Lokalhistoriewiki:Hovedside
Sjekk ut på Lokalhistoriewiki
Smakebiter fra artiklene
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk. Les mer … Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt. Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen). Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser. Les mer …Oddvar Aas (født 12. desember 1910 i Hokksund i Øvre Eiker, død 26. juni 1989 i Oslo) var journalist, pressemann og diplomat. Han var journalist i Fremtiden og Arbeiderbladet før han ble ansatt i Utenriksdepartementet, der han arbeidet til han gikk av med pensjon i 1978. Oddvar Aas var sønn av lærer Hans Christian Aas (1867-1929) og lærerinne Oleanna Klara Evensdatter Laeskogen (1864-1940). De var i slekt og kom fra Toten. Aas vokste opp på småbruket Kantum ved Hokksund. Hans søster var billedkunstneren Hjørdis Aas Adler. Aas var gift med Hjørdis, født Bergstrøm (1910-1985).
I ungdomsårene skrev Aas revytekster til noen av de første Eiker-revyene sammen med svogeren Rolf Adler og den senere teatermannen Alfred Solaas, som i sin ungdom bodde hos familien Aas på Kantum. I disse revyene opptrådte både Aas og Solaas. Les mer …
|
Ukas artikkel![]() Statspolitisjef Karl A. Marthinsen etter å ha blitt likvidert i Blindernveien utenfor Oslo 8. februar 1945. Foto: Glomdalsmuseet (1945) Likvideringer under andre verdenskrig refererer til sanksjonerte drap på sivile utført av motstandsbevegelsen. Hovedårsaken til at slike likvideringer ble utført, var behovet for å sikre motstandsnettverk mot opprulling. Angivere og folk knytta til politiet var derfor ofte mål for likvideringer. Sanksjoneringen kunne enten komme gjennom en direkte ordre fra høyere hold, eller avgjørelsen kunne tas lokalt i henhold til fastsatte regler dersom likvideringen måtte foretas raskt for å sikre nettverket eller hindre at en planlagt aksjon ble forpurret.Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 866 artikler og 218 513 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |