Forside:Arkivvesen

Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Geburtsdagsselskap i Nergarden Drogset i Snertingdalen (gnr. 108/5) sommaren 1957. Anne Saksberg vart 75 år. Sigurd og Anne Saksberg flankert av barn og barnebarn. Bak frå venstre står Sigbjørn Saksberg, Ragna Enger, Anne Karin Saksberg, Alf Saksberg, Solveig Hvalby, Arvid Hvalby, Ester Engen, Odleif Saksberg (delvis skjult) med Wenche Saksberg på armen, Arne Engen. Foran er Hans Enger, Ragnar Enger, Thore Saksberg, Anne Solfrid Saksberg og Astrid Hvalby. Til høgre for Anne Saksberg er muligens Knut Engen.
Foto: Ukjent
(1957)

NEG 130 Fødselsdagsfeiring er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1980 med tittel Fødselsdagsfeiring. Utsendar var Anne Moestue.

Denne spørjelista har samanheng med spørsmåla som er stilt om bursdagar i NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar i 1953 og NEG 278 Hurra for deg! Om å feire bursdag i 2023.   Les mer …

Malm Fråhaldslag i Verran, Steinkjer, 1952.
Foto: Ukjent
NEG 106 Foreninger og organisasjoner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Foreninger og organisasjoner. Utsendarar var Andreas Ropeid og Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Stabbur og jordkjellar på Teigen i Klæbu.
Foto: Astrid Grendstad
(2014)
NEG 91 Vern mot frost er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1962 med tittel Vern mot frost. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Inngangskoner av Harriet Backer (1892) Motivet er frå Stange kyrkje på Hedemarken.
NEG 49 Kyrkjelege skikkar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Kyrkjeleg folkelivsgransking - Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk. Utsendar var Kristofer Sydnes ved Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedømme. Det vart i 1955 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 49t Kyrkjelege skikkar. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 49 Kyrkjelege skikkar. Det vart også sendt ut ei ny liste i 1957 med ytterlegare spørsmål, NEG 67 Skikk og bruk ved gudstjenesten og ved de kirkelige handlinger.   Les mer …

Mugger og kaffekanne, Hverdagslivets kulturminner.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen
(2009)
NEG 160A Tingene og vi er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1991 med tittel Tingene og vi. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander. Svara til denne spørjelista er arkivert under arkivsignaturen NEG 160 i lag med NEG 160B Tingene og vi (kortversjon).   Les mer …

Torvhesje på Galtedalsmyran som høyrde til Nordistog Tveito i Lårdal.
Foto: Olav L. Tveito (1967).

Lårdal torvstrøylag blei truleg oppretta ei gong på byrjinga av 1900-talet. I rekneskapsprotokollen frå laget går det fram at eit "Torvstrøanlæg" blei starta i 1906. Anlegget var eit aksjeselskap, og i løpet av året vart det kjøpt 29 aksjer av 10 kroner. I den same protokollen ser det ut til at selskapet har endra namn til Eik torvstrøyfabrik i 1909. Anlegget låg ein eller annan stad i Lårdal i noverande Tokke kommune.Fylkesagronom Ambr. Sollid skreiv i 1909 at Lårdal hadde lite skikka mosemyr, og ein måtte reise langt for å finne egna myrer. Torva frå Lårdal blei turka på hesjer med eit tett tak over. Etter at den var tørr blei den transportert 2-3 kilometer til «rivehuset», der torvstrøriveren blei drive av vasskraft. Kvar dette anlegget låg er det i dag ingen som veit.

Torvstrøet blei oppbevart i rivehuset fram til det vart henta av gardsbrukarane. Grunna den lange transportetappa frå hesjene til rivehuset blei produksjonskostnaden høg samanlikna med produksjonen elles i regionen, og det er grunn til å tru at produksjonen ved anlegget ikkje varte spesielt lenge. "Torvstrømyren er neppe ovet 2 maal stor, men meget dyp", skriv Sollid, og seier det også fanst ein del privat torvstrøproduksjon i den gamle kommunen.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar