Forside:Bygdebokprosjektet for Kvinesdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Bygdebokprosjektet for Kvinesdal
Bygdebokprosjektet for Kvinesdal er eit arbeidsnamn for samarbeidet mellom bygdebokforfattar Amund Pedersen og Norsk lokalhistorisk institutt, der vi legg ut ei digital utgåve av bygdeboka for Kvinesdal kommune på Lokalhistoriewiki.

Fyrst ut er tidlegare Fjotland kommune, der ein kan finne eit oversyn over gardane på Garder i Fjotland.   Les mer ...

 
Smakebiter
Risøya er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 174, og hadde tidlegare gnr. 5 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 176 og gamalt matrikkelnummer 387.

Risøya har kome frå Nedre Kvinlaug og grensar dit frå Kvina ved Gaukesteinen og over heia til skiftet med Spikkeland og Øvre Kvinlaug. Langs med Kvina går skiftet med Engedal, som har mark tvert imot Risøya på Risøymonen.

Risøya er ei øy i Kvina. Kvinas hovudløp går på austsida gjennom Trollfossen, medan det mindre flaumvassløpet, Risøykvitla, i vest møter Kvednebekkjen ovanfor garden og renn over gardsmarka og ut i Kvina. Dette vassløpet, som hadde større vassføring før reguleringa av Kvina, har danna eit lite delta som utgjer storparten av innmarka på Risøya. Utløpet går ut i ei evje, som mellom anna har gitt namnet til ein av dei nærliggande jordteigane, Einaevja.

  Les mer …

Spikkeland i 2019.
Foto: Amund Pedersen

Spikkeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 173, og hadde tidlegare gnr. 4 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 175 og gamalt matrikkelnummer 346.


Spikkeland ligg sørvendt inne på heia rett vest for Nedre Kvinlaug, mellom Stølsheia i nord og Buknumsheia i sør. Spikkeland har grense mot Gyland sokn i Flekkefjord frå Kråknuden i nord til Bjorvatnet i sør. Garden grensar også til Øvre Kvinlaug i nord og Risøyna i nordaust.

Spikkeland blei fråflytta under befolkningskrisa i seinmiddelalderen. Han blei en såkalla ein øydegard, og låg igjen under Nedre Kvinlaug i fleire hundre år etter Svartedauden. På førstninga av 1600-talet førte dyre krigsutgifter til at Kongen trong fleire objekt å krevja skatt frå. Han gav derfor skattelette i tre år til personar som rydda opp att ein øydegard. Spikkeland blei likevel ikkje folka igjen før omkring 1640. Det var gjerne gardane som låg litt vanskelegare tilgjengeleg eller hadde kortare vekstsesong og hardare vilkår, som blei fråflytta først på 1300-talet og folka igjen sist på 1600-talet.

I 1665 hadde dei ikkje hest på Spikkeland, men fire kyr og seks småfe, alt ifølgje kommisjonen som reiste rundt på gardane. Desse tala skulle leggja grunnlaget for utmålinga av skatten og må i beste fall reknast som eit minimumstal, då bonden hadde interesse av å gje opp lågast mogleg tal. I skiftet etter Øyvind Anbjørnsen i 1682 står det likevel opprekna 8 kyr, 4 ungkyr, 5 kalvar, 26 vaksne sauer og 16 ungsauer, som skulle fordelast på arvingane.   Les mer …

Gamlehusa på bnr. 3.
Foto: Solveig Helle

Helle, uttales Hedde, er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har gardsnummer 171, og hadde tidlegare gnr. 2 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 173 og hadde gamalt matrikkelnummer 260.

Som spreidd utover – på ei slette på austsida av Kvina, mellom åskammar og knutar – ligg bruka på Helle. Vesterdalsvegen, rodevegen som blei anlagt gjennom Helle i 1899, må gjera ein sving her, rundt Hamaren, ein fjellformasjon som stikk opp midt på sletta.

Gardsgrensa mot vest følgjer Kvina frå Narvestad til Engedal, medan skiftet med Engedal går frå Lundalsfossen i Kvina over Stighommen og Årkleiva til Hommevatnet. Denne grensa blei gått opp i 1662. Den opphavelege grensa gjekk så vidare frå Hommevatnet og sørover i heia til skiftet med Versland og Sinland og deretter rett vest til Narvestad ved Nonansheia.

Helle grensar til Narvestad, Sinland, Borhommen, Årstøl og Knibestøl i sør, til Homme og Åmland i aust, Nedre Kvinlog i vest og Engedal i nord.   Les mer …

Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.

Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar også Narvestad til Spikkeland.

Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne bekken motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.   Les mer …

 
Se også:
 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Bygdebokprosjektet for Kvinesdal
ingen underkategorier
 
Andre artikler