| Om Heimar og folk i Bykle
|
Heimar og folk i Bykle, band I.
Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.
Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden,
Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.
Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes. Les meir ...
|
|
|
| Smakebitar frå artiklar
|
Stigamidjom 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Den gamle plassen Stigamidjom ligg ein snau kilometer nordanfor Moen i Trydal i ei kro innunder Tangebakkane. Staden ligg lageleg til, med utsyn over Sakshylen på vestsida, og lognt mellom Bergji i nord og Stigafjødd i sør.
Dei som rudde og fyrst budde her var ekteparet Eivind Ånundsson og Åse Tarjeisdotter og borna deira. Han var gardmannsson frå Utistog Stavenes, son åt Ånund Pålsson, som dei kalla Rike-Ånund, og kona, Ingebjørg Tarjeisdotter, fødd Byklum.
Nett kva år Eivind og Åse sette i gang med å etablere seg i Stigamidjom kan vera litt uvisst. Det me utan vidare kan slå fast er at dei fekk bygselsbrev på plassen hjå Arne Torleivsson i Nordstog Trydal i 1853. Men brevet vart ikkje tinglyst fyrr i 1860, og då kan det vel også godt ha gått nokre år frå plassfolka stakk spaden i jorda fyrste venda og til det vart gjort skriftleg avtale. Plassvilkåra tykkjest ha vore rimelege. Dei skulle skjera 1 1/2 mål åker i året, det var heile leiga.
Eivind og Åse budde lenge i Stavenes, der Eivind var eigar av bnr 5 (halve Utistog). Tydelegvis gjekk det ut med han, slik at han i 1847 laut selje til Olav Såvesson på Teigen. Han og familien hans mellomlanda då ei tid som busetar i Bjones, fyrr dei vart husmannsfolk i Stigamidjom. Les mer …
Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.
Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.
- Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
- g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986.
Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.
Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns. Les mer …
Holen 1965. Myri nærast, Der uppe attom. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der uppe er det andre av dei to gamle bruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier, låg det litt høgre i terrenget enn Myri.
I bolken om den udela garden kom me til at Tarjei Andresson, som var gift med syster åt odelsmannen, var den fyrste oppsitjaren her, og budde her iallfall frå 1690-åra. I den gamle gards- og ættesoga (51) les me at han var frå Brotteli, og ut ifrå namna passar dette godt, det var vitterleg ein Andres Tarjeisson i Brotteli i det aktuelle tidsromet. Men det er uråd å prove at Tarjei her var son hans, og opplysninga i den gamle boka lyt difor stå som ei gjeting. Urimeleg er ho ikkje, men altså usikker. Me set opp fødselsåret hans med atterhald, ettersom det berre er utrekna etter oppgjeven alder ved gravferda.
- Tarjei Andresson, f ca 1652, d 1734
- g m Torbjørg Auversdtr. Holen, d fyre 1734. Born:
- Jorunn, f ca 1681, g ca 1713 m em Asbjørn Torsson Røysland, sjå Valle VI, 511
- Andres, g 1721 m Tone Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
- Gunnar, f ca 1687, g 1718 m Astrid Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
- Auver, f ca 1692, g 1. 1721 m e Gunhild Gunnarsdtr. Bjørnarå, g 2. 1768 m Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor, jfr Bjørnarå Der heime
- Anne, g 1731 m Ånund Torgrimsson Flatland, sjå Valle VI, 198 Les mer …
Den gamle brua nedanfor Hoslemo på prospektkort frå 1890-talet. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
Hoslemo ligg på vestsida av riksvegen frå Skarsmo mot Berdalsbru. Frå Hoslemo til Bykle kyrkje er vel ei mil, og i eldre tid budde det ikkje folk på denne mila. Til næraste granne, Glidbjørg, er nå kring 4 km. Frå tuna i Hoslemo kan dei ikkje sjå andre gardar. Tuna ligg kring 700 m over havet, i ei nokså bratt, solrik sørhelling. Framfor seg har dei vide furumoar, attanfor ligg fjellet. Tregrensa er ikkje langt unna.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (NG 8, 212) som fylgjer:
| Navnet synes at indeholde Gen. Ent. af hasla f., som betyder Hasselstang. Dette Ord forudsætter naturligvis ikke, at Hassel har voxet her (den naar ialfald nu ikke til Bykle); selv Stænger af en anden Træsort vilde kunne kaldes saa, naar de blev anvendt, til et Formaal, hvortil man pleiede at bruge Hasselstænger. Hvilken Betydning det her i Ent. skulde have, er dog vanskeligt at afgjøre, hvis det ikke er Elvenavn, som ofte andre Steder, se NE. S. 92. Der gaar her en Tverelv fra Vest ud i Otra.
|
|
|
At Larsen set namnet i samband med hasl, m, hassel, kjem nok av at det finst ei rekkje med skriftformer frå kring år 1600 og frametter der gardsnamnet vert skrive som Haslemo og variantar av dette. Men heilt overtydande tykkjest denne forklaringa ikkje utan vidare. Vel er det kanskje mogeleg at her ein gong kan ha vakse hassel, men det er nå likevel nokså hypotetisk. Om futar og andre vinkelskrivarar i dansketida kanskje har tenkt seg at namnet hadde med hassel å gjera, bør vel heller ikkje tilleggjast avgjerande vekt.
Den eldste kjende skriftforma av namnet er Holtzmon frå 1479, og som ein ser er rotvokalen i fyrelekken her o, på same måten som i det moderne namnet. Men det diplomet der denne namneforma er å finne (DN X, s. 203) gjev inntrykk av ustø skrivemåte:
«Holtzmon som ligger i Byglesonk», står det. Når diplomskrivaren har greidd å kaste om på bokstavane i -sokn, og fått det ordet til å verta -sonk, ligg det nær å tenkje at også gardsnamnet kan vera feilskrive. Men i så fall er det meir sannsynleg at konsonantane kan ha bytt plass enn at rotvokalen skulle ha vorte endra. På denne bakgrunnen tykkjest det mest truleg at rotvokalen i det opphavlege grunnordet i fyrelekken må vera o, og ikkje a. Les mer …
Åsland 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.
Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.
Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet. Les mer …
Hovden Der sø 24.3.1940. Frå Norsk Folkemuseum. Foto: Anders Beer Wilse Der sø eller Hovden der sø kom til då det vart utkløyvd frå den udela garden ein gong på 1780-talet. Eigedomen vart då dela midt i to, slik at kvar av delane fekk ei lansdskyld på 1/2 geiteskinn eller 1 1/2 kalveskinn, og dei vart liggjande jorde i jorde med Der sø på austsida.
Den fyrste som åtte bruket her som ei eiga eining var ungkaren Jon Torbjørnsson Breive. Iallfall ser me at han kaupte halve garden hjå Leidulv Knutsson. Leidulv vart då sitjande att med Der nor, og då lyt Jon ha hatt Der sø. Om han faktisk kom til å flytje hit er likevel usikkert, så vidt me kan sjå svara han aldri skatt herifrå, men me har ei kjensle av at han kanskje fekk opp hus, for elles kunne han snautt ha fått selje bruket sitt for såpass god pris til ein familiemann frå Vinje, som heitte Eivind Knutsson. Denne handelen veit me fann stad, men nett kva tid det var er uvisst. I alle høve må det ha vore fyre 1791, då Eivind døydde utan å ha rokke å flytje hit.
Jon hadde fått pengane, det var 277 riksdalar, men sat framleis med eigedomen, og var difor skuldig denne summen i buet. Det drygde med skiftet etter Eivind, og ein grunn til dette var rimelegvis at Jon hadde kvitta seg med gjelda gjennom å gifte seg med enka i 1792. Skiftet vart fyrst slutta to år seinare. Enka som Jon vart gift med, heitte Jorunn Aslesdotter. Ho og borna hennes flutte heim til Jon i Nordgarden Breive. Det me elles har å fortelje om dei står i bolken om det bruket. Les mer …
|
|
|
| Sjå også:
|
|
|
|
|
| Eksterne ressursar
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|