Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.
Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken. Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.
Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959). Les mer …
Oddny Saltskår gifta seg i 1945 med Anton Hollevik. Mange av gjestane hadde óg vore motstandsfolk. Foto: Ukjend (1945)
Ethel Oddny Erine Hollevik f. Saltskår (fødd 8. februar 1918 i Brooklyn, død 18. august 2008 i Askvoll) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho vart arrestert så seint som våren 1945, men sjølv om fangeopphaldet vart kortvarig fekk hos store skadar som følgje av torturen ho vart utsett for.
I september 1944 hadde to mann frå heimefronten sett opp ein radiosendar, Cygnus, på Askvoll. Chester Saltskår var med som kjentmann, og Oddny Saltskår hjalp dei saman med kjærasten Anton Monrad Hollevik (1915–1984). Dei frakta mellom anna mat opp til skjulestaden. Det gjekk lenge bra, men ein angjevar tipsa tyskarane, som omringa garden. Telegrafistane hadde vorte henta ut dagen før, men Oddny og Anton Monrad vart arrestert den 16. mars 1945. Sjølv om det på den tida var klårt for alle at krigen snart ville vere over, haldt dei fram med å fengsle motstandsfolk. Ho vart sendt til Bergen kretsfengsel den 25. mars, med fangenummer 4855. Der var ho til 12. april, då ho vart sendt til Espeland fangeleir med fangenummer 1947. Ho slapp fri den 9. april 1945. Allereie den første dagen, medan dei framleis var på Staveneset, vart ho utsett for harde avhøyr med tortur. Etter krigen sleit ho med store helseskadar som følgje av dette. Først i 1960-åra fekk ho skikkeleg hjelp på Rikshospitalet, der dei kunne slå fast at både nyrer og eggstokkar var skadd. Ho arbeidde lenge for å få erstatning for krigsskadane. Les mer …
Rognaldsvåg skule Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda. Les mer …
Familien Tjønneland i 1933. Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 19. februar 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916. Les mer …
Vevring kommune frå aust mot vest. Redalsgrend foran og Vevringsfjorden med Flokenes bakom. Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953 Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.
I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².
Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal. Les mer …
|