Lokalhistoriewiki:Hovedside: Forskjell mellom sideversjoner
(Nytt på wikien: Hjelpeside for visuell redigering) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
{{thumb|align=left|Bokåret 2019 logo bred hvit.png| |}} | {{thumb|align=left|Bokåret 2019 logo bred hvit.png| |}} | ||
====Månedens lokalhistoriske verk==== | ====[[Månedens lokalhistoriske verk]]==== | ||
{{Månedens_verk_{{CURRENTYEAR}}-{{CURRENTMONTH}}}} | {{Månedens_verk_{{CURRENTYEAR}}-{{CURRENTMONTH}}}} |
Sideversjonen fra 29. mai 2019 kl. 07:46
Smakebiter fra artikleneNiels Henrik Abel (fødd 5. august 1802 på Finnøy, død 6. april 1829 i Froland) var ein av våre største matematikarar. Sjølv om han ikkje rakk å fylle 27 år, sette han spor etter seg både i Noreg og internasjonalt, og reknast som ein av skaparane av den moderne matematiske provføringa.
I 1821 blei Niels Henrik Abel student. Han hadde middel karakterar i alle fag, bortsett frå matematikk der han hadde beste karakter. Truleg hadde han større matematiske kunnskapar enn nokon av dei som skulle undervise han på universitetet. Han hadde allereie byrja på femtegradslikninga. Europeiske matematikarar hadde jobba med å finne løysinga på den allmenne femtegradslikninga i meir enn 250 år. Abel trudde at han hadde klart det. Dei to professorane i matematikk i Christiania, Søren Rasmussen og Christopher Hansteen, fann ikkje nokon feil. Det gjorde heller ikkje professor Ferdinand Degen i København, men han tvilte på at ein ukjend student i Christiania hadde klart det. Men han såg at Abel hadde eit stort talent, og meinte at han måtte gje seg i kast med elliptiske funksjonar og integralar, eller «de elliptiske Transcendenter» som dei blei kalla, og at femtegradslinkninga var for lite for han å nytte kreftane på. Abel klarte å føre prov for sin løysing på femtegradslinkninga, men han gjekk òg løs på elliptiske funksjonar og integralar. Her kom han med nye vinklingar som skulle omforme matematikken som vitskap. Les mer …
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Les mer …
Erik Strand (fødd 12. oktober 1877 i Nord-Aurdal, død 7. juni 1945) var ein lensmann og politikar frå Nord-Aurdal i Valdres. Han var ordførar i Nord-Aurdal 1920-1926 og sat på Stortinget for Bondepartiet 1931-1933. Som lensmann i Nord-Aurdal vart han utnemnt i statsråd til å leie administrasjonsstyret i Torpa kommune, då ho gjekk konkurs i 1929. Fordi han ikkje ville gå inn i NS, vart han i 1941 avsett som lensmann. Les mer …
|
Ukas artikkelEva Helene Sars Nansen f. Sars (født 17. desember 1858 i Christiania, død 9. desember 1907 på Lysaker) var regna som en av sin tids fremste romansesangere. Hun er også kjent for sitt ekteskap med polarforsker Fridtjof Nansen. Hun var datter av prest og professor Michael Sars (1805–1869) og Maren Cathrine Welhaven Sars (1811–1898). Hun var søster av blant annet professor Johan Ernst Welhaven Sars (1835–1917), professor Georg Ossian Sars (1837–1927) og sangeren Mally Lammers (1850–1929). Eva Helene Sars var yngst i søskenflokken. Den 6. september 1889 ble hun gift med Fridtjof Nansen, sønn av sakfører Baldur Fridtjof Nansen (1817–1885) og Adelaide Johanne Thekla Isidore Wedel Jarlsberg (1821–1877). Blant deres barn var kunstmaler Irmelin Revold (1900–1977) og arkitekt Odd Nansen (1901–1973).Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 213 artikler og 217 577 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |