av Gunnar Haakensson og Hendrika Hendriksdotter som var husmannsfolk på Åsvegen under garden Knotten i Hegra i Nord-Trøndelag. I Fjordane vart Aasvejen ein leiar for radikalt venstre- og norskdomsarbeid. Han tok initiativet til Firda mållag som vart skipa 1. april 1899 og sat i fylkesstyret til 1905. Då Aasvejen vart styrar ved Fjordenes amtsskole, gjekk skulen heilt over til landsmål som undervisningsspråk. Hausten 1899 fekk han i stand eit opprop for målsaka i Fjordane. Han var svært mykje nytta som talar og som lærar på kurs i nynorsk, mellom anna på eitt som vart halde på Eid i 1900 og truleg var det fyrste i Fjordane. Det var òg Aasvejen som kom med framlegget i skulestyret i Eid i 1907 om at folkeskulen skulle gå over til nynorsk opplæringsmål, noko dei fleste krinsane gjorde året etter.   Les mer …

Knut Kirkhorn. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885.
Knut Rasmusson Kirkhorn (fødd 31. mai 1830 i Hornindal, død 3. mars 1885 på Tynset) frå Hornindal i Sogn og Fjordane var lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og politikar for Venstre. Han møtte på Stortinget 1875, 1877 og 1880–85 og var fyrste ordføraren i Hornindal. Han var son av Rasmus Olsson og Olave Olsdotter Kirkhorn. Faren var gardbrukar og kyrkjesongar, og Knut Kirkhorn vart sjølv seminarist frå Stord i 1850. Deretter var han huslærar hos soknepresten Nils Nilssen DahlEid i Nordfjord, Walter Scott Dahl var då ein av elevane hans. Han var lærar og kyrkjesongar etter faren i heimbygda Hornindal frå 1852.   Les mer …

 
Eksterne ressursar
Forside:Hornindal/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Hornindal
ingen underkategorier
 
Andre artiklar
 
  1. «Hornindal forlet Sogn og Fjordane, og sa ja til Volda» på NRK Sogn og Fjordane, publ. 30.06.2016.