Ingeborg Søndenå med malmlass på hestekjerra. Dette er logoen til Ingeborg Handverk S.A., og logoen er teikna av Elisabeth Hellerdal Fosstveit.
Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde [1]. Les mer …
Heia kvinneforening i Strand i Rogaland ble grunnlagt i 1879. Formålet var å støtte virksomheten til Det Norske Misjonsselskap.
Første kvittering for mottatt gave står i « Norsk Missionstidende, no. 22. November 1880. 35te Aarg.», under overskriften «Gavefortegnelse [...]. Til Stavangers Kredsbestyrelse indkommet i 3die Kvartal d. A.: [...] Heiens Kvf. i Strand ved Lisebet Helland [kr.] 9.60. [...] Stavanger den 1ste Oktober 1880. B. Bergesen, jr.» (s. 439-440). Les mer …
Vidvei ved Suldalseidet. Foto: Ekrheim (2008)
Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag blir namnet særleg nytta om bruket 16/13, men eit langt større område ved eidet tilhøyrde garden.
Oluf Rygh forklarar namnet som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455, og Rygh meinar at dette kan vere ei gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei. Les mer …
Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren. Les mer …
|