Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie. Les mer …
Sjekte, også kalt snekke og kogg, er benevnelse på en åpen spissgattet robåt og en tyngre åpen, spissgattet båt for seil, årer og motor. Den var på rundt 15 til 20 fot, utstyrt med 2 til 4 årer og hadde ofte en liten seilrigg, bestående av spriseil og fokk. Senere ble sjekta utstyrt med motor og ble kjent under benevnelsen motorsjekte. Sjekta er klinkbygd, og stevnen er som regel reist rett på kjølen, forsterket av et krumvokst kne, kalt stavnkne. Sjektene stives av tverrskips ved å feste en eller flere tofter til bordgangene på hver side med tofteknær. Spantene eller bandene er som oftest delt. Sjektene var mest utbredt på Sør- og Østlandet. Les mer …
Politikeren og næringslivsmannen Gunnar Knudsen. Foto: Fra boka Ljos over Telemark av Stranna, Olav, utgitt av Erik St. Nilssen. (1937)
Gunnar Knudsen, egentlig Aanon Gunerius Knudsen (født 19. september 1848 på Saltrød i daværende Austre Moland kommune, død 1. desember 1928 i Gjerpen) var politiker ( V), skipsreder, ingeniør og industribygger. Knudsen satt på Stortinget i de fleste periodene i tiden 1892 til 1921. Han satt i flere regjeringer og var selv statsminister i årene 1908 til 1910 og 1913 til 1920, altså under første verdenskrig. Han var kjent som en patriarkalsk bedriftsleder som var en sterk, selvbevisst og myndig personlighet og leder. Han var omstridt, men prøvde å virkeliggjøre den britiske sosialliberalismens idéer om individet som et selvstendig, men også sosialt avhengig vesen, slik at staten må ha en regulerende funksjon i samfunnslivet og legge til rette for sosialt forsvarlig og ansvarlig individuell utfoldelse. Knudsen var en markert statsmann som satte dype spor etter seg i norsk politikk og samfunnsliv. Les mer …
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag. Foto: Gunnar B. Holen.
Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen ( Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen ( Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare. Les mer …
Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987. Foto: Aanund Olsnes
Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er om lag 2 km.
Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):
| Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.
|
|
|
Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det. Les mer …
Våningshus og lopt i Midbø Breive 18.8.2005. Foto: Aanund Olsnes (2005) Midbø eller Der sø er bruksnummer 7 på matrikkelgarden Breive i Bykle kommune. I artikkelen om matrikkelgarden har me peika på at den fyrste delinga av Breive var ei todeling, og at dei to einingane som kom fram ved denne delinga vart kalla Der nor (eller Nor i stoga) og Der sø (eller Su i stoga). Sidan vart båe desse dela på nytt, og dei gamle namna svara ikkje lenger til det lægjet bruka hadde i tunet. Då vart Der nor av uti Der inne (og seinare Haugen), medan Su i stoga eller Der sø vart til Midbø. Me har kome til at bruket her er det nest eldste, eller, om ein vil, det som vart fyrst utkløyvd frå den udela garden.
Den fyrste kjende oppsitjaren på denne eininga var ein mann som heitte Salmund. Johannes Skar har ei forteljing etter Svein Hovden om ein med det namnet, og Olav Bø har kome til at dette må vera den same Salmund-en som er den fyrste me kjenner frå skriftlege kjelder. I kommentaren sin til denne soga ( Gamalt or Sætesdal III, 340) peikar Bø på at «forteljinga er mykje blanda med andre forteljngar om storskyttarar, m.a. Dyre Vaa frå Telemark og Per Gynt frå Gudbrandsdalen» og at «alle desse er historiske personar frå om lag same tida». Vidare er også «mykje folketru om jakt og veiding blanda inn i segnene om Salmund», seier han. Les mer …
Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/ Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet. Les mer …
|