Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.
Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951, måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.
Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.
Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.
Dokumentasjon
Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:
- Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
- Film, 8 mm, frå 1950-talet.
- Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag
- Notlaget frå Austefjorden. I: Årbok for Sunnmøre Museum Borgundgavlen, 1976.
Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar. Les mer …
Andreas Aarsetøy f. 1902 har skrive to stykke om Aarset notlag i Årbok 1976 til Sunnmøre museum s. 56 til 58. Det første gjev att eit dokument, «Overenskomst» frå 1897, som syner formalisering av samarbeidet etter «den gamle notlova» etter at notlaget har vore i drift i mange år. Det andre, «Notlaget frå Årset», syner kor nøgne dei var med kontraktar for drifta for ikkje å «ryke i tottane på kvarandre». Ved skriving av stykket har ein korrekturlese mot den orginale protokollen frå Årset notlag. Les mer …
Kart over indre del av Austefjorden Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv. Les mer …
Kart over indre del av Austefjorden Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då. Les mer …
Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910
Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.
Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.
Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs» Les mer …
Høydalen sett fra nord. (2009)
Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.
I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.
Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse. Les mer …
|