Skjelanger fyrstasjon på Holsnøy, Meland i noverande Alver kommune, vart oppretta i 1853 som leiefyr i samband med Hellisøy fyrstasjon. Fyrbygningen var lafta og målte 10 x 8 meter. I tillegg blei det satt opp eit uthus med fjøs og plass til ved. Om lag 175 meter nord for fyret var det ein bra hamn og der blei det satt opp eit naust. Fyrstasjonen var bemanna med ein fyrvaktar og ein assistent. Fyrvaktaren budde på fyrstasjonen, medan ein av dei lokale bøndene eller husmennene hadde jobben som assistent. Fyrstasjonen var i drift som bemanna fyr fram til 1963, då han vart erstatta av ei acetylen fyrlykt ( Dalén). Les mer …
Kystlagets lokaler frå brygga
Sunnmøre kystlag vart oppretta i 1995 og er eit kystlag for Ålesund og omland. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har 50 medlemmer (2014). Laget arbeider for bevaring og aktiv bruk av trebåtar, naust og alt som dei definerer som kystkultur.
Kystlaget overtok i 2014 eit notnaust i Nørvasundet, Rasmusvegen. Notanaustet er nå under restaurering med støtte frå Stiftelsen Kjell Holm.
Onsdagane i sommarhalvåret møtast laget på Sunnmøre museum til seilas på Borgundfjorden med lagsbåtane Sunnmøringen og Rasmus. Les mer …
Tyrhaug fyr. Foto: «Janter»
Tyrhaug fyrstasjon er ein fyrstasjon som ligg på den kring 70 m lange og 50 m breie Ringholmen ved Kyrhaug på Edøya på Nordmøre. Fyrstasjonen, som ligg ved Trondheimsleia, vart oppretta i 1833 som den aller første fyrstasjonen på Nordmøre. Til å begynna med inneheldt fyrstasjonen ei lafta fyrbygning på 10×10 alen som inneheldt bustad, oljelager og fyrstue. Denne bygninga hadde tårn som inneheldt sjølve fyrlykta. I 1835 vart det bygd til eit lafta uthus på 8×12 alen. I dette uthuset var det blant anna vedskott og fjøs med plass for ei ku. Les mer …
|