Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Systog 5.9.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.

Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her.   Les mer …

Hagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Hagen i Bykle ligg mellom Haugebakk og Øystre Haugen, rett nedanfor Samyrkelaget.

I utgangspunktet var det plass under Uppistog Byklum, og den fyrste som budde her var Andres Olavsson. Då han gifte seg, vart han oppskriven i kyrkjeboka med etternamn Tveiten, og med det namnet finn me han også i den gamle gards- og ættesoga (144). Men tilknytinga hans til Tveiti var ikkje annleis enn at han hadde vore dreng der ei tid. Foreldra hans, som heitte Olav Tarjeisson Nesland og Ingebjørg Andresdotter, fødd Brotteli, budde på Strandestøyl. Dei er omtala i bolken om den verestaden, og sonen skulle difor ha vorte oppførd med etternamnet Strandestøyl i denne boka. Men ettersom han, etter at han flutte åt Hagen, alltid tykkjest ha vore omtala med etternamn Byklum, skal me gjera det same.   Les mer …

Tveitvodd 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Tveitvodd, som i utgangspunktet var berre ei hustuft med ein jordflekk innåt, ligg mellom den gamle og den nye riksvegen midt i Byklebygdi, like vestom og nedom kyrkja. Det kom til i 1886, då Mikkel Tarkjellsson Rygnestad på Sygard Nesland kaupte dette jordstykket av Gjermund Gunsteinsson i Uppistog. Kaupet vart ikkje tinglyst, men det er likevel sikkert nok at det har funne stad. Kjelda vår er lensmann Lund, som undersøkte eigartilhøva her i samband med ei rettssak i 1888.

Mikkel T. Rygnestad sette opp nokre gamle hus frå Nesland her, og sikta på å drive handel, noko han tidlegare hadde gjort både på Stigamoen og i Mosdøl. Men i staden vart det til at han dreiv gardsbruket sitt i Sygard Nesland, som han i 1885 hadde kaupt på auksjon i namnet åt sonen, Arne. Arne Mikkelsson på si side dreiv handel her i namnet åt faren. Meininga med denne skipnaden var truleg å sikre seg at dei fekk behalde garden, dersom handelsverksemda skulle gå over ende. Lensmann Lund tykte det var ei uryddig ordning, og kommenterte henne som fylgjer:

Hvorledes Forholdet er mellem Fader og Søn er ikke let at oplyse. Sønnen styrer Faderens Handel, og Faderen driver Sønnens Gaard. Jeg kan derfor ikke afgjøre paa hvem

Ansvaret for [...] Handelen paahviler.

Nå var det nok likevel ingen tvil om at det var Arne som hadde ansvaret for kråmbua. Etter det han sjølv opplyste i retten hadde han ei heilt sjølvstendig stilling som handelsstyrar. Det var han som tinga varene, selde dei att, og skreiv under på alle nødvendige papir. Når butikken sto i namnet åt faren, var det berre avdi det var han som hadde løyst handelsbrev, sa han.   Les mer …

Vodden Nesland i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.

  • Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
  • Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
  • Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.

Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.

Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar.   Les mer …

Åsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.

Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.

Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet.   Les mer …

Stoga i Hovden Der nede 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Der nede, Hovden der nede eller Der nor, er gardsnummer 1 blant Hovdengardane i Bykle kommune.
Rudkallen i Hovden het Lei’uv. Men Hovden var eldre gard enn Breivi; det kann ein sjå av det at Hovden hev næraste heidemarki. Breivingane laut heilt austom Hovde-eigni med sine støylar og slåttor.
Såleis står det å lesa i Gamalt or Sætesdal (II, 8), og tradisjonen har tvillaust rett i at dette er mykje gamal busetnad. Eldre enn Breive er han nok likevel ikkje, for der kan arkeologane melde om jordbruk så tidleg som frå 500-talet. Men frå Hovden fortel dei om jernvinne attende til 800-talet, og ettersom denne aktiviteten tykkjest ha vore driven på heilårsbasis, skal me altså rekne med fast busetnad frå vikingtida og frametter. Resonnementet om at den garden som hadde dei næraste heiane lyt vera den eldste, fyreset at hei- og fjellstrekningar ikkje kan ha skift eigar i eldre tid, men den fyresetnaden er nok ustø. Eit stykke ut i gardssoga finn me også ein Leidulv, som budde her, men nokon rudkall var den mannen ikkje.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lesne artiklar