Bjerkreim kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen grensar til Gjesdal i nord, Sirdal i aust, Eigersund i sør og Hå og Time i vest. Administrasjonssenteret er Vikeså, som er einaste tettstaden i kommunen. Kommunenamnet er teke frå kyrkjestaden Bjerkreim. Den norrøne forma Bjarkareimr er sett saman av bjǫrk, trenamnet 'bjørk', og 'heim'.
Bjerkreim er ein jordbrukskommune, med særleg vekt på husdyrbruk. Kommunen hadde i 2010 det høgaste talet sauer blant landets kommunar. Det er ein del industri, og kommunen har vore i vekst i seinare år. Særleg finn ein verkstadindustri, men òg næringsmiddel- og trevareindustri. Les mer ...
Smakebitar fra artiklar
Flyfoto av Vikeså frå 1961.
Foto: Widerøe / Nasjonalbiblioteket
Vikeså er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bjerkreim kommune i Rogaland. Med drygt 1000 innbyggjarar (2018) er meir enn ein tredjedel av de som bur i kommunen samla i Vikeså. Staden ligg ved E39 eit par mil sør for Ålgård og nord for Svelavatnet. Eit anna viktig vegsamband er riksveg 503 til Byrkjedal.
Namnet kjem truleg for norrønt vikir, eit eldre namn på Svelavatnet, kombinert med naturnemninga ås. Les mer …
Bjerkreim kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen grensar til Gjesdal i nord, Sirdal i aust, Eigersund i sør og Hå og Time i vest. Administrasjonssenteret er Vikeså, som er einaste tettstaden i kommunen. Kommunenamnet er teke frå kyrkjestaden Bjerkreim. Den norrøne forma Bjarkareimr er sett saman av bjǫrk, trenamnet 'bjørk', og 'heim'.
Bjerkreim er ein jordbrukskommune, med særleg vekt på husdyrbruk. Kommunen hadde i 2010 det høgaste talet sauer blant landets kommunar. Det er ein del industri, og kommunen har vore i vekst i seinare år. Særleg finn ein verkstadindustri, men òg næringsmiddel- og trevareindustri. Les mer …