Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821 på Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.
Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812. Les mer …
Honoria Dietrichson i 1913 Foto: Atelier Rude/Oslo museum
Honoria Sofie Dietrichson (født 1863, død 9. april 1934) var lege. Hun studerte medisin ved Københavns universitet fra 1889, og var ferdig utdannet i 1895. Hun fortsatte å virke som lege til hun var nødt til å gi seg på grunn av sviktende hørsel. Dietrichson døde av kreft i en alder av 71 år. Sammen med mora, som døde i 1921, oppretta hun et testamentarisk legat til inntekt for arbeidsstuer for barn. I familien gikk hun under navnet Kei. Les mer …
Dei første taktene av Ungarisch : Skizze, eit av dei mest populære pianostykka av Mathilde Berendsen Nathan.
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke. Les mer …
Lorens von Hadelen var en adelsmann som levde på slutten av 1500-tallet og fram til sin død i 1637. Han var lensherre på Eiker og hadde oppsyn med bergverksdriften i dette området.
Lorens stammer visstnok fra en gammel frisisk slekt, som var landfogder i Hadeln fram til 1400-tallet. Etter at familien var blitt fordrevet av sachsiske hertuger, bosatte den seg på ulike steder i det tyske riket. Lorens skal ha kommet til Danmark i 1596 og gått i kong Christian IVs tjeneste som kaptein. I 1602 ble han engasjert som oppsynsmann for det nyopprettede bergverket på Eiker, og kort etter fikk han også ansvaret for å innkreve tollen Drammen. Den 4. februar 1603 ble han forlenet med Eker len, med den gamle kongsgården Sem som residens. Les mer …
|