Lii (Bykle gnr 14/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lii
Byklum 53.jpg
Lii 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Lien
Rydda: 1875
Utskilt: 1878
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 3
Type: Småbruk

Lii ligg heilt på kanten av Gunhildsdjuvet ned mot Otra i Bykle. På vestsida grensar det mot Storemyr, i nord mot Innistog og Kosi, og på austsida er Haugebakk næraste grannen.

I den gamle gards- og ættesoga (133) les me at «Arne [Knutsson Byklum] kjøpte bruket frå Utestog i 1876. Dette er fyrste opphavet til Lii.» Det er rett at Arne Knutsson Byklum kaupte bruket av Utistog, men det var ikkje i 1876, og han var heller ikkje den fyrste som budde her. Opphavet til bruket var at Ånund Eivindsson Stavenes og familien hans sette seg ned som husmannsfolk her, og dette var i 1875.

Ånund Eivindsson Stavenes og Birgit Oddsdotter Byklum

Ånund var son åt Eivind Ånundsson Stavenes i Stigamidjom, gnr 17, bnr 20, og kona, Åse Tarjeisdotter. I den gamle boka (145) er Ånund og familien å finne under «Kosi, gnr 14, bnr 15». Nå er Kosi bnr 28, ikkje bnr 15, men det er heilt rett at Ånund også var den fyrste ein kan vita budde på den plassen. Men ettersom han var i Lii fyre han flutte til Kosi, har me valt å omtale han her. Etter dei namnereglane me har freista å fylgje i det meste av denne boka skulle Ånund ha vorte kalla Ånund E. Stigamidjom, men ettersom han heile livet nytta etternamnet Stavenes, skal me gjera det same:

  • Ånund Eivindsson Stavenes, f 1830, d 1903
g 1857 m Birgit Oddsdtr. Byklum, f 1833, d 1891. Born:
  • Knut, f 1856, d 1931, til Skafså 1882, g 1. 1883 m Anne Torjusdtr. Lone, Skafså, f 1845, d 1885, g 2. 1889 Anne Olavsdtr. Tveito, Skafså, f 1836, d 1925, 1900 sjølveigar Vestre Haugen, Skafså, gnr 47, bnr 2, 3 søner som døydde små, jfr. Mo bygdebok II, 56, 181, sjå også nedanfor
  • Åse, f 1858, d 1858
  • Eivind, f 1859, d 1927, g 1886 m Ingebjørg Eivindsdtr. Brokke, busett plass Hagen under Lunden, sjå Valle, VI, 424
  • Åse, f 1862, d 1865
  • Odd, f 1864, 1900 busett plass Brattedalen under Vestre Haugen, Skafså, g m Margit Kjetilsdtr., Skafså, f 1866, born, iallfall:
  • Birgit, f 1894
  • Ingebjørg, f 1896
  • Olav, f 1899
  • Åse, f 1867, d 1868
  • Mikkel, f 1869, d fyre 1900, g 1898 m Birgit Taraldsdtr. Homme, busett plass Brònen under Hommelunden, sjå Valle V, 500, born:
  • Jorunn, f 1871, g 1892 m Øyulv Torleivsson Lunden, busett m.a. Haugen og Jonsbakke under Løyland, av dei 10 borna deira vart 3 gifte med byklarar:
  • Knut, f 1902, busett Myri, Løyland, g 1938 m Gyro Olavsdtr. Hisdal, f 1915
  • Birgit, f 1906, g 1932 m Olav Knutsson Skarberg
  • Ingebjørg, f 1912, g 1939 m Mikkel Olavsson Hisdal, Jfr. Valle VI, 139
  • Åse, f 1875, 1900 tenestejente på plass Hagen under Lunden, seinare lagnad ukj., jfr Valle VI, 425

Birgit Oddsdotter var frå Austistog. Odd Tarjeisson på det bruket og kona, Jorunn Knutsdotter, var foreldra hennes.

Birgit og Ånund var fatigfolk, og som regel busetar kvarhelst dei fekk lov til å sleppe under tak. Dette førde til mykje flytjing og flakking. I 1858 budde dei i Stavenes, i 1859 i Tveiti, i 1862 atter i Stavenes, i 1865 var dei husmannsfolk på plassen Snorli under Gryte Midgarden i Fyresdal (jfr. Fyresdal II, 945), i 1867 i Trydal, frå 1869 til våren 1875 i Stavenes, men på slutten av det sistnemnde året var dei husmannsfolk her, så dei må ha kome hit og fått seg opp ei stoge i laupet av sumaren det året. Ånund var «husmand med lidt jord», seier folketeljinga, som også opplyser at han sat kreturlaus på plassen, og at heile sånaden var 2 tunner jordeple.

Nå var desse oppgåvene opptekne i plassens fyrste etableringsfase, og her skulle då truleg vore betringsvoner. Men i så fall slo dei ikkje til for Ånund Eivindssons del. I 1882 vart han dregen for retten avdi han hadde gått frå gard til gard i Austad sokn i Bygland og bede folk etter mat. I rettsreferatet står det mellom anna dette:

3die Tiltalte, Aanund Eivindsen Stavenæs, 54 Aar gammel, Husmand under Byklum i Bykle Sogn paa en liden Plads kaldet Lien, paa hvilken han kun kan føde 2 á 3 Kreature, og selv til denne lille Fødning maa han leie Slaatter. Avlingen ellers er yderst ubetydelig, og han staar fremdeles i Gjæld for den halve Kiøbesum for sin lille Stuebygning paa Pladsen. Han har Kone og 6 Børn, hvoraf de 3 ere uforsørgede (les: mindreårige). Han forsikrer at han stræver alt hvad han kan, og søger Arbeide hvor det kan findes baade hjemme og ude, men befinder sig alligevel i den yderste Armod, og lider stadig Mangel paa baade Klæder og Føde for sig og sin Familie, saamegetmere som han har en helseløs Kone. Han har faaet lidt Understøttelse af Fattigvæsenet af Hensyn til hans skolepligtige Børn indtil for omtrent 2 Aar siden, men da fandt Fattigvæsenet, at han fik prøve at hjælpe sig selv, saa han siden den Tid intet har faaet, uagtet han har fundet sig trængende til Hjælp, og ved sin Kone søgte fattigvæsenet herom. Han har af og til reist udenom Bygden for at søge Arbeide, og har undertiden bedet om Mad, naar han har været nødlidende. Han erkjender at han sidste Vinter bad 3die Vidne [Tarald O. Birkeland] om Mad, som han ogsaa fik, og det samme har været Tilfældet paa andre Steder, idet han nemlig reiste udover for at søge Arbeide. Han har aldrig før været tiltalt eller straffet for Betleri. Oplæst og vedtaget.

Sorenskrivaren fann nøgda av formildande omstende å leggje til grunn: Den sakgjevne var utan tvil «meget trængende», og Bykle var «ualmindelig øconomisk svagt [...] med ringe Evne til at sørge for sine Fattige». Dertil kom at 1881 hadde vore «Misvæxtaar», slik at folk hadde mindre mat enn vanleg vinteren etter. På denne bakgrunnen fekk Ånund sleppe med 4 dagar på vatn og brød i lensmannsarresten. Såleis fekk han i minsto noko å bite i den stunda.

Kor lenge han og familien budde i Lii etter den omtala rettssaka veit me ikkje for visst. Men det er rimeleg å gjeta på at dei var her til våren (14.4.?) 1885. Grunnen til at dei må ha reist innan då er at Torleiv Drengsson i Utistog i desember 1884 selde plassen, og at den nye eigaren ville flytje inn. Me kjem attende til han, men fyrst lyt me taka med at salet tykkjest ha vore fyrebudd lenge, ettersom plassen hadde vorte matrikulert til eit sjølvstendig bruk alt i 1879, og då vart tildela bnr 3. Vidare lyt me også fortelje litt meir om Ånund Eivindsson og folket hans.

Då dei laut reise frå Lii, flutte Ånund og huslyden hans til Kosi under Innistog. Der budde dei då Birgit døydde i mai 1891, og framleis då folketeljinga vart oppteke på slutten av det året. Etter dette er det ikkje meir å sjå til nokon av dei i Bykle. Kvar Ånund og dei yngre borna hans sidan gjorde av seg er då uvisst nok, men me reknar med at dei, iallfall beitevis, hadde tilhald hjå dei gifte borna.

Om Ånund nokon gong budde i Skafså, er likevel uvisst. Men i 1900 finn me han iallfall oppførd i folketeljinga som busett hjå dottera Jorunn på plassen Haugen under Løyland i Valle. Han var rett nok ikkje til stades då folketeljinga vart oppteke. Familien visste ikkje nett kvar han var, men opplyste at han var «ude paa Betleri», og folketeljinga gjev jamvel opp at han hadde «Betleri» til yrke. Tre år etter dette vart han gravlagd frå Byklum utan at me veit nøyare kvar han hadde halde til den siste tida, men ettersom han var fatiglem spørst det vel om han hadde noka fast adresse.

Der slepper me Ånund, og går over til Knut Ånundsson, eldstesonen. I familielista ovanfor går det fram at han gifte seg i Skafså i 1883 og 1889, men at ekteskapa hans ikkje resulterte i born som livde opp. Likevel hadde han to born etter seg. Fyrst var det sonen Knut, som kom til verda i 1878. Mor hans var Anne Kjetilsdotter Røysland, fødd 1843, død 1884. Ho var frå plassen Moen under Sygard Røysland. Etter at mora var død i 1884 budde Knut Knutsson og Olav Knutsson, ein eldre halvbror, fødd 1866, hjå morsystera på den nemnde plassen, sidan reiste båe gutane til Amerika (jfr. Valle VI, 490). Vallesoga opplyser at Olav tok ut i 1892, og i emigrantprotokollen frå Kristiansand ser me at Knut reiste 8.6. 1900, han vart då oppskriven med namnet «Knud K. Røysland». Ettersom me ikkje har lukkast i å finne han att i Amerika, lyt me sleppe han på dette punktet, og går då over til halvsyster hans.

For Knut Ånundsson hadde også dottera Birgit, som vart fødd i 1882. Mora var Ingebjørg Torleivsdotter Gjerden, dotter åt Torleiv Auversson i Nordstog og fyrste kona, Birgit Pålsdotter. Birgit Knutsdotter gifte seg i 1912 med Torleiv Knutsson Byklum, og budde med han i Haugen, gnr 14, bnr 22. Mor hennes gifte seg i 1893 med enkemannen Knut Pålsson Gjerden på plassen Kroné under Uppistog.

Arne Knutsson Byklum og Margit Olavsdotter Stavenes

Så langt komne kan me vende merksemda attende mot Lii. Me var ovanfor inne på at plassen gjekk på handel i desember 1884. Kaupesummen for eigedomen, som i og med denne handelen vart eit sjølveigande småbruk, var 200 kr. Kauparen var frå Juvet, son åt Knut Åvoldsson Byklum på det bruket og kona, Gro Arnesdotter.

  • Arne Knutsson Byklum, f 1848, d 1900
g 1877 m Margit Olavsdtr. Stavenes, f 1854, d 1919. Born:
  • Dødfødd gut, 1876
  • Knut, f 1878, til Amerika 1898, adresse og dødsår ukj.
  • Gro, f 1879, g 1899 m Pål Oddsson Byklum, sjå Holti, bnr 12
  • Åse, f 1882, g 1899 m Jon Knutsson Nesland, sjå Kosi, bnr 28
  • Olav, f 1884, g 1912 m Ingebjørg Helleiksdtr. Bratteland, sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1887, d 1889
  • Tarjei f 1889, d 1952, skomakar, busett Kristiansand, g m ukj., sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1891, g 1. 1915 m Ånund Andresson Byklum, g 2. 1921 m Bjørgulv Knutsson Nesland, sjå Hagen, bnr 24
  • Torleiv, f 1893, handikappa, d 1973, ug, busett Kosi, bnr 28
  • Knut Berg, f 1896, g 1. m Ingebjørg Olavsdtr. Hoslemo, g 2. 1934 m Margit Knutsdtr. Stavenes, sjå Berg, gnr 15, bnr 12
  • Birgit, f 1899, farmarkone, d 1990, utv. til Kanada 1924, busett Edgerton, Alberta, g 1924 m Sveinung Greibrokk, Byglandsfjord, f 1882, d 1937, born:
  • John, f 1924, g m Brenda, busett Saskatoon, Saskatchewan, sidan Kelowna, British Columbia
  • Arne, f 1925, busett Edgerton, sidan Wainwright, Alberta, g m Marion
  • Margit, f 1929, g m Ken Berg, busett Kelowna, British Columbia

Margit Olavsdotter vart oppskrive med etternamn Stavenes då ho gifte seg, så me går ut ifrå at ho har tent einkvarstad der. Foreldra hennes var Olav Salmundsson Tveiten i Åsdokk Trydal, gnr 17, bnr 21, og kona Åse Folkesdotter.

Etter at Arne Knutsson var død i 1900, såg ikkje Margit anna råd enn å sende sonen Tarjei på Waisenhuset i Kristiansand. Han vart sidan verande i den byen, og skreiv seg med etternamnet Arnesen. Han arbeidde som skomakar inntil han miste livet i ein brann i 1952. Han var gift og hadde iallfall ein son, Erling, som etter det me får opplyst ikkje lenger liver. Om det finst livande etterkomarar har me ikkje lukkast i å finne ut.

Olav Arneson Byklum og Ingebjørg Helleiksdotter Bratteland

Margit og dei heimeverande borna hadde gardsbruket saman til 1913, då ho skøytte det over på den eldste sonen:

Ingebjørg H. Bratteland, (1889-1991), som gifte seg med Olav Arneson i 1912. Biletet er teke fyre ho gifte seg. Frå Ingebjørg Vegestog.
Olav Arneson Byklum (1884-1965) og kona, Ingebjørg,Helleiksdotter, fødd Bratteland (1889-1991). Bilete frå Ingebjørg Byklum Pedersen.
Stoga i Lii frå 1949. Bilete frå Ingebjørg Byklum Pedersen.
  • Olav Arneson Byklum, f 1884, d 1965
g 1912 m Ingebjørg Helleiksdtr. Bratteland, f 1889, d 1991. Born:
  • Arne, f 1913, g 1939 m Gro Jacobsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Margit, f 1916, husmor, g 1943 m Olav Auversson Flateland, busett Åsen, Flateland, born:
  • Inga, f 1944, g 1964 m Augund Olsson Brottveit (jfr. Valle VI, 247 og III, 337)
  • Helleik, f 1918 byggmeister, busett Venesla, g m Tomally Flåt, Evje, f 1920, born;
  • Berit f 1944, busett Kristiansand, g m Harald Olsen
  • Odd Torleiv, f 1947, busett Kristiansand, g m Torhild Alise Vavik
  • Solfrid, f 1950, busett Kristiansand, g m Alf Øystein Nordahl
  • Eva f 1951, busett Kristiansand, d 1999, g m Einar Olsen
  • Ingrid, f 1958, busett Vennesla, g m Ole Voreland
  • Linda, f 1968 busett Vennesla, g m Rune Bjønnum
  • Knut, f 1920, d 1977, snikkar, busett Kristiansand, g m Åshild O. Glidbjørg, ikkje born
  • Olav, f 1923, snikkar, busett Kristiansand, g m Anne Sørlie, Vegusdal, born:
  • Oddmund f 1952, busett Marokko, g m Saddiyah;
  • Kåre f 1953, busett Kristiansand, g m Wigdis
  • Jan Helge, f 1957, d 1960
  • Irene Kristine, f 1962, busett Kristiansand, g hv m Dagfinn Bakke
  • Auver, f 1926, anl.arb., g m Ingebjørg Torleivsdtr. Haugen (Byklum), busett Haugen, ikkje born
  • Gunnar, f 1929, d 2000, maskinist til sjøs, sidan verkstadarb., busett Vennesla, g m Jenny Slettebø, f 1935, d 2000, born:
  • Sigrid, f 1933, g 1. m Sigurd Renander, f 1932, d 1963 Oppdal, busett Valle, g 2. m Ånund Abusland, f 1933, busett Hornnes (jfr. Valle VI, 249), born (i 1. ekteskap):

Ingebjørg Helleiksdotter var frå Nordstog Bratteland. Foreldra hennes var Helleik Auversson på det bruket og kona, Sigrid Tarjeisdotter.

Olav var ein strevsam kar, som var om seg etter arbeid kvarhelst det kunne vera noko å finne, fortel Olav G. Holen jr (Holen III, 60). Han leigde ein god slåtteteig i Nystøylmarka av Åsmund Drengsson Byklum, og hadde den ca 20 år. Vidare hadde han fast grusing for Statens Vegstell, og tente bra der. Elles var han med og køyrde heim vare til Bykle frå Byglandsfjord og Ose. Om Ingebjørg vert det fortalt at ho var så logn at ungane hennes aldri hadde sett henne sinna.

Arne Olavsson Byklum og Gro Jacobsdotter Hoslemo

Ingebjørg og Olav sat på bruket til 1944, då den eldste sonen overtok:

Gro og Arne Byklum. Biletet er truleg teke i 1980-åra, så Arne døydde i 1986. Frå Ingebjørg Byklum Pedersen.
Lii 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
  • Arne Olavsson Byklum, f 1913, d 1986
g 1939 m Gro Jacobsdtr. Hoslemo, f 1904, d 1994. Born:
  • Olav, f 1939, ing., busett Stavanger, g m Gunn Oddveig Grytøyr, Røldal, f 1948, born:
  • Lillian, f 1973, dagleg leiar, sb m Leif Ivar Ulnes, Stavanger, f 1971, busett Stavanger, 1 barn
  • Ånund, f 1942, d. 2016,[1] ind.arb., busett Kristiansand, ug.
  • Ingebjørg, f 1945, omsorgsarb., g 1.Einar Tormod Haugum, Åseral, f 1940, born:
  • Lisbeth, f 1972, sekretær g m Pål Terje Hodne, 1 barn
Ingebjørg g 2. 1990 m Olaf Pedersen, Sørøy, Finnmark, busett Kristiansand

Mor åt Gro Jacobsdtr. var Gyro Ånundsdotter Hoslemo. Faren heitte Jacob Torsson Hagen, fødd i Røldal 1879, busett i Vinje frå ca 1900, død der 1961.

Arne la ned eit stort dyrkingsarbeid på bruket sitt, og bygde mykje hus: I 1941 sette han opp uthus, og i 1949 hadde han ny stoge ferdig. Ho er i 1 1/2 høgd med ei grunnflate på 100 m². I 1967 reiv han uthuset frå 1941 og sette opp eit nytt og meir tidhøveleg.

I 1953 vart her registrert ein buskap på hest, 3 kyr, kalv, 22 sauer og 40 høns.

Etter det Hallvard O. Mosdøl har fortalt til Kurt Ole Linn (hovudoppg. historie, UiO 1995, 173) var Arne O. Byklum den fyrste i Kyrkjebygdi som skaffa seg traktor. Som fylgje av dette fekk han høve til å taka på seg pløgjing og dyrking for andre frå midten av 1950-åra og nokre år frametter.

Magne Henry Grannes og Astrid Åvoldsdotter Tveiten

Då Arne døydde i 1996 ervde borna eigedomen. Dei sat med han ei stund, men etterdi dei alle bur utanbygds, vart det til at dei selde han våren 2002. Den nye eigaren er frå Stavanger:

  • Magne Henry Grannes, f 1943
g 2003 m e Astrid Åvoldsdotter Tveiten f 1944

Magne Grannes er son åt Magnus og Agnes Grannes. Han er pensjonert, og arbeidde tildlegare som fengselsbetjent. Han har stelt opp husa på bruket, men halde på den gamle utforminga deira, bortsett frå eit lite tilbygg over inngangspartiet til stoga.

Astrid er byklar, og dotter åt Åvold Å. Byklum og kona, Birgit Pålsdotter, fødd Røysland. Då ho gifte seg med Magne, var ho enke etter Gunnar T. Tveiten, som døydde i 1998. I det fyrste ekteskapet sitt budde ho i Fådapen (bnr 20), og det står difor litt meir om henne i bolken om det bruket. Der vil ein også finne bilete av henne.

Eigedomen er på i alt 95 mål, av dette er kring 40 mål dyrka. Gardsdrifta er i dag avgrensa til ridehestar.

Referansar


0941 Bykle komm.png Lii (Bykle gnr 14/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Austistog • Neste bolk: Juvet