Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneRasmus Løland (fødd 24. mai 1861 i Suldal, død 12. oktober 1907 i Asker) var forfattar og målmann. Mest er han kjend som barnebokforfattar, og som ein fornyar av den sjangeren. Også som organisasjons- og bladmann innan norskdomsrørsla gjorde han seg mykje gjeldande. Han var ein av dei sentrale landsmålsstrategane som tilhøyrde den såkalla Askerkretsen rundt førre århundreskiftet.Rasmus Løland var bondeson, fødd og oppvaksen på garden Løland ved Hylsfjorden, i Sand i nåverande Suldal kommune i Ryfylke.Heilt frå barndomen av var Løland nokså veikhelsa, mellom anna med hjartefeil og nerveproblem. Han budde heime på garden til i vaksen alder, til han flytta til Bergen som trettiåring i 1892. Han reiste til Kristiania tre år seinare, og vart buande der fast frå 1897. Heime hadde hjelpt broren Lars med gardsdrifta, men tungt kroppsarbeid tåla Rasmus dårleg, så han skøytte heller på inntektene med å lage sopelimar og tiner og slikt noko. Da broren hadde overteke garden etter foreldra, vart det avtala at Rasmus skulle «kome på folga», dvs. ha underhald av garden så lenge han levde. Dei rekna ikkje med at han kom til å bli i stand til å forsørgje seg sjølv. Dette var nok bakgrunnen for at han i lokalmiljøet gjekk under tilnamnet Tussen.Da han flytta til Kristiania i 1895, var Løland alt ein etablert og særs produktiv forfattar. Det skal ha vore forlagsredaktøren Bertrand Jensen som fekk Løland til å slå seg ned i hovudstaden. Dei fyrste forteljingane hans hadde kome på prent i 1888, og i 1891 gav Mons Litleré ut den fyrste boka frå Lølands hand, Folkeliv. I 1892 kom heile tre bøker: Skuld og barnebøkene Ungar og Paa sjølvstyr. Året etter kom Skattegravaren, og i 1894 Kor vart det av jola? (barnebok). Alt i alt gav han ut om lag 30 bøker, i tillegg til ei lang rekkje artiklar og forteljingar i blad. Les mer …
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke. Les mer … Oddvar Aas (født 12. desember 1910 i Hokksund i Øvre Eiker, død 26. juni 1989 i Oslo) var journalist, pressemann og diplomat. Han var journalist i Fremtiden og Arbeiderbladet før han ble ansatt i Utenriksdepartementet, der han arbeidet til han gikk av med pensjon i 1978. Oddvar Aas var sønn av lærer Hans Christian Aas (1867-1929) og lærerinne Oleanna Klara Evensdatter Laeskogen (1864-1940). De var i slekt og kom fra Toten. Aas vokste opp på småbruket Kantum ved Hokksund. Hans søster var billedkunstneren Hjørdis Aas Adler. Aas var gift med Hjørdis, født Bergstrøm (1910-1985).
I ungdomsårene skrev Aas revytekster til noen av de første Eiker-revyene sammen med svogeren Rolf Adler og den senere teatermannen Alfred Solaas, som i sin ungdom bodde hos familien Aas på Kantum. I disse revyene opptrådte både Aas og Solaas. Les mer …
|
Ukas artikkelSigny Anette Arctander (født 26. oktober 1895 i Bergen, død 23. september 1971 i Oslo) var samfunnsøkonom og statistiker, gjennom hele sin yrkeskarriere tilknyttet Statistisk sentralbyrå. Hun hadde i etterkrigstiden ledende stillinger i byrået, og mellom 1960 og 1963 var hun konstituert direktør. Arctander var sosialt interessert, både innen sin forskning og når det gjaldt ulike former for frivillig arbeid. Under krigen var hun engasjert i illegalt arbeid og satt en periode på Grini med fangenummer 13742. Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 455 artikler og 218 017 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |