Stord lærerskole
Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit.
Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.
Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.
Frå 1877 hadde lærarskulen eit mållag for elevane. Lærarskulen var frå kring 1870 eit viktig sentrum for målreisinga på Vestlandet.
Styrarar/rektorar
- Johan Carsten Emil Kierulff (ca. 1865). Kierulff var òg sokneprest på Stord.
- Kr. Lilloe (ca. 1900)
- Peter Vogelius Bredal Deinboll (1904-17)
- Severin Eskeland (1917-?)
Personar med eksamen frå lærarskulen
Navn | Eksamen | Yrkeskarriere | Samfunnsvirke |
---|---|---|---|
Henrik Eilert Brekke (1897-1995) | 1919 | Lærar i Brekke i Sogn 1919-20, Biri i Vestoppland 1920-? | Ap-politikar, ordførar i Biri 1935-51 |
Thorstein Eggum (1901-94) | 1922 | Lærar i Skjåk 1923-45 og Lier 1945-?. Styrar Egge skule 1950-? | Varaordførar (Ap) i Skjåk 1934-41. |
Halvor Fosmark (1860-1933) | 1883 | Lærar i Vardal ved Gjøvik. | Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10. |
Knut M. Frøyset (1857-1926) | 1880 | Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. | Aktiv lokalpolitikar i Kolbu. |
Sigurd Førsund (1884-1970) | Lærar fleire stader, frå 1919 i Etne. | Komponist, organist, norskdomsmann, lokalhistorikar og lokalpolitikar (Venstre). Skreiv melodien til «Å Vestland, Vestland». | |
Olav Gjørvad (1860-1951) | 1880 | Lærar ved Kviteseid Seminar og Vang høiere almueskole, lærar og klokkar ved Rud skole (Vestre Toten) 1891-1930. | Ordførar i Vestre Toten 1908-16, lokalhistorikar. |
Alvhild Granvin (1905-85) | 1926 | Lærarinne på Tessand skule i Vågå 1929-37 (ca.), Gjøvik skole 1937-? | |
Ove Wangensten Haug (1901-78) | 1922 | Lærar og klokkar i Jostedalen (1922-39) og Skjåk (1939-59), skuleinspektør i Skjåk frå 1959. | Ap-ordførar i Jostedalen 1938-39. |
Anders Hjellum (1870-1950) | 1891 | Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. | Sentral i mål- og fråhaldsarbeid i Jostedalen. |
Knut Kirkhorn (1830-1885) | 1850 | Kyrkjesongar i Hornindal frå 1852. | Stortingsrepresentant for Venstre og ordførar. |
Elias Melvær (1848-1924) | 1869 | Lærar fleire stader i Sogn og Fjordane, frå 1876 ved Fjordenes amtsskole. | Venstre-politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. |
Ole Nydal (1899-1986) | 1921 | Lærar og kyrkjesongar på Garmo i Lom (1921/22), Valderøy i Giske (1923-24), Lund skole i Kolbu på Toten (1924-35), Kirkenær skole i Kolbu 1935-46, Bjørnsgård skole Ø. Toten (1946-50). Skoleinspektør i Ø. Toten 1951-64. | |
Olav Sande (1850-1927) | 1871 | Lærar i Leikanger frå 1872. | Folkeminnesamlar, tonediktar og målmann. |
Kolbein Skaare (1873-1932) | 1890-åra? | Lærar og kyrkjesongar i Skjåk frå 1898. | Lokalpolitikar i Skjåk, ordførar for Arbeiderdemokratene 1914-16 og 1920-22. |
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) | 1895 | Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? | Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933. |
Ole Strømme (1856-1940 | 1877 | Lærar i Austevoll 1878-1823, klokkar 1878-1936 | Ordførar i Austevoll 1886-1913 |
Magnus Takle (1883-1971) | 1904 (ca.) | Lærar i Jostedalen 1904-07, Årdal 1907-15, Tasta i Stavanger 1915-48. | Fyrste leiar i Jostedal mållag, skrivar i Rogaland Venstre. |
Mons H. Takle (1877-1958) | 1898 | Lærar i Jostedalen 1899-1903, Lindås til 1917, Brekke 1919- | Mållagsmann, ordførar (V) i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934. |
Lasse Trædal (1857-1924) | 1878 | Folkehøgskulemann og lærar | Målmann, ordførar (V) i Lavik 1905-13, stortingsrepresentant (V) 1900-03 og 1909-15 |
Johan Tufteland (1913-88) | 1942 | Lærar i Austevoll, i Bergen, på Kvitsøy og i Kvam. | Lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. |
Jens Tvedt (1857-1935) | 1878 (ca.) | Lærar i m.a. Fana og Kvinnherad. I Stavanger 1882-99. | Sjefsbibliotekar i Stavanger 1901-35, forfattar. |
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) | 1850 (ca.) | Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). | Ordførar i Jostedalen 1853-56. |
Kåre Øvregard (1933-) | 1957 | Lærar Sperle skule i Jostedalen 1957-62, styrar Gaupne skule i Luster 1962-75. | Ap-politikar, ordførar i Luster 1975-77, stortingsmann 1977-89. |
Jacob Aaland (1865-1950) | 1884 | Lærar i Sigdal 1884-86, Brevik 1887-90, Kragerø 1891-92, Bergen 1892-1932. | Bygdebokforfattar (Nordfjord). |
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1865 for Stord
- Folketeljinga 1900 for Stord
- Lærarutdanning på Stord gjennom 150 år : jubileumsskrift : Storøens seminar 1839, Stord lærarhøgskule 1989.
- Statsbygg.no: Verneverdig høgskole.
- Wikipedia på bokmål: Stord lærarhøgskule (vitja 31/7 12).