Forside:Musikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Musikk
Spelmannen «Espvik-Sanden» (Johannes Olson Valen, ca 1820–1909) frå AureNordmøre. Fela er av barokk type, medan bogen er av moderne type.
Foto: John Danielsen Bergfall (1822–1901)

Musikk inkluderer både song (vokalmusikk) og spel (instrumentalmusikk). Blant dei eldste musikkinstrumenta i Skandinavia er bronselurane, som hovudsakleg er funne i Sør-Skandinavia. Frametter mellomalderen og nyare tid har instrument som fløyter, harper, trommer, feler, langeleikar, klarinettar, trekkspel, gitarar m.fl. vore aktuelle instrument i folkemusikken. Kunstmusikk har det òg vore i Noreg — frå stadsmusikantar og kyrkjemusikarar i eldre tider til kammerensemble, symfoniorkester og musikkteater (inkl. opera) opp mot moderne tid.   Les mer ...

 
Smakebiter
Anders Skipnes (født 10. april 1883, død 17. mars 1979) var ein fiskarbonde, lokalpolitikar og lyrikar frå Skipneset i Aure kommuneNordmøre. I 1908 vart han gift med Nella Feren frå Leksvika, og i 1909 tok han over heimgarden Skipnes. Han flytta etter kvart til Trondheim, der han døydde. Anders fekk den fyrste motorbåten sin i 1910; han vart døypt «Fiskaren». Elles dreiv Anders med blant anna sal av klippfisk. Anders Skipnes var ein aktiv lyrikar, og skreiv mange dikt og songar. Han er mellom anna forfattar av «Heimbygda Stemshaug».   Les mer …

Juliane Lindeman, fotografi hentet fra boka Den trønderske familie Lindeman.
Juliane Cathrine Lindeman (født 27. februar 1816 i Trondheim, død 12. mars 1879 i Dalen, Strinda) var pianist og klaverpedagog. Hun var en dyktig musiker, og studerte blant annet under Thomas Tellefsen i Paris. I Trondheim virket hun mest som lærer, men hadde også ett av de første leiebiblioteka for musikknoter.Lindeman viste tidlig talent på klaver. Hun begynte allerede som 15-åring å opptre som pianist hjemme i Trondheim, som følge av at Den musikalske Forening i Trondheim i 1831 vedtok at kvinner kunne opptas som fullverdige medlemmer. Med dette fikk hun endelig opptre med orkester.Det var nok vanskelig for ei kvinne å oppnå drømmen om å bli selvstendig musiker i hjemlandet, og kanskje var det med dette i bakhodet Lindeman reiste ut i Europa. Den skulle dels være en dannelsesreise, dels ville hun gi konserter og utvide nettverket sitt av bekjente.I årene 1839-1842 dro Lindeman på konsertturne rundt om på Østlandet og Sørlandet.I 1848 etablerte Lindeman, som første kvinne i Norge, et musikalsk leiebibliotek i Trondheim. Hensikta var å gi vanlige borgere tilgang til nye og populære klaververk uten at det skulle koste for mye. Biblioteket gir oss et godt innblikk i hva som ble spilt av amatørpianister i Trondheim i samtida.Utenom biblioteket levde Lindeman av å tilby klaverundervisning i Trondheim.   Les mer …

Denne artikkelen tar føre seg ulike aspekt ved musikklivet på Nordmøre frå 1600-talet og framover.
Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl.
Foto: Olve Utne
Instrumenta som ein veit har vore bruka i eldre tid på Nordmøre er: fele (tyskfę’l = vanleg fiolin), klarinett (kḷanét) (truleg frå 1840-åra), seljefløyte, munnharpe, trommor og rikkelstikkor (eit slags kastanjett-liknande instrument). Dessutan har truleg langeleiken vore bruka her tidlegare. Utover 1800-talet kom andre instrument inn: psalmodikon (salmónikón el. salmeikó), gitar, harpeleiksither og trekkspel. Først på 1900-talet kom òg hardingfela inn, og ho kom til å dominere folkemusikken på Nordmøre i nokre tiår før den vanlege fela fikk overtaket att.Allereie først på 1600-talet kjenner ein til ein felespelemann på Nordmøre: Hallvard Flå var brukar på Flå i Øksendalen frå 1600 til 1637. Han var bondelensmann og «en dreven violinspiller». At han må ha vore god er det rimeleg å tru, ettersom han vart henta frå Øksendalen til Trondheim for å spela i bryllaup for rikfolk der. Ein av dei viktigaste spelemennene på Nordmøre på 1800-talet var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (18301888).   Les mer …

Peder Kannelønning, også kalt «Pera-Per'n» (født 16. mars 1877KanelønningStord, død 1972) var en allsidig musiker, fotograf, tegner og kunstmaler. Foreldrene het Peder Gotskalksen og Anna Sebjørnsdatter, og da folketellinga 1900 ble tatt opp, bodde Peder hjemme og deltok i gårdsarbeidet. Den fire år eldre broren Severin arbeidet da som fotograf, og han var nok en inspirasjon for Peder, som allerede i guttedagene var glad i naturen og glad i å tegne. Vinteren 1903 gikk Peder på kurs i Bergen, og der fikk han god attest. Peder Kannelønning tok seg god tid og var nøye med arbeidene sine. Han fant oftest sine motiver i naturen, men han gjorde også portretter. I tillegg til å male, tegne og fotografere, spilte han fele.   Les mer …

Harald B. Knutsen (fødd i Hallingdal i 1970) er ein norsk folkemusikar og spelemann som er busett i Setesdal. Han har leia Agder Folkemusikkarkiv sidan det blei oppretta i 1999. Det kan seiast å vera eit framhald av arbeidet han tok til med då han som 19-årig lærarvikar byrja leite etter gamle opptak, tradisjonar og historier. Harald B. studerte ved Høgskulen i Telemark si folkemusikkavdeling på Rauland, og enda det studiet i 1992 med ei oppgåve om å spela på kappleik, før han gjekk vidare og studerte kulturfag i . I 1993 fekk han Sagaprisen, og med den Magne Myhren som lærar. I åra 1997-98 arbeidde han som folkemusikkonsulent i Buskerud. Harald B. har og vore i styret for Norsk Folkemusikk og -Danselag i to periodar.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell på bryllaupsdagen sin i 1948.
Fredag 25. oktober 1946 fyller Erik Almhjell 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei. Han har all si tid drive med hart produktivt arbeid, gardsarbeid, skogsarbeid, vegarbeid og anna. Det er berre i fristunderne han kan dyrke musikken. Ein må bli forundra når ein ser dei harde arbeidsfingrane glida leikande lett over felestreng[-] og tralla fram dei mjuke fine tonar.   Les mer …
 
Se også


Kategorier for Musikk
 
Andre artikler
 
Nyeste artikler