Forside:Kulturminneregistrering i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2018 kl. 13:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Kulturminneregistrering i Volda
Kulturminneregistrering i Volda er eit prosjekt som kom i gang i samband med arbeidet med kulturminneplan for Volda kommune, som starta opp våren 2017. Her tek ein sikte på å samle informasjon om så mange kulturminne som muleg innafor kommunegrensene, og mange både tidlegare artiklar og nyskrivne vil etter kvart bli kopla til prosjektet.   Les mer ...
 
Smakebitar
Haslekroken klar til bruk
Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.   Les mer …

Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les mer …

«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. No i Bergen Museum
Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2008
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den bygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar, «saavel staaende som sittende». Vi veit lite om utsmykking i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet.   Les mer …

Stavkyrkja i Volda. Tatt ned i 1858. Malt av Ranveig Alvestad Halkjelsvik
Foto: Narve F. Birkeland
Stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i VoldaSunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den utbygd til krosskyrkje. Første tilbygget kom i 1550-åra. Det andre ei god stund seinare. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja, «saavel staaende som sittende». Kyrkja vart tatt ned i 1858.   Les mer …

Gamlegymnaset i 2009, før oppussingsarbeidet starta.

Gamlegymnaset i Volda vart bygd av Bergenhusiske regiment i 1851 til kapteinene sine. Difor vart bygget kalla «Kapteinsgarden». Huset hadde ei grunnflate på 150 m2 og vart bygd med èin etasje.

I 1891 kjøpte Aage Stabell huset for å begynne med «Millomskule». I 1910 kjøpte Johan Fredrik Voss og Olav Riste for å drive skule vidare, og det vart det første treårige gymnaset på landsbygda i Noreg. På den tida vart bygd på ein 2. etasje, og huset vart slik vi kjenner det i dag.   Les mer …
 
Kategoriar for Kulturminneregistrering i Volda
ingen underkategorier
 
Andre artiklar