D/S «Nord» var en dampbåt som gikk på Glomma, Vorma og Mjøsa. Båten ble bygd i 1876 av Motala Werkstad i Sverige og sjøsatt samme år på Årnes, som D/S «Vormen». I sine første leveår skifta båten flere ganger eier og navn. Fra 1881 til 1892 het den D/S «Gjøvik», men i 1892 kom navnet «D/S Nord». Sin mest stabile periode hadde den som del av Eidsvold Dampskibsselskabs flåte, fra 1898 til slutten av 1930-tallet. Nord gikk da i tømmertrekking og varetransport. Båten ble hogd på Gjøvik i 1953. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
Runde fyrstasjon 2009. Vi ser fyret frå 1935 i bakgrunnen. Foto: Arnfinn Kjelland Runde fyrstasjon ligg på Kvalneset på øya Runde i Herøy. Fyret vart tent 1. september 1767 som det sjette i Noreg og det første nord for Stad. Dette var eit såkalla blussfyr – eit bål eller eld med lysande loge, i ei fyrgryte eller fyrpanne, og lyskjelde var kol eller torv. Det første fyret låg på Tua, eit platå knapt 200 meter over havnivået i lia ovanfor den noverande stasjonen.
Det var generalauditør og byfut i Kristiansund, Peter Frederik Koren, som fekk kongeleg løyve til å sette opp fyret og krevje inn fyrpengar av passerande fartøy. Koren kjøpte elles heile garden Goksøyra og la plikt til å spa torv, transport og vakt på fyret til oppsitjarane. Les mer …
Mølla i Vinnesvågen Foto: Bente Foldvik
Austevoll kyst- og sogelag ble stifta i mars 1992 i Austevoll i Hordaland. Kystlaget ønsker å gi nytt liv og ny kjennskap til eldre båtar og byggverk i Austevoll. De er aktive og synlige i kommunen gjennom seilkurs, regatta, utflukter, framsyninger og temadager. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har rundt 50 medlemmer. Les mer …
|