Torleiv Årrestad Foto: Norske skolefolk (1952) Torleiv Årrestad (fødd 18. desember 1905 på Årrestad i Time, død 30. september 1998) var lærar. Han skreiv seg fyrst for Aarrestad, men bytta til Årrestad, noko som òg står på gravminnet på Undheim kyrkjegard.
Han var son av bonde Peter Nilsen Aarrestad og Malena Napoleonsdatter f. Njølstad. Torleiv Aarrestad tok eksamen ved Stord lærarskule i 1926.
Som nyutdanna var han vikar i tre år, før han i 1930 vart tilsett i krinsane Leknesund og Austrefjord, Solund kommune. I 1933/34 arbeidde han i Straumen skulekrins i Solund. Etterpå var han lærar i Tunheim krins i Time. Les mer …
Steinrøys om lag der gamleskulen på Fedjane stod før i tida. Dagens Feios skule er det røde bygget lenger ned Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fedje skule låg på Fedjane gard i Fedje skulekrins berre kort avstand frå dagens skule på Feios frå 1959, i Vik. Fedje skule som den heite må ha fått skulestove rimeleg tidleg, for allereie i 1863 står det i karakterprotokollen for Rinde sokn ( Fedje, Dale og Berdal) at skulen blei halden i "kredsstuen" på Fedje av lærar Knud Chr. Hamre. Saman med sokneprest Johan Haslund har også Christen Fedje undertekna protokollen, truleg som skulestyrar og representant for lokalsamfunnet. I femårsmeldinga frå 1896 for Leikanger kan ein lese detta om skulen: " Fedje skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 32 børn) og et større loftsværelse, der du kan benyttes til sløidlokale, samt lærerbolig nemlig: stue, kammer, et loftsværelse, kjøkken, gang og kjælder." Les mer …
Det gamle skulehuset i Sperla står rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen.
Sperle skule er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa då dei to skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem midt på 1800-talet. Krinsen vart på 1800-talet kalla Kirkerodens kreds eller Kirkekredsen. Han femnde om heimane mellom Fossøygjelet og Gardsgjelet, det vil seie frå og med Fossøyane (under på matrikkelgardane Fossen i sør, og nordover med alle heimar under Sperla, Åsen og Nedrelid. Krinsen grensa i sør mot Myklemyr krins og i nord mot Kreken krins. Les mer …
|