Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 385: Linje 385:


=== Kunst og kultur ===
=== Kunst og kultur ===
Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. På 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader ([[Leksikon:Flamsk|flamskvev]]), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som [[Skjåk-Ola]] (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) og [[Sylfest Nilsen Skrinde]] (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er [[Fel-Jakup]] eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast [[Torkjell Auale]] (1863-19xx), [[Kristen Vang]] (1902-1940) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976).
Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. På 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader ([[Leksikon:Flamsk|flamskvev]]), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som [[Skjåk-Ola]] (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) og [[Sylfest Nilsen Skrinde]] (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er [[Fel-Jakup]] eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast [[Torkjell Auale]] (1863-1940), [[Kristen Vang]] (1902-1979) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976).
Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988)
Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988)



Sideversjonen fra 28. aug. 2008 kl. 14:31

Skjåk
0513 Skjak komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0513
Fylke Oppland
Kommunesenter Bismo
Areal 98.83  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 98.83  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1866
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Mal:Thumb høyre Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866, og hadde da skriftforma Skiaker, som låg nærare det opphavlege Skeidåker. Bygda og kommunen fekk namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), der det har vore kyrkjer sidan mellomalderen. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna i Skjåk prestegjeld, Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord, sommarstid også til GeirangerSunnmøre.


Naturtilhøve og ressursgrunnlag

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom. Dei store høgfjellsstrekningane (nær 80 % av arealet i kommunen) har gjeve grunnlag for husdyrbeite (derunder utbreidd seterdrift), jakt og fangst, tamreindrift og turisme. I 1840-åra vart det sett i gang utvinning av krommalm på Dørkampen og Høggøymene i fjellet mot Lesja-kanten, men det vart kortvarig. I førhistorisk tid og i mellomalderen kan det ha vore utvunne noko myrmalm t.d. på Randsverk nær Sota, og kanskje noko kleberstein i det same området. Elles har det ikkje vore noko grunnlag for utnytting av malm og mineralførekomster i bygda.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra, med utspring i Liavatnet, møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Framrusta frå Raudalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgste punktet er den høgste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.

Arealet på 2079 km2 fordeler seg slik:

Arealtype Dekar Prosent av

totalareal

Snaufjell 1.651.050 79,4
Skogareal 173.000 8,4
Brear 124.860 6,0
Myrer 4.940 0,2
Vassdrag 100.190 4,8
Innmark 25.000 1,2
Totalt areal 2.079.040 100

Klimaet i Skjåk er spesielt, på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er Vass-Per.

Bygg er den kornsorten som har best vekstvilkår i Skjåk. Bygda har iallfall sidan 1600-1700-talet vore kjend vide omkring for den gode kvaliteten på byggkornet. jf. Skjåkmjøl, som blir marknadsført i våre dagar. Temperatur- og vekstsesongtilhøva inneber at ein i Skjåk kan rekne byggavl som nokså årssikker heilt opp til 700 meter over havet, iallfall i solsida. Dei fleste gardane (og heilårsbustadene elles) ligg mellom 365 og 560 meter høgde over havet. Den høgast liggjande større grenda, Bråtå, ligg opp mot vekstgrensa mellom 600 og 700 m.o.h.

Bygdenamnet

Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma er Skeidåker. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit område større enn denne idrettsplassen og (seinare) garden, har «Skeidåker» venteleg blitt teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen (før ca. 1280). I den kyrkjelege inndelinga på 1600-talet omfattar Skjåk annekssokn strekninga på sørsida av Otta (baksida) frå grensa til Lom hovudsokn til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til ein gong før 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore Nordherad, ei nemning som truleg skriv seg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i 1752 og det vart berre eit sokn i Nordherad.

Grendeinndeling

Grendeinndelinga har variert historisk og ut frå ulike funksjonar (bearlag, skulekrinsar med meir). For orienterings- og jamføringsføremål er følgjande inndeling nytta gjennomgåande i Skjåk bygdebok (band 1-3 1994, 1995, 1998):

Skjåk sokn
Nordsida (solsida) av Otta, frå aust mot vest: Synna Brua, Ramstadstronda, Reppen, Norda Aura og Forbergsgardane.
Sørsida (baksida), frå aust mot vest: Gjeilostronda, Bersustronda, Skjåkstronda, Brukrokane og Dalane, Lundagrenda.
Nordberg sokn
Nordsida (solsida), frå aust mot vest: Bruheimsgrenda, Langleite og Jøingslia, Billingsdalen.
Sørsida (baksida og Åstradalen), frå aust mot vest: Teigoms- og Påsågrend, Øygardane, Åmotsgrenda, Bråtå.

Tettstaden Bismo, på grensa mellom Skjåk og Nordberg på solsida, er i dag bygdesenter med kommuneadministrasjon, ungdomsskule og idrettshall, industriverksemder, kjøpesenter og ei rekkje andre verksemder innan tenesteytande næringar.

Historisk-administrativ tilknyting

Kommunen

Skjåk vart eige herad frå 1. januar 1866 (kgl. res. 3. desember 1864). Til da hadde bygda vore del av Lom herad alt sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.

Førhistoriske inndelingar

I «den eldste Noregs-soga», Historia Norvegiae frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire «patrias», som igjen bestod av i alt 12 «provinces». Det eine av desse patrias er «Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane». I Halvdan Kohts omsetjing er patria kalla lagdømme, og provins er omsett med fylke. I Bygdebok for Skjåk band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med tingstad der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne «provinsen» vart heller kalla «herad» enn «fylke». Heradsordninga var knytta til Austlandet, medan fylke var eit Vestlands- og Trøndelags-fenomen. Heradet Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet Nordherad for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå Historia Norvegiae indikerer at Lom og «grannefylka» ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at grannefylka til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit Nordherad), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Det vil seia at "fylka" har hatt same utstrekninga som dei seinare tiders tinglag, prestegjeld og i samsvar med den fyrste kommuneinndelinga etter 1837. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen (Norddalen) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i Magnus Lagabøtes landslov skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.

Inndelingar i mellomalderen ca. 1050-1537

Prestgjeld og sokn

Skjåk og Hove kyrkjer er nemnde i eit diplom frå 1343, der det framgår at 60 år før det (altså ca. 1280) hadde dei to kyrkjene hatt ein og same prest. Det er rimeleg å tru at presten har budd på Prestegarden like ved Skjåk-kyrkja. Ved Oldsaksamlinga i Oslo er det ein døypefont frå Hovs-kyrkja som er datert til perioden 1150-1200. Ut over dei slutningane som kan trekkjast av ovanståande, kan vi ikkje datere etableringa av kyrkjene og sokna nærare.

I eit diplom frå 1363 er Steine Petersson nemnd som prest i «Skidakers sokn Bøær sokn Giæilo sokn ok Nes sokn». I bygdebok for Skjåk band 1 er situasjonen tolka slik: «Bøær sokn» er identisk med Hove sokn, med kyrkje på Hove og kyrkjegard på nabogarden Bøje. Korleis det har vore med kyrkjene på Gjeilo og Nes (Synstnes, Stusnes og Nørstnes i nåverande Lom kommune), og om desse kyrkjene eventuelt har hatt eigne prestar, er uvisst. Steine Petersson er nemnd som prest i Lom kyrkje (Mo) i fleire dokument 1375-1410. Sikkert er det iallfall at i det meste av seinmellomalderen og tidleg nytid fram til 1752, har det vore to kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk, og båe var anneks under Lom prestegjeld.

Tingordning

I Skjåk bygdebok bd. 1 er tingordninga for Skjåks vedkomande i tidleg- og høgmellomalderen forsøkt rekonstruert slik:

  • Lokale ting for Nordherad (nåverande Skjåk), kanskje med tingstad på Hove. Dette har vi ikkje direkte kjeldebelegg for, men sluttar det ut frå namnet «Nordherad» og at Hove er nemnt som «rett stemnestad» ved eit par høve i seinmellomalderen.
  • Heradsting på Mo (ved Lom kyrkje) for Lom og Skjåk. Dette var mellom anna våpenting ved kyndelsmess (2. februar), det var skatteting og verka elles i ei mengd andre funksjonar. Det er dette tinget som har lengst kontinuitet og vart til bygdetinget i den fastare rettsinstansordninga som vart innført frå 1590.
  • Midfastetinget 2-3 veker før påske. Dette var venteleg «fylkesting» for Nord-Gudbrandsdalen, kanskje med fast plass på Tingsvaberget («Liufervang») nær Lye i Vågå. Her skulle lendmann eller sysselmann utnemne fire utsendingar til lagtinget.
  • Syslemannstinget, for same distriktet og på same møtestaden som midfastetinget. Syslemannstinget skulle haldast seinast tre veker etter lagtinget, og der skulle det berettast om kva som hadde gått føre seg på det sistnemnde.

Alle tingsamlingane frå «Nordheradstinget» til og med syslemannstinget var allting, dvs. at alle frie menn, iallfall husbondane, hadde rett til og var forventa å møte fram.

Iallfall frå Håkon V Magnussons regjeringstid (1299-1319) var det innan Eidsivatingslag to lagmenn, kvar med sitt lagting, på Hamar og i Oslo. Gudbrandsdalen sokna da til Hamar.

Sysle

Frå kong Sverres regjeringstid (1177-1202) var syslemannen det viktigaste leddet i kongeleg maktutøving på distriktsplanet. Landet vart etterkvart inndelt i eit femtitals sysler, som var etter måten faste embetsdistrikt. Skjåk tilhøyrde "Nørdre luten av Gudbrandsdalen". På 1220-talet var ein Håvard på Sandbu i Vågå syslemann. I 1380-åra ser det ut til at Halvard AlfssonSandbu var syslemann. (Han var m.a. til stades på Geilo i Skjåk i 1384 i samband med eit oppgjer etter ei drapssak.) Pål Halvardsson (sonen til Halvard Alfsson?) var "kongens ombodsmann i nørdre luten av Gudbrandsdalen" i 1432. Mot slutten av seinmellomalderen og i tidleg nytid vart syslemannens funksjonar overtekne av dei ikkje-adelege futane og deira overordna, dei adelege lensinnehavarane.

Geistleg inndeling etter 1537

Bispedømme (stift)
Før 1541: Hamar
1541-1864: Oslo/Christiania
1864- dags dato: Hamar
Prosti
Fram til 1871: Gudbrandsdalen
1871 - dags dato: Nord-Gudbrandsdalen
Prestegjeld og sokn
Fram til 1752: To kyrkjer og kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk. Båe sokna var anneks under Lom prestegjeld.
1752-1863: Nåverande Skjåk kyrkje vart innvigd i 1752. I samband med dette vart Hove kyrkje og annekssokn nedlagt. Heile nåverande Skjåk vart deretter eitt annekssokn under Lom prestegjeld.
1863- dags dato: Skjåk vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863 (kgl. res. 4. august 1863). Nordberg, den vestlege delen av Skjåk, vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866 (kgl. Res. 23. september 1865). Nordberg kyrkje stod ferdig i 1864.

Sivile forvaltningsdistrikt frå 1500-talet til i dag

Len

I heile lenstida (fram til 1660) var Gudbrandsdalen futedømme, som Skjåk tilhøyrde, direkte underordna lensherren på Akershus.

Amt og fylke

I lenstida var statthaldaren på Akershus samstundes lensherre over Akershus len. Statthaldarembetet heldt fram etter at eineveldet vart innført i 1660. I åra 1660-1679 ivaretok statthaldaren framleis dei gamle lensherrefunksjonane i Akershus, til det vart utnemnt ein eigen stiftamtmann i Kristiania i 1679.

1679-1687: Direkte under Kristiania stiftamt
1687-1694: Gudbrandsdalens og Hedmarkens amt
1694-1757: Igjen direkte under Kristiania stiftamt
1757-1781: Opplandenes amt (nåverande Oppland og Hedmark)
1781-1918: Kristians amt (Østre Opplandene, dvs. nåverande Oppland)
1918- dags dato: Oppland fylke
Futedøme/fogderi
Fram til 1861: Gudbrandsdal
1861-1909: Nord-Gudbrandsdal
(Futedømet nedlagt 1909.)
Lensmannsdistrikt
Fram til 1909: Lom
1909-dags dato: Skjåk

Rettsleg inndeling frå 1500-talet til i dag

Lagdømme, lagsokn, stiftsoverrett, lagmannsrett
Før 1797: Opplandene lagdømme
1797-1890: Kristiania stiftsoverrett
1890-1891: Eidsivating lagmannsrett
1892-1906: Frostating lagmannsrett
1907-1936: Borgarting og Agder lagmannsrett
1936- dags dato: Eidsivating lagmannsrett
Sorenskriveri
Ca. 1591 - 1699: Nord-Gudbrandsdal
1699-1731: Gudbrandsdal
1731- dags dato: Nord-Gudbrandsdal
Tinglag
Før 1887: Lom
1887-1927: Skjåk

Militær inndeling 1628-1940

1628-1657 Akershusiske nasjonale infanteriregiment. Kompania hadde ulike namn etter kompanisjefen. Soldatane frå Skjåk og Lom tilhøyrde f.eks. kaptein Iver Dues kompani i Hannibalsfeiden 1643-1645.

1657-1718:

Det nordgudbrandsdalske kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre) av Det opplandske nasjonale infanteriregiment. I følgje forordning 1705 skulle det haldast bataljonsamling kvart år i juni på Breivegen i Fron, og kompanisamling ved telthuset (kompanidepotet) i Vågå to gonger i året (sist i februar og i september).

1718-1789:

Det vestgudbrandsdalske eller Lomske kompani (Lom og Skjåk) av 1. eller Østre opplandske nasjonale infanteriregiment.

1789-1818:

Det lomske kompani i 2. bataljon i Det opplandske nasjonale infanteriregiment. Eksersisplass på "Kirkens Fortaug" i Lom hovudsokn, bataljonsplass på Breivegen i Fron.

1818-1867:

Vågeske kompani av Gudbrandsdalske nasjonale musketerkorps av 1. Akershusiske infanteribrigade. Eksersisplass ved Lomskyrkja og ved telthuset på Sve i Vågå. Kapteinsgard på Hågå i Lom. Korpssjefen (majoren) på Frostad i Fron.

1867-1888:

1. kompani av Gudbrandsdalske bataljon.

1889-1911:

1. kompani (Lesja, Skjåk, Lom, Vågå) av 4. korps (Gudbrandsdalen) av 1. Akershusiske infanteribrigade.

1911-1930:

12. kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Heidal) av 3. (Gudbrandsdalske) bataljon, 5. infanteriregiment (Østoppland) av 2. kombinerte brigade (frå 1916: 2. divisjon).

1930-1934:

Som 1911-1930, men nå var 3. bataljon berre landvernbataljon (andre oppbod).

1940:

2. bataljon av Infanteriregiment nr. 5 av 2. divisjon. Dei fleste frå Skjåk som var med i felttoget i april-mai 1940 tilhøyrde denne avdelinga. Men somme var også i Artilleriregiment nr. 2 (også i 2. divisjon) og andre avdelingar.

Folketalsutvikling

Folketalsutviklinga i Skjaak.jpg
Tidspunkt og kjelde Folketal
Høgmellomalder maksimum
rett før Svartedauden 1350
(Skjåk bygdebok bd 1)
Min. 120 bruk, 600-700 personar
Lågmål i seinmellomalderen
ca. år 1500
(Skjåk bygdebok bd. 1)
Ca. 50 bruk, 250 personar
1664 (Skjåk bygdebok bd. 2,
på grunnlag av prestens manntal)
700 personar
Folketeljinga 1769 1049
Folketeljinga 1801 1485 (i den trykte statistikken: 1367.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1815 ca. 1450 (i den trykte statistikken: 1337.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1825 1875
Folketeljinga 1835 2137
Folketeljinga 1845 2159
Folketeljinga 1855 2477
Folketeljinga 1865 2691
Folketeljinga 1875 2623
Folketeljinga 1891 2477
Folketeljinga 1900 2318
Folketeljinga 1910 2166
Folketeljinga 1920 2282
Folketeljinga 1930 2444
Folketeljinga 1946 2990
Folketeljinga 1950 3028
Folketeljinga 1960 2868
Folketeljinga 1970 2571
Folketeljinga 1980 2623
Folketeljing/folkeregister(?) 1990 2612

Etter 1990 sjå Statistisk sentralbyrå

Historisk epokeoversyn

Førhistorisk tid

Steinalder og bronsealder (8000-500 f. Kr.)

Ca. år 7000 f.Kr. er bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene. Det er ingen sikre spor etter folk i eldre steinalder (8000-4000 f. Kr.) innan kommunegrensene, men funn av flint og kvartsitt på buplassar ved Aursjoen og Hellstuguvatnet, og ei flintflekke (reiskaps-/våpenemne) på Lomsegga kan vera så gamle. Det er sannsynleg at små flokkar av jegerar/sankarar har streifa rundt i området også i eldre steinalder. Ein hovudressurs har i så fall vore reinsflokkane. Dei påviste buplassane ligg strategisk til ved kjende reinstrekk.

Den skilsetjande endringa frå eldre- til yngre steinalder (4000-1800 f.Kr.) er innføringa av jordbruk. I 1993 vart det funne ei steinøks på Pollodden i Billingsdalen, som kan tidfestast til ca. 2500 f. Kr. Den blir knytt til den såkalla stridsøkskulturen, som var ein jordbrukskultur frå yngre steinalder. Frå tidsrommet 2500-2000 f. Kr. er det ved pollenanalyser påvist jordbruk i nabobygda Lesja. I Åmotsgrenda i Skjåk (ved Uppnose og Dønfoss) er det tidlegare funne ein skiferdolk og ein flintdolk, som blir tidfesta til overgangen steinalder-bronsealder (ca. 1800 f.Kr.). Same tidfestinga gjeld ein pilspiss frå Bakke i Reppen.

Eldre jernalder (500 f. Kr. - 600 e. Kr.)

Ved overgangen til jernalderen hadde det altså truleg vore drive jordbruk i Skjåk i eit par tusen år allereie. Dei eldste gardsnamna i bygda, som for fyrste gong gjev oss konturane av eit busetjingsmønster, kan gå attende til tida kring Kristi fødsel. Det gjeld -heim-namna (Risheim og Kvålheim i Skjåk sokn, Lindsheim, Bruheim, Jemnheim og Harsheim i Nordberg), og det gjeld -vin-namna (Lykre, Hyrve og det forsvunne «Skodin», alle i Nordberg). Namna som endar på -lo (Geilo, Soglo, Marlo) og ein del andre gardsnamn som Bøje, Hole, Kvåle og fleire kan likeins skrive seg frå eldre jernalder.

Både i yngre steinalder/bronsealder og i jernalderen har jordbruket vore drive i kombinasjon med jakt og fangst. Dei mange fangstanlegga for elg og rein i Skjåk har nok hatt som føresetnad ein permanent jordbruksbusetnad i bygda. Ei fangstgrop for elg ved Åmot vart arkeologisk granska i 1991. Dateringar av trekolprøver frå gropa indikerer at den har vore i bruk med eller utan avbrot i nær halvtanna tusen år. Den eldste av tre prøver vart tidfesta til ein stad mellom år 220 og 570 e. Kr., altså eldre jernalder. Men slike anlegg kan for den saks skuld godt ha vore i bruk i yngre steinalder. Dei to andre prøvene vart daterte til høvesvis 1275-1410 (høg- og seinmellomalder) og 1500-1635 (tidleg nytid).

Yngre jernalder (600-1050)

I yngre jernalder (merovingartid 600-800, vikingtid 800-1050) får vi tillegg til gardsnamna også gravfunn i Skjåk som hjelp til å kartleggje busetjing og samfunnsform. Det er gravfunn frå merovingartida (ca. 20 enkeltgjenstandar) frå Roen (Teigomsgrenda), Harsheim (Bruheimsgrenda), Hole (Norda Aura), Brandsar og Tråstad i Reppen og på Holø på Gjeilostrond. Frå vikingtida er det noko over 20 gravfunn med over 60 enkeltgjenstandar, spreidd over heile bygda nord til Nyhus (Bysjet) i Åmotskrinsen. Ei rekkje gardsnamn kan tidfestast til yngre jernalder, mellom anna dei som endar på -stad og -ar. I Skjåk bygdebok bd. 1 blir det rekna med ca. 60 gardsbruk i bygda ved år 1000.

I fleire fjelldalar i og rundt Skjåk er det påvist større samlingar av hustufter som venteleg skriv seg frå førhistorisk tid eller tidleg mellomalder. Det gjeld ved Vuluvatnet (Nysetra) og ved Liavatnet i Skjåk, ved Fellingsvatnet og Løstulen i Lesja og dessutan i Finndalen i Lom og Vågå. Områda i nabokommunane har relevans også for den snevrare bygdehistoria for Skjåk, da dei nemnde områda har vore utnytta til setring frå Skjåk-sida. For Finndalens vedkomande gjeld det den dag i dag. Ei form for setring er det også nærliggjande å tenkje seg knytta til dei løyndomsfulle tuftene. Dessutan kan husa ha vore nytta i samband med bruken av dei store reinfangstanlegga i områda. Men ein kan heller ikkje utelukke heilårs busetning. Alle desse «fjellgrendene» ligg rett nok nær eller godt over dagens vekstgrense for korn (700 m.o.h.). Men ved Nysetra i Lordalen (Lesja) er det påvist kornpollen i ei jordprøve datert til vikingtid (ca. 800), og den staden ligg på meir enn 900 m.o.h. Eit mildare klima på den tida styrkar tanken om fast busetjing i fjellgrender, i tilfelle venteleg basert på ein kombinasjon av jordbruk for sjølvforsyning og jakt til byttehandel.

Mellomalder 1050-1537

Tidleg mellomalder og høgmellomalder fram til 1350

I følgje Snorre vart Lom og Skjåk kristna da Heilag-Olav kom i det ærend hit i 1021. På veg frå Romsdalen og Lesja kom han via Lordalen «og kom ned ein stad som heiter Stavebrekka». Det var da han stod i solsidefjellet og såg ned på bygda at han uttala: «Det er skade at ein skal brenne så fager bygd.»

Kristningsverket og rikssamlinga reknar ein med var nokolunde fullført mot midten av 1000-talet. Frå da av vart Skjåk, i tett fellesskap med grannebygda Lom, meir og meir integrert i eit riksfemnande kyrkjeleg og verdsleg styrings-, forvaltnings- og rettshandhevande apparat, som del mellom anna av Hamar bispedømme og lagdømmet Eidsivatingslag, og underordna kongelege tenestemenn som syslemannen i Nord-Gudbrandsdalen. Frå 1270-åra galdt Landslova. Der er det mellom anna pålagt bygdefolket plikt til vedlikehald av vegar. Frå ca. 1400 er det bevart eit dokument som nok peikar attende til ordninga frå høgmellomalderen, og som spesifiserer skjåk- og lomværanes plikter til å halde ved like bruer og vegar i bygdene og over fjellet vestover. Vegen vestover var mellom anna pilgrimsveg til klosteret på Selje.

Mal:Thumb høyre Gjennom dei i alt 16 bevarte mellomalderbreva (diplom) som vedkjem Skjåk før 1350 (det eldste er frå ca. år 1300) møter vi namngjevne skjåkværar som rettsvitne, jordeigarar og jamvel som politiske aktørar. Det siste gjeld Håkon på Dagsgard og Tore på Geilo, som i 1343 møter for biskopen og lagmannen på Hamar som representantar for bygdefolket. Dei protesterer mot ei kyrkjeleg avgift (reidegift) som Tjostolv, prest ved Skjåk og Hove kyrkjer, meiner det er historisk hevd for.

Dei fyrste namngjevne skjåkværane vi i det heile kjenner til, er nemnde i eit diplom frå 1312. Det er brørne Nikulas, Ivar, Eindrid, Arnfinn og Erland på Hove, og Orm, som var prest i bygda.

Busetjinga ekspanderte. På byrjinga av 1300-talet kan det ha vore meir enn 120 gardsbruk i Skjåk, i alle grender austfrå iallfall til og med Øygardane på sørsida av Otta, og til og med Bruheimsgrenda (Lykre) på nordsida. Lenger vestover er det ikkje prov for fast busetjing, men det er ikkje usannsynleg at det har vore det jamvel i fjelldalar som Åstradalen (ved Liavatnet?) og Billingsdalen (ved Vuluvatnet?).

Seinmellomalder 1350-1537

Svartedauden råka Ottadalen hausten 1349. Nær 2/3 av gardane vart som følgje av denne og etterfølgjande pestepidemiar liggjande øyde. «Øydeprosenten» (fråflytta gardar i prosent av maksimumstal for gardar før 1350) er utrekna til 60-64%. Det høver godt med andre utrekningar frå Gudbrandsdalen (Lom: 61%, Ringebu: 63%), og ligg innan landssnittet, som er utrekna til 55-65%. Variasjonsspennet i øydeprosent på landsbasis er frå 20 til 80% i dei bygdene dette har vore undersøkt.



Historiske sektoroversyn

Ressursutnytting og næringsliv - generelt

Dei to kyrkjesokna Skjåk og Nordberg kan seiast å ha ulikt ressurs- og næringsgrunnlag frå naturens side. Eit uttrykk for dette er at Nordberg stundom blir omtala som «skogbygda» og Skjåk som «grjonbygda» (grjon = matvarer av mjøl el. korn, korn(avling)).

I Nordberg er det betydelege areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk almenning. Denne delen av bygda har representert ressurstilgang i form av materialar, beite og for for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betydning ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri nær/i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast. I Nordberg har svært mange av familiane livnært seg av ein kombinasjon av småbruk og skogsarbeid.

Dei beste jordbruksareala og dei største gardane finn ein i «grjonbygda» Skjåk sokn. Der har næringsgrunnlaget tradisjonelt vore dominert av jordbruket, men med viktige inntektstilskot som har falle av eigarrettar i ålmenninga. Fram til ca. 1880 eksporterte gardane betydelege mengder byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn som Lesja, Folldalen og Røros. Etter at jernbanen gjorde konkurransen frå importert korn for hard, måtte ein også i Skjåk satse meir på husdyrhaldet, mest storfehald (mjølkeproduksjon). Etter andre verdskrigen har Skjåk vorte kjent for framifrå svineavl.

Nær 80 % av arealet i kommunen er høgfjell. Etter Høgfjellskommisjonens granskingar vart i 1922 eigedomsretten også til høgfjellsstrekningane i heile heradet, altså ikkje berre ålmenningsskogen i Nordberg, tilkjent Skjåk almenning. Høgfjellet har i det tradisjonelle landbruket vore utnytta til beite, ikkje minst i form av seterdrift. Frå 1890-åra fram til 1960-åra var det tamreindrift i Skjåk, dels i privat, dels i kommunal regi. Frå slutten av 1800-talet har høgfjellet også meir og meir danne grunnlag for turisme og andre fritidsnæringar. Pollfoss og Grotli er dei eldste turistverksemdene som har vore tufta på dette. Jakt (villrein, elg) og fiske (aure) er og har vore viktig som fritidssyssel og for matauk. Nyleg har monalege delar av høgfjellet i bygda vorte verna område som del av Reinheimen nasjonalpark.

Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Dei viktigaste var Lom og Skjåk Dampysteri frå 1924 og Skjåk ålmennings sag- og høvleri frå 1930. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen, og ein større bilverkstad vart etablert i Bismo i samband med dette. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I løpet av dei siste 30-40 åra har det kome til fleire moderne industribedrifter i Bismo, som mellom anna baserer seg på leveransar til offshoreverksemda.

Elektrisk straum kom til store delar av bygda med bygging av kraftverk i tverrelva Aura i 1919-1920. Regulering av Breidalsvatnet og Raudalsvatnet under og etter andre verdskrigen var basert på sal av vasskraft til elektrisitetsverk lenger nedover i Otta, Lågen og Glomma. Straumproduksjonen innan bygda vart auka med vidare utbygging av Aursjoen etter krigen, og ikkje minst med utbygginga av Øvre Otta etter regjeringsvedtak i 2001.


Kunst og kultur

Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. På 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader (flamskvev), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som Skjåk-Ola (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) og Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er Fel-Jakup eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast Torkjell Auale (1863-1940), Kristen Vang (1902-1979) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976). Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, Tore Ørjasæter (1889-1968) og Jan-Magnus Bruheim (1914-1988)