Philominamma George. Foto: Tamilenes liv og histori i Norge. Philominamma George (født 1941 i Sri Lanka, død samme sted 2004) var tamilsk morsmålslærer, dikter og forfatter. Hun er blitt omtalt som en viktig frontfigur i det tamilske samfunnet både i Norge og i Sri Lanka. Philominamma var også en sentral person i det katolske miljøet i Bergen.
Les mer …
Olav Aukrust. Udatert foto.
Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av teosofien og antroposofien.
Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i dei norrøndyrkande krinsane som slutta opp om Nasjonal Samling, noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert. Les mer …
Alf Prøysen ved skrivebordet i hans og konas hjem i Nittedal. Foto: Rigmor Dahl Delphin (1964) Alf Prøysen (født Alf Olafsen 23. juli 1914 på Rudshøgda i Ringsaker, død 23. november 1970 i Oslo) var en av de mest populære forfattere og visesangere i etterkrigstida. Han huskes særlig for sin barnelitteratur, men skrev også for voksne både i romanform og for teateret. Historiene er ofte inspirert av folk og opplevelser fra hjemtraktene i Hedmark, og det meste av hans tekster ble skrevet på hedmarksdialekt. Flere uttrykk henta fra visene hans, som «kong Salomo og Jørgen Hattemaker» og «syskjenbån på Gjøvik» har blitt en del av det norske språket; det er få forfattere som i så stor grad har skrevet seg inn i den allmenne bevisstheten i Norge. Les mer …
Henrik Mathiesen (1847-1927), kona Karoline Agnes fødd Nielsen og mora Karen Ingebrigtsdotter Mathiesen fødd Ranum eller Ramm.
Henrik Mathiesen (fødd i Strinda 9. juli 1847, død same stad 8. oktober 1927) var lokalhistorikar, litterat, forfattar, illustratør og sogemann. Spesielt kjend og populær vart han som Trondheims og Trøndelags historikar. Han var ei drivkraft i kulturminnevernet, særleg kva gjeld Nidarosdomen og andre byggverk med opphav i mellomalderen. Han gav ut eit stort tal bøker, hefte, tidsskrift og enkeltartiklar, og har illustrert ei rad historiske og arkeologiske publikasjonar.Han rekna «den trønderske stamme» som det ypparste av «det gamle folk». Det manifesterer seg tydeleg til dømes i hans argumentasjon for eit folkemuseum i Trøndelag: «Dersom en søndenfjeldsk centralisation skulde faa magt til efterhaanden at udviske den thrønderske nationalkarakter, saa vilde dette være den største skade, ikke blot for thrønderne selv, men for hele landet.»Han meinte å kunne påvise at «nasjonalånden» var meir utvikla i dei nordafjelske enn i dei sønna- og austafjellske bygdelaga. Les mer …
Nikolai Ramm Østgaard ca. 1864 med døtrene Thora, Ragnhild og Aagot på fanget
Nikolai Ramm Østgaard (fødd i Trondheim 21. april 1812, død i Elverum 3. januar 1873) var jurist, embetsmann og forfattar. Han var fut i Sør-Østerdal futedømme 1859-1872. Særleg er han kjend som forfattar av folkelivsskildringa En Fjeldbygd, med tema frå Tynset, der han budde frå han var sju til han var tolv år gammal.
Østgaard tilhøyrde i 1840- og 1850-åra eit nasjonalt orientert, språkpolitisk engasjert og folkelivsinteressert litterært miljø i Christiania. Det var sentrert rundt foreininga Tollekniven og Kristiania norske Theater, og inkluderte elles namn som P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund, Aa. O. Vinje og Knud Knudsen.
En Fjeldbygd kom i kjølvatnet av og bidrog sjølv til vidareutvikling av det nasjonale gjennombrotet i litteratur og folkelivsgransking midt på 1800-talet. Boka er ein kombinasjon av dokumentarberetning og underhaldande forteljing. Den har truleg gjeve inspirasjon og lånt motiv til Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar, noko som i samtida iallfall vart sterkt framhalde av Aa.O.Vinje. Verket er ikkje minst interessant ved dei haldningane som forfattaren legg for dagen i høve til sitt tema og «granskingsobjekt», bygdefolket på Tynset.
Ved museumssenteret Ramsmoen på Tynset er det reist ein bauta over Østgaard. Les mer …
|