M/K «Hermes» ble bygd ved J. M. Klevset båtbyggeri, Skålvikfjorden på Nordmøre, i 1937 for stortingsmann Paul Dahlø fra Sør-Frøya. «Hermes» er en såkalt «Nygaardsvoldkutter», også kalt «statsbåt». Betegnelsen henspiller på det hjelpeprogrammet Arbeiderpartiet satte i gang i 1930-årene for å bedre vilkårene for kystfiskerne. I 1930-årene var økonomien i fiskeriene svært dårlig, og mange holdt fremdeles fast på de åpne båtene. Nygaardsvoldkutterne bidro til både å øke sikkerheten og bedre arbeidsforholdene for fiskerne. «Hermes» er skrogmessig uendret siden den ble bygget i 1938, og riksantikvaren har valgt å prioritere «Hermes» som representant for denne viktige epoken i norsk fiskerihistorie. Les mer …
Heradsstyret på Utsira 1926–1928, med elleve kvinner og ein mann. Aasa Helgesen er nummer 8 på biletet. Frå Inntrøndelagen sitt julenummer 1925.
Aasa Helgesen (fødd 11. februar 1877 i Bjelland, død 29. april 1968 på Utsira) var første kvinnelege ordførar i Noreg, i Utsira kommune frå 1926 til 1928. Ho var med dét også Europas første kvinnelege ordfører.
Ho var dotter av gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902), og voks opp på husmannsplassen Røinesdal i Bjelland, no i Lindesnes kommune. Etter grunnskulen blei ho hushjelp hos ein bonde der. Med et garanti for eit lån på 300 kroner frå bonden og lensmannen kunne ho utdanne seg til jordmor i Kristiania. Då ho var ferdig utdanna i 1902 prøvde ho å få jordmorjobben i Bjelland, men blei innstilt som nummer to og måtte søkje andre stader.
Aasa Røinesdal fekk i 1903 jobben som jordmor på øya Utsira i Rogaland, utafor Karmøy. Den gongen tok det ni timar med båt ut dit, og det var ein stor overgang frå skogsbygda ho hadde vokse opp i. Ho blei raskt kjend med folk på Utsira, og fann seg godt til rette. Ho møtte mellom anna fiskaren Sivert Helgesen (1883–1941), som ho blei gift med den 24. juni 1907. Dei fekk åtte born: Karoline, Solveig, Johan, Olaf, Sigurd, Louise, Thomas og Arne.
Den 1. juli 1924 blei Utsira eigen kommune, etter å så langt ha vore ein del av Torvastad kommune. Det blei utpeika eit mellombels heradsstyre, og Sivert Helgesen blei første ordførar. Første val i den ny kommunen blei halde den 29. oktober 1925. Det var eit reint fleirtalsval, utan omsyn til lister. Det blei sett opp ei kvinneliste med tolv namn, mellom anna Aasa Helgesen. Så hende det at elleve kvinner og ein mann blei valde. Les mer …
Olavskyrkja på Avaldsnes. Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad. Les mer …
Kystlaget Kormt på Haugalandet ble stiftet 11. april 1983. Kystlaget ble startet på Karmøy av folk fra Karmøy, og det var naturlig å finne et navn som knyttet lokallaget til øya. Valget falt på KORMT. Ordet Kormt er det norrøne ordet for Karmøy. Hovedtyngden av medlemmene kommer fremdeles fra Karmøy, men Haugesund kommune er også godt representert sammen med de øvrige nabokommuner. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Les mer …
|